Bayern Münchens opplading til oppgjeret i kveld var ikkje av det fredelege slaget.
I underkant av eit minutt small det kraftig rett utanfor hotellvindauga klokka 01.15 i natt.
Fyrverkeria blei sendt opp rundt klokka 01.15 i natt.
Himmelen over sentrum lyste opp, og fleire av lysa på hotellromma blei raskt skrudd på som følge av det plutselege spetakkelet, ifølge Stavanger Aftenblad.
Aksjonar som dette, er eit velkjent fenomen i europeisk toppfotball.

Spelarbussen til Bayern München utanfor hotell Atlantic i går.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
– Det er litt sånn klassisk supporterkultur, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.
– Det å gi eit lite stikk i sida til motstandaren, for å sette dei litt ut av spel. For å gi seg sjølv ein liten fordel inn mot kampen i kveld.
Han er i byen i anledning kampen i kveld, og vakna sjølv av fyrverkeria.
– Eg høyrde det, så eg vakna av at det smalt skikkeleg.
Vist bort nokre ungdommar
Det er likevel, etter alle solemerke, første gong eit gjestande storlag opplever denne typen «mottaking» i Stavanger.

Det var mange som hadde møtt opp utanfor spelarhotellet til dei tyske stjernene i går.
Foto: Adrian Fosse Årthun / NRK
Det er foreløpig ikkje kjent kven som stod bak fyrverkeriet.
– Det er vist bort ein del ungdommar. Dei er mellom 16 til 21 år. Det var ein gutegjeng som var i sentrum, seier operasjonsleiar Rune Tallaksen til NRK.
Han seier at politiet først blei varsla av dei som budde på hotellet, og sende ein patrulje ned til sentrum.
Fyrverkeria skal ha bli sendt opp rundt 500 til 600 meter frå hotellet.
Viking møter Bayern München tysdag klokka 21. Dette er Vikings første heimekamp i Meisterligaen nokosinne.
Publisert
Oppdatert


