Det blir ein heilt spesiell kamp for Aston Villa sin dødballtrenar Pål Fjelde når Premier League-klubben møter Viking i Meisterligaen i kveld.
Følg kampen på NRK Sport frå klokka 21 i kveld.
Fjelde, som også er dødballtrenar for det norske herrelandslaget, har nemleg ei fortid som både spelar og assistenttrenar i stavangerklubben.
I tillegg er dødballeksperten oppvaksen på Jørpeland, ein halvtimes biltur frå Stavanger.
– Det blir veldig spesielt og møta Viking i Europas største klubbturnering på Villa Park. Eg har sjølv spelt med fleire på laget og hatt fleire som trenar.
– Trenarteamet kjenner eg også godt. Men det blir kjekt, og eg gler meg, seier Fjelde.

Pål Fjelde fekk sin eliteseriedebut for Viking mot Stabæk sommaren 2014.
Foto: Carina Johansen / Carina Johansen / NTB
Noregs beste dødballag
Han er fullstendig klar over at Viking er Noregs klart beste lag på dødball.
Dei mørkeblå toppar statistikken over dødballmål i Eliteserien med 16. Det er seks fleire enn Bodø/Glimt på andreplass.
Viking skåra også mål på corner berre eit drygt minutt ut i den elleville 3-3-kampen mot Bayern München i Stavanger.
– Me må vera obs på at dei er gode på dødball. Me førebur oss så godt som mogleg til alle kampane, og det blir ikkje noko unntak med Viking.
– Korleis skal Villa stoppa dødballstyrken til Viking?
– Nei, det kan eg ikkje seia, ler Fjelde, før han legg til:
– Det blir å analysera og sjå på kva dei er gode på, og så legg me ein plan etter det.

Pål Fjelde då han var dødballtrenar i Burnley. Han gjekk til same rolle i Aston Villa i sommar.
Foto: Burnley FC
Viktig brikke for landslaget
Dødballtrenar Fjelde er ei viktig brikke for Aston Villa – og ikkje minst for Ståle Solbakken og det norske landslaget.
Han fekk mykje merksemd for det innøvde trekket der Erling Braut Haaland skåra det avgjerande 3-2-målet mot Danmark i Nasjonsligaen i september.
Fjelde blei heidra med eit kyss av den norske stjernespissen etter målet.
– Har du pønska ut ei ny overrasking mot Viking, slik du gjorde då Haaland skåra vinnarmålet mot Danmark?
– Ja, det kan godt vera. Eg kan ikkje seia for mykje om det. Men me førebur oss godt både offensivt og defensivt. Det er ein viktig kamp for oss.

Pål Fjelde er også dødballtrenar på landslaget. Her i samtale med landslagssjef Ståle Solbakken.
Foto: Annika Byrde / Annika Byrde / NTB
Ikkje overraska over Viking-suksess
Dødballeksperten og resten av Aston Villa-leiren har naturleg nok lagt merke til 3-3-bragden til Viking mot det tyske storlaget Bayern München.
Men den tidlegare Viking-spelaren og assistenten er ikkje overraska over det sterke resultatet i Jåttåvågen.
– Viking er gode på heimebane og har gjort det veldig godt dei siste par åra. Dei har mange gode spelarar, sleppt inn lite mål og skåra mange. Det blir gjort eit godt stykke arbeid i Stavanger, så får me håpa dei slakkar litt av mot oss i kveld.
Blir hylla av manageren
Aston Villa-manager Unai Emery rosa Pål Fjelde på pressekonferansen til Villa tysdag.
– Pål er ein fantastisk fyr. Han kom til oss i sommar og har jobba godt med å heva prestasjonane våre på dødballar. Eg er veldig fornøgd med han, me deler mykje og har mange samtalar om dødballar.
– Han er ung, men han har også ein bakgrunn som spelar som hjelper han med å forstå dødballar. Eg håpar me kan utretta gode ting saman, seier Emery.

Aston Villa-manager Unai Emery.
Foto: Reuters
Tripic: – Blir utruleg kult
Viking-kaptein Zlatko Tripic har nok få planar om å setja bremsene på i Birmingham i kveld.
Han trur ikkje Villa blei skremt over Viking sin prestasjon mot Bayern, men trur dei er klar over at siddisane kan skapa trøbbel for alle lag.
– Det blir utruleg kult å møta eit så godt fotballag som Aston Villa. Det er også kult at ein gammal kjenning jobbar der.
– Er det fordel for Aston Villa at dei har ein dødballtrenar som kjenner Viking så godt?
– Han har nok litt informasjon, men samstundes gjer me ein del nytt samanlikna med då han var her. Alle lag har også tilgang til videoar av alle kampane våre, men forhåpentlegvis skal me komma med overraskingar og skapa trøbbel for dei.

Viking-kaptein Zlatko Tripic håpar på ei ny bragd mot Aston Villa i kveld.
Foto: Carina Johansen / Carina Johansen / NTB
Kapteinen legg ikkje skjul på at dødball er ein viktig del av spelet til Viking.
– Dødball er viktig for alle lag. Då Arsenal vann Premier League i fjor, var dei også det beste laget på dødball. Det er ein stor del av fotballen.
Viking fekk 1850 bortebillettar til kampen mot Aston Villa. Alle billettane blei rivne vekk på kort tid.
Publisert


