– Det hadde vore kult, men det viktigaste er at me klarer å avslutta sesongen på ein god måte, seier Viking-kaptein Zlatko Tripic.
Det ligg an til ei skikkeleg thriller-avslutning på årets Eliteserie.
Viking og Bodø/Glimt har både like mange poeng og lik målforskjell når det står att fem serierundar.
Søndag klokka 14.30 møter Glimt rivalen Tromsø på bortebane i «Slaget om Nord-Noreg», og klokka 17 same dag tar Viking imot KFUM på eige kunstgras.
– Dei fem siste seriekampane blir som fem cupfinalar for oss. Me har sjukt lyst til å vinna seriegullet og gjenskapa det me klarte i fjor, seier Viking-trenar Morten Jensen.

Viking-trenar Morten Jensen med lue på trening. Men på kampen mot KFUM søndag blir det igjen kaps, lovar han.
Foto: Øystein Otterdal / NRK
Eksklusiv stjerne
Dersom Viking kjem sigrande ut av gullduellen, og tar sitt andre strake seriegull, står dei mørkeblå med totalt ti seriegull i klubbhistoria.
Det gir ei stjerne på drakta over klubblogoen på brystet.
Berre Rosenborg har oppnådd dette før i norsk toppfotball – og dei har attpåtil to stjerner. Kvart tiande gull gir stjerne og RBK har 26 seriegull.
– Kva betyr det for Viking å få stjerne på drakta?
– Det vil jo vera ei stor anerkjenning, så får tida visa om den kjem i år eller ein gong i framtida. Viking har ei stor historie og me håpar sjølvsagt å ta fleire gull i åra som kjem, seier Tripic.
– Steintøff konkurranse
Då Viking sikra sitt niande gull i fjor, var dei klare på at dei ville gå for nummer ti.
– Eg har sjukt lyst til å vera med å ta det tiande seriegullet i ein klubb som har ei utruleg historie, og er ein stolt klubb. Det er ingenting som ville vore gøyare enn om me klarte det alt i år, seier Viking-trenar Jensen.
– Og på tide at Rosenborg får litt konkurranse på den lista?
– Det har ikkje noko med Rosenborg å gjera. Det er meir for oss sjølv. Det vil fortelja mykje om historia til Viking og er derfor noko me jaktar. Men det er steintøff konkurranse.

Rosenborg og Amin Chiakha har to stjerner på drakta (over klubblogo på brystet).
Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Størst for landslag
NRK sin fotballekspert, Carl-Erik Torp, seier Viking blir del av ein eksklusiv klubb dersom dei klarer målet om ti seriegull.
– Det betyr ein enorm stoltheit og anerkjenning av ei flott klubbhistorie. Stolt historie og lange tradisjonar er viktig for fotballklubbane. Viking har hatt sine stordomsperiodar og er inne i ein ny periode nå.
Verken engelsk eller spansk toppfotball har tradisjon for stjerner på drakta til klubbane, slik som i Italia og Tyskland.
Bayern München har til dømes fem stjerner over klubblogoen på si drakt.

Brasil og Neymar har fem stjerner på drakta. Det er flest av alle landslag.
Foto: AP
Likevel er stjerner på drakta aller størst for landslag.
Spania fekk si andre stjerne på drakta etter VM-gullet i sommar, medan Brasil tronar på stjernetoppen for landslag med sine fem.
– Det er det aller gjævaste, men i den verda som Viking og eliteserieklubbane lever, vil ei stjerne på drakta for kvart tiande seriegull vera like stort, seier NRK-ekspert Torp.
Publisert


