– Det er skuffande at kunnskapsministeren vel å prioritere skule så sterkt.
Dagleg leiar Ragnhild Eielsen Wiig i Tjodmarka barnehage i Stavanger er klar i sin tale. Ho føler at kunnskapsministeren ikkje gjer nok for barnehagane.
– Ho treng å forstå at barnehagane er starten, og det som skjer i barnehagane gir resultat inn i skulane. Ho må vie meir merksemd til barnehagane. Ho gløymer oss litt, seier ho.
Wiig meiner barnehagane og dei tilsette både har behov for å bli sett og at det blir løfta fram gode strategiar og tiltak som kan utvikle betre kvalitet.
– Vi treng å samle oss rundt grunnleggande prinsipp for kvalitet, i staden for at ein berre ser på talet på vaksne og sjukefråvær, seier den utdanna barnehagelæraren.
Seinast måndag uttalte Nessa Nordtun seg i ei sak på NRK om store endringar i skuledagen til dei yngste elevane.

Wiig meiner det er viktig å løfte kvaliteten i barnehagen.
Foto: Simon Elias Vik Bogen / NRK
Wiig viser til at ein fersk rapport avslører ei dramatisk rekrutteringskrise i barnehagane. Berre 3 av 10 nyutdanna under 23 år vel å jobbe i barnehagen.
Under halvparten av dei med barnehagelærarutdanning, jobbar i barnehage.
Redd Barna er urolege
Redd Barna er svært urolege for den dramatiske rekrutteringskrisa i barnehagen.
– Ikkje berre har Redd Barna sett at det er bemanningskrise i barnehagen i mange år. Nå har vi fått ferske tal på at utdanna barnehagelærarar rømmer frå sektoren, seier spesialrådgivar Anne Elin Kleva.
Dei meiner det er på høg tid med eit større løft til barnehagane.
– Eit viktig og heilt nødvendig tiltak bør vere å gjere noko med bemanningskrisa i barnehagen, gjennom å styrke bemanninga og sikre dekning i heile opningstida.
Kleva retter blikket mot myndigheitene.
– Gjennom tiltak som dette, kan regjeringa med kunnskapsministeren i spissen, sikre at alle barnehagebarn får oppleve å vere trygge, kan leke, får utfolde seg og får et godt barnehagetilbod uavhengig av kva kommune barnet bor i.
-
Anne Elin Kleva
- Spesialrådgivar for utdanning i Redd Barna.
Også Utdanningsforbundet etterlyser grep frå myndigheitene.
– Vi treng konkrete tiltak for å hente barnehagelærarar tilbake til barnehagane, seier nestleiar Ann Mari Milo Lorentzen.
Ho peikar på at når mindretalet av barnehagelærarane i landet faktisk arbeider i barnehagen, er det på tide at myndigheitene høyrer varselklokkene, og tar i bruk kraftfulle tiltak.
Kunnskapsministeren svarer
Kari Nessa Nordtun har fått framlagt kritikken. Ho seier dagens regjering satsar på barnehagane.
– Dei er grunnmuren i utdanningssystemet vårt. Derfor har Arbeidarparti-regjeringa prioritert fleire viktige grep for å auke kvaliteten i barnehagane, mellom anna gjennom styrkt bemanning og auka kompetanse.
Ho seier dei også har styrkt eit av dei mest treffsikre tiltaka, nemleg å gi dei som allereie jobbar i barnehagen, tilbod om å utdanne seg til barnehagelærarar.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) besøkte Kodal barnehage i Sandefjord i fjor. Ho slår tilbake mot Wiig i Tjodmarka barnehage og meiner at regjeringa verkeleg bryr seg om barnehagane.
Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK
– Fleire tilsette med barnehagelærarutdanning bidrar til å auke kvaliteten på tilbodet.
I statsbudsjettet for 2026 er det øyremerkt 800 millionar kroner til betre bemanning i barnehagane. Pengane har nå blitt delt ut.
– Når det er nok tilsette på jobb, får dei tilsette meir tid til kjerneoppgåvene sine, og barna får den oppfølginga dei skal ha. Framover skal vi fortsette å styrke innsatsen på innhald og kvalitet i barnehagane, lovar Nessa Nordtun.
– Ønsker seg kollega i julegåve
Hege Bae Nyholt har over 15 års erfaring frå barnehagesektoren og er i dag Raudt-politikar og stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag.
Ho skildrar ein arbeidskvardag som gjennom åra har blitt prega av stadig trongare rammar og manglande vikarbruk ved sjukdom.
– Eg pleidde å seie at eg elska jobben min, men hata rammene. Vi blei stadig færre folk på jobb til å løyse fleire oppgåver. Alle eg kjenner som jobbar i barnehage, har ønskt seg ein kollega i julegåve, seier ho.
-
Hege Bae Nyholt
- Stortingsrepresentant (R)
Nedgangen i rekruttering til barnehagelærarutdanninga er noko politikaren ser på med stort alvor. Ho meiner regjeringa må gjere meir.
– Det er sløsing med ressursane i samfunnet at så mange tar ei utdanning, men kvir seg for å gå inn i yrket. Det seier mykje om korleis arbeidsvilkåra i barnehagen er, og eg er ikkje overraska.
Eit første steg seier ho er å sørge for betre bemanning og fleire grupper med tilsette, slik at pedagogane kan jobbe med det dei er gode på.
– Raudt fekk firedobla satsinga på toppa bemanning i budsjettforliket, og nå blir det tilsett folk over heile landet oppå grunnbemanninga. Det er kjøkkenassistentar, og ekstra barne- og ungdomsarbeidarar. Tilbakemeldingane er kjempegode, seier ho.
Publisert


