– Eg kjenner det i heile kroppen. Det er så utruleg kjekt.
Sjølv om han er frå Stavanger, har der alltid vore FK Haugesund som har vore laget til Sander Wåge.
Han er ein del av Stjernepanelet, som er ei fast spalte i Lokalen på NRK P1.
Då panelet nyleg blei spurt om å skildre sin draumedag, så var det eit besøk hos FK Haugesund som stod øvst på lista til Sander.
Og på søndag fekk han gjere nettopp det, då han fekk vere med bak kulissane under sesongens siste kamp på Haugesund stadion.

Sander fekk vere med både på tribunen og i garderoben.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Fekk vere med inn i garderoben
FK Haugesund hadde allereie sikra opprykket før serieavslutninga.
Sjølv om det blei tap mot Odd, la det ingen dempar på opplevinga for Sander.
Inne i garderoben fekk han møte fleire av spelarane, deriblant Sivert Heltne Nilsen og Niklas Sandberg.
Han fekk også halde ein peptalk før kampen, noko som hausta skryt frå Heltne Nilsen.
– Eg er så utruleg glad. Eg kjenner at det betyr alt, sa ein kjensleladd Wåge etter kampen.
Og om han skulle oppsummere dagen med eit ord:
– Magisk.
Publisert
Oppdatert


