- Saka oppsummert:
- Pasient har venta i over 1000 døgn
- Helseministeren:- Kan ikkje halde fram
- Store forskjellar innanfor helseføretaka
- Slik svarar helseføretaka om gebyra dei skriv ut
- Kommunane: – Feil at sjukehuset får bestemme
- Overliggedøgn i vestlandskommunane i 2025. Psykisk helse er ikkje med.
- Fleire tilsynssaker
- Tilknyttede emner til denne saken
Saka oppsummert:
- Kommunane i Helse Vest måtte i fjor betale totalt 88,5 millionar kroner i gebyr fordi dei ikkje klarte å ta imot utskrivingsklare pasientar.
- Gebyrsatsen for pasientar som må vente på sjukehus etter at dei er utskrivne, er på over 6000 kroner per dag.
- Problemet er særleg stort innan psykisk helse og rus, der ein pasient i Bergen har venta på ein heim i over 1000 døgn.
- Helseminister Jan Christian Vestre varslar store endringar i den kommande helsereforma for å løyse problemet.
- Kommunesektorens organisasjon KS kritiserer ordninga og meiner sjukehusa har for mykje definisjonsmakt over når ein pasient er utskrivingsklar.
- Fylkeslegen i Vestland melder om ein auke i talet på tilsynssaker som følgje av konfliktar rundt utskrivingsklare pasientar.
Kofferten er pakka og pasienten utskrivingsklar.
Men om pasienten skal heim til ein kommunal bustad, er det ikkje alltid heimkommunen har ei seng klar.
Om pasienten då må vente på sjukehuset, endar det med at heimkommunen får ei dagbot på over 6000 kroner.
Talet på slike dagbøter har auka jamt og trutt dei siste åra.
I fjor måtte kommunane i Helse Førde, Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Stavanger betalte totalt 88,5 millionar i slike bøter.
Tilbake i 2020 var talet på gebyr nede i 42 millionar kroner for kommunane i Helse Vest.
Pasient har venta i over 1000 døgn
Særleg stort er problemet innan psykisk helse og rus.
Pasientgruppa utgjer 5 prosent av pasientane ved norske sjukehus, men står for 25 prosent av bøtene som kommunane får for overliggedøgn, ifølge VG.
Berre i fjor betalte Bergen kommune 27 millionar kroner i gebyr for overliggedøgn i psykisk helsevern.
Pasienten som har venta lengst på ein heim å flytte til, har venta i 1038 døgn.
Det seier Øystein Bratvold, direktør i etat for psykisk helse og rustenester i Bergen kommune.
Kommunen ha i dag 14 utskrivingsklare pasientar dei ikkje greier å huse og betaler dag-gebyr for.
Auken i slike gebyr har auka stort dei siste åra.
– Årsaka er samansett, seier Bratvold.
– Men ein av dei viktigaste forklaringane er aukande mangel på kommunale bustadar. Fleire utskrivingsklare pasientar har også meir samansette og komplekse lidingar, og auka valds- og trugsel-problematikk, seier han.
Helseministeren:- Kan ikkje halde fram
Sidan 2019 og fram til no, har kommunane i Helse Vest punga ut 220 millionar kroner i gebyr.
Det er tal helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre likar dårleg å høyre.
– Slik kan det ikkje halde fram, pasientane blir jo kasteballar. Det trengst endring og derfor vil vi ta betydelege grep i helsereforma som er på trappene, seier han til NRK.
Reforma blei presentert i byrjinga av november.
At talet på gebyr aukar år for år, kommenterer ministeren slik:
– Det kan bli forstått som et teikn på at vi ikkje har klart å løyse problemet, sjølv etter ulike tiltak med samhandlingsløysingar vi har forsøkt til nå. Derfor meiner vi det er nødvendig med ei helsereform.
– Det er ikkje eit alternativ å seie til sårbare pasientar at kommunen ikkje har kapasitet, så du må klare deg sjølv. Slik skal vi ikkje ha det i velferdsstaten, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre. Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
Kven som har ansvar for pasienten og som skal betale rekninga, er tema i reforma:
– Dersom dette ikkje er eit ansvar kommunane klarer å ta, må vi tenke nytt.
Store forskjellar innanfor helseføretaka
Helse Vest – området har lågast liggetid i landet for somatiske pasientar, medan kommunane i området har lågast tal utskrivingsklare pasientar.
Men innanfor helseføretaket er det store forskjellar:
Medan Helse Førde melder om få utskrivingsklare pasientar og eit velfungerande kommunesamarbeid, har Helse Fonna fakturert kommunane for heile 110 millionar kroner sidan 2019.
Helse Fonna vil ikkje kommentere den store skilnaden til Helse Førde – som berre har fakturert knappe 11 millionar – men viser til at kommunane i deira område over tid har hatt utfordringar med å ta imot pasientar.
Både Helse Førde og Helse Bergen åtvarar om at overliggjarar fører til fulle sengepostar og korridorpasientar.
I Helse Bergen kan pasientopphopinga også gå ut over ventelister og operasjonskapasitet.
Slik svarar helseføretaka om gebyra dei skriv ut
Helse Fonna
Eirik Dankel, konstituert kommunikasjonssjef.
– Kva konsekvensar får det når de ikkje får skrive ut pasientar som planlagt?
– Det er vanskeleg å peike på konkrete konsekvensar. Pasientar skal vere sikre på å få hjelpa og pleie dei treng når dei er i sjukehus.
– Kor ofte er det usemje mellom kommunane og Helse Fonna om ein pasient er utskrivingsklar eller ikkje?
– Det er heile tida dialog mellom spesialisthelsetenesta og kommunar for å sikre god samhandling og gode pasientovergangar.
– De har fakturert kommunane for 110 millionar sidan 2019. Helse Førde, som er nokolunde like store, for 10,8 mill. Har de kommentarar til kvifor skilnaden er så stor?
– Vi har ikkje nokon kommentar til kvifor skilnaden er så stor. Kommunane i Helse Fonna-området har over tid hatt utfordringar med å ta i mot utskrivingsklare pasientar, men vi ser no ei positiv utvikling med nedgang i tal overliggardøgn i 2026.
Helse Førde
Fagdirektør i Helse Førde, Asle Kjørlaug.
– Generelt har Helse Førde få utskrivingsklare pasientar, og slik har det vore over mange år. Dette skil seg tydeleg frå situasjonen elles i landet, der mange sjukehus har eit høgt tal utskrivingsklare pasientar. Ei viktig forklaring på dei gode resultata våre er det tette og gode samarbeidet med kommunane om pasientar som er ferdigbehandla og klare for utskriving. Dei låge tala viser at samarbeidet mellom Helse Førde og kommunane i området fungerer svært godt på dette feltet.
– Kva konsekvensar for det for Helse Førde når de ikkje får skrive ut pasientar som planlagt?
– Det fører til at fleire pasientar blir liggjande på sjukehuset, og dermed blir det færre ledige senger på den aktuelle sengeposten. Dersom sengeposten er full, kan det bli nødvendig å leggje pasientar på ein annan sengepost der det er ledig kapasitet. I enkelte tilfelle kan det også føre til at pasientar må liggje på korridor.
Helse Bergen
Samhandlingssjef Grete Lill Hjartnes
– Kva konsekvensar får det for Helse Bergen når de ikkje får skrive ut pasientar som planlagt?
– Det er utfordrande for sjukehuset når det er mange utskrivingsklare pasientar og samstundes stor pågang. Det påverkar sengekapasitet, plassering og flyt i sjukehuset og kan i tilfelle påverke både ventelister og operasjonskapasitet.
– Kor ofte er det usemje mellom kommunane og Helse Bergen om ein pasient er utskrivingsklar eller ikkje?
– Det er ikkje ofte kommunane uttaler at dei er usamd i spesialisthelsetenesta si vurdering. Men, det er nok ei generell oppfatning frå kommunane at liggetida er kort i sjukehuset og at det kunne vore bra for pasienten med eit lengre opphald. Innan psykisk helse og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, er hovudutfordringa at vi ikkje i tilstrekkeleg grad har prioritert bygging av bustader til denne pasientgruppe. Stort sett er vi einige i vurderingane knytt til om ein pasient er utskrivingsklar.
Helse Stavanger
Hilde Marie Engjom, assisterande fagdirektør.
– SUS har per i dag lite utfordringar med utskrivingsklare pasientar innanfor både somatikk og psykisk helsevern. Vi har eit godt samarbeid med kommunane i Sør-Rogaland og fungerande felles fora for å ta opp og finne løysingar dersom det oppstår utfordringar knytte til pasientar med særskilde behov som skal skrivast ut frå sjukehuset.
Kommunane: – Feil at sjukehuset får bestemme
Kommunesektoren sin interesseorganisasjon, KS, meiner dagens gebyrsystem ikkje fungerer.
– Sjukehusa har definisjonsmakta for når ein pasient er utskrivingsklar og kommunane opplever at premissen blir sett av sjukehusa, seier Petter Sortland, leiar i KS Vestland og ordførar i Høyanger.
Her har dei i år greidd å ta imot alle pasientar, men i fjor måtte den vesle industrikommunen ut med 300.000 i gebyr.
Petter Sortland er KS-leiar i Vestland og ordførar i Høyanger. Han meiner dagens gebyrsystem ikkje fungerer godt nok. Petter Sortland Foto: privat
Det fortel helse- og omsorgssjef Bente Nesse.
– Vi opplever nokre gonger at pasientar som vert utskrivne, er svært dårlege og vi meiner dei burde vore lengre på sjukehus, seier Nesse.
Sortland i KS er uroa for at problemstillinga vil auke i takt med fleire eldre innbyggarar, mangel på helsepersonell og kortare liggetid i sjukehusa.
Overliggedøgn i vestlandskommunane i 2025. Psykisk helse er ikkje med.
Alver: 982
Askvoll: 12
Askøy: 799
Aurland: 4
Austevoll: 5
Austrheim: 14
Bergen: 847
Bjørnafjorden: 116
Bremanger: 1
Bømlo: 287
Eidfjord: 0
Etne: 80
Fedje: 0
Fitjar: 10
Fjaler: 5
Gloppen: 39
Gulen: 10
Hyllestad: 2
Høyanger: 49
Kinn: 19
Kvam: 30
Kvinnherad: 446
Luster: 8
Lærdal: 0
Masfjorden: 4
Modalen: 0
Osterøy: 58
Samnanger: 3
Sogndal: 10
Solund: 3
Stad: 10
Stord: 333
Stryn: 15
Sunnfjord: 142
Sveio: 26
Tysnes: 10
Ullensvang: 217
Ulvik: 0
Vaksdal: 15
Vik: 19
Voss herad: 57
Øygarden: 261
Årdal: 11
Kjelde: Helsedirektoratet
Han er nøgd med at den nye helsereforma varslar at staten skal ta meir ansvar og koordinering av psykisk helse og rus.
– Det er også bra at ein er oppteken av eit tettare og betre samarbeid mellom sjukehusa og kommunane. Eit slikt type samarbeid må også gi ein økonomisk vinst for alle partar, seier han.
Fleire tilsynssaker
Det blir meir og meir konflikt rundt utskrivingsklare pasientar. Talet på tilsynssaker har auka dei siste åra, seier Jana Midelfart-Hoff, assisterande fylkeslege i Vestland.
Tilsynssakene gjeld særleg pasientar innan rus og psykisk helsevern.– Dette er ei svært sårbar pasientgruppe med komplekse behov. Når sjukehus og kommunar ikkje blir samde om pasienten er ferdigbehandla, fører det til krevjande situasjonar, seier Jana Midelfart Hoff hos Fylkeslegen. Foto: Christian Lura
Både sjukehusa, kommunane, eller pasienten sjølv eller pårørande, klagar dei inn.
Sistnemnde gruppe opplever å verte kasteballar i systemet, fortel Midelfart-Hoff.
– Kvifor er det ein auke i tilsynssaker?
– Kutt i sengeplassane i sjukehusa, skral kommuneøkonomi og at ein nokre gonger er fagleg usamde i kva det betyr å vere ferdigbehandla eller ikkje.
Konsekvensen av at pasientar blir verande lenger på sjukehusa enn nødvendig, er overbelegg. Det fører til at det kan verte vanskeleg å gi god nok behandling og oppfylging.
Når sjukehusa ikkje får skrive ut pasientar som planlagt, kan det verte overbelegg og pasientar kan måtte bu på gangen. Foto: Lars Tore Endresen
Mellom anna har fylkeslegen ei pågåande tilsynssak i Helse Bergen knytt til Psykiatrisk klinikk.
Fylkeslegen ønskjer at fleire saker blir løfta opp i den nasjonale tvisteløysingsnemnda for å få nasjonale avklaringar. For dagens konfliktar rundt utskrivingsklare pasientar vil truleg auke på i takt med dårleg økonomi innan kommunar og sjukehus, seier Midelfart-Hoff.
Helseministeren seier han noterer seg innspelet, men at han trur det er behov for større og gjennomgripande endringar i helsereforma.
Publisert


