– Vi har den siste månaden jobba grundig med vegen vidare for klubben og gjennomført ein omfattande prosess med fleire aktuelle kandidatar til rolla som hovudtrenar, seier sportssjef Kenneth Andersen i ei pressemelding.
– Gjennom heile prosessen har Simon utmerkt seg som ein tydeleg leiar med klare tankar om korleis vi skal vidareutvikle både laget og klubben. Derfor er vi svært glade for at han har takka ja til oppgåva, seier han vidare.
Stapnes kjem frå seks år som hovudtrenar i Varhaug IL, som speler i 3. divisjon.
Han har vore ein del av trenarteamet til EIK den siste månaden. 31-åringen blei henta til EIK som hjelpetrenar på midlertidig basis i oktober, etter Marius Kjørvik Johansen fekk sparken.

Tidlegare trenar Marius Kjørvik Johansen fekk sparken i oktober.
Foto: NRK
– Dessverre har ikkje resultata vore gode nok den siste tida, og klubben har etter ei samla vurdering komme fram til at det er rett å gjere ei endring, kunngjorde klubben etter sparkinga.
Har spelt aldersbestemt fotball for klubben
Stapnes har signert ei kontrakt på tre år.
Klubben skriv at dei har lagt vekt på at trenaren er kjent med klubben. Sæternes Stapnes har spelt aldersbestemt fotball for klubben.
– Simon kjennar både klubben, byen og regionen godt, noko som er ein ekstra styrke. Samtidig er det viktig å understreke at han er tilsett på bakgrunn av kvalifikasjonane sine, erfaring og dei eigenskapane han har vist gjennom prosessen, seier Andersen.
Stapnes seier han er audmjuk over å ha fått moglegheita.
– Dei som kjenner meg, veit at eg har jobba veldig hardt for å komme inn i toppfotballen. Det harde arbeidet skal halde fram, og eg kjem til å gjere alt eg kan for å bidra til at EIK blir best mogleg i åra framover, seier trenaren sjølv.
Publisert
Oppdatert


