Folk i Helleland mistar nattesøvnen av uavklarte gruveplanar frå Norge Mineraler – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

– Folk er sjukemelde. Dei søv ikkje, seier Jon Gunnar Skipstad.

Han er ein av dei rundt 800 innbyggarane i bygda Helleland i Eigersund kommune heilt sør i Rogaland.

Her ønsker Norge Mineraler å opne eit svært dagbrot for mineralutvinning slik at dei kan hente ut fosfat, vanadium og titan dei anslår å vere verd milliardar av kroner.

Sjølve gruva kan bli på om lag 1500 mål. Men eit større område enn det kan bli tatt i bruk. Planområdet som Norge Mineraler har skissert, utgjer 15 prosent av arealet i kommunen. Ein kommune som er omtrent like stor som Oslo.

Norge Mineraler sine gruveplanar på Helleland. Kartet er henta frå selskapet sitt planinitiativ

Slik kan det sjå ut. Kartet er henta frå planinitiativet som Norge Mineraler har levert til Eigersund kommune.

Foto: Norge Mineraler

Viss Norge Mineraler får lov til å starte gruvedrift, vil det råke mange grunneigarar i området.

Kåre Høiland er blant dei som mistar gard og heim.

– Alt i hop. Det blir ikkje noko att, seier han.

Kåre Høiland

Kåre Høiland er ein av dei som mistar heimplassen sin om bygda hans får gruve.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Etterlyser hjelp

Ordføraren i Eigersund Anja Hovland frå Høgre, vil ha meir kunnskap før ho bestemmer seg for eit ja eller nei til planane.

Ho er tydeleg på at det er lokalpolitikarane som må ha siste ordet, men etterlyser hjelp frå statleg hald.

– Det vi treng er den kompetansen som statlege organ sit på, seier ho.

Anja Hovland (H), ordfører i Eigersund

Ordførar i Eigersund, Anja Hovland (H).

Foto: Erik Waage / NRK

I haust har høgretoppar besøkt Eigersund. Nestleiar Tina Bru, meiner regjeringa i større grad må engasjere seg i det som skjer på Helleland.

– Det er ei konfliktfylt sak. Det er viktig at også regjeringa er tydeleg på kva dei har av planar framover. Dette er ei viktig sak for Rogaland. Eg synest det er skuffande at ikkje næringsministeren har vore på besøk, seier Bru.

Tina Bru gir seg

Nestleiar i Høgre, Tina Bru.

Foto: Arild Eskeland / NRK

I ein e-post til NRK skriv ekspedisjonssjefen i Nærings- og fiskeridepartementet, Sigrid Dahl Grønnevet, at departementet er opptekne av å ha kunnskap om aktuelle prosjekt og at dei har hatt fleire møte med selskapet der dei har orientert om prosjektet.

Vidare skriv ho at kommunen er ansvarleg myndigheit for saker etter plan- og bygningslova, men at det er forståeleg dersom Eigersund kommune opplever behandlinga av eit slikt stort mineralprosjekt som krevjande. Dersom kommunen ønsker dialog om handteringa, er dei naturlegvis velkomne til å ta kontakt.

Går på helsa laus

Norge Mineraler har i haust levert inn eit planinitiativ til Eigersund kommune (ekstern lenke). Nå skal politikarane bestemma seg for om det skal sendast ut på høyring.

Norge Mineraler håpar at gruvedrifta kan setjast i gang innan 2028. I løpet av neste år planlegg selskapet å legge fram eit endeleg planforslag med konsekvensutgreiing.

I løpet av dei neste 30 åra satsar dei på å hente ut totalt 600 millionar tonn stein.

Blir planane realiserte vil Helleland få Noregs største gruve i aktivitetsnivå.

Men Norge Mineraler skriv i ein e-post til NRK at uavhengig av planane til selskapet, så vil det vere usikkerheit om mineralutvinning i området i uoverskodeleg framtid.

I mellomtida sit folk rundt bordet på kaffihjørnet på landbrukshandelen og ventar på svar.

– Det viktigaste er at vi får ei avklaring på korleis framtida blir, for dette går på livskvalitet, helsa og psyken laus til mange, seier Kirsten Espeland.

Kirsten Espeland

Sonen til Kirsten Espeland driv gard på Helleland. Blir det gruvedrift vil denne ligge kloss i eigedommen hans.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK




Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *