Eksportbedrifter uroar seg for at handelskonfliktar kan oppstå etter presidentvalet i USA – NRK Møre og Romsdal – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

I Ocean Supreme sine lokale i Ålesund sit dei tilsette og sel fisk til Nord-Amerika, Asia og Afrika. Selskapet hadde i fjor ei omsetning på tett under 2 milliardar kroner.

Men i dag er det USA-valet som opptar dei tilsette.

Administrerande direktør, Botholf Stolt-Nielsen, er redd for at marknads- og handelspolitikken kan bli vanskelegare med ein ny president i USA.

For høgare tollsatsar har vore ei viktig sak for Donald Trump under valkampen.

At USA har varsla å innføre toll på importerte produkt kan vere negativ for eksporten vår til USA-marknaden, men det er også eit signal som gjer at andre land også tenker i like baner, seier Stolt-Nielsen.

Ansatte ved Ocean Supreme i Ålesund.

Dei tilsette ved Ocean Supreme i Ålesund er avhengige av marknadstilgang. Derfor er nyheiter om valet i USA viktig denne onsdagen.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Heile omsetninga til selskapet kjem frå eksport, derfor er dei heilt avhengige av marknadstilgang. Nå er direktøren redd for at framtida kan bli prega av handelskonfliktar.

Vi såg at sist Trump var president så var det ein del handelskonfliktar som blei tilspissa, spesielt USA og Kina, og i det daglege ser vi det også i andre marknader at det blir meir legitimt for mindre land også å tenke proteksjonistisk, seier han.

Må jobbe for å sikre marknadstilgang

Det blei eksportert norsk sjømat til ein verdi av 172 milliardar kroner i 2023. Hos Ocean Supreme vil dei i tida som kjem ha fokus på å sikre tilgang til også andre marknader enn USA framover.

Det er også regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal, Lene Trude Solheim, opptatt av.

EU er den viktigaste handelsmarknaden og eksportmarknaden for oss, så vi er avhengige av at EU og USA finn gode løysingar i forhold til toll og handel, seier Solheim.

Lene Trude Solheim vert intervjua av ein NRK-reporter.

Lene Trude Solheim, regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal, meiner handelssamarbeid internasjonalt blir veldig viktig i tida som kjem. Arkivbilete.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ho er opptatt av at alle drar i same retning framover.

På kort sikt trur eg vi er nøydde til å samle troppane og sjå kva konsekvensane blir i forhold til kva marknader og bransjar som blir hardast ramma, og så må ein gå i dialog og samarbeide for å finne gode løysingar.

Det er store og viktige oppgåver vi får framover, seier ho.

– Ikkje bra for internasjonal handel

Tore Ulstein, styreleiar for Ulstein Group, er også spent på korleis valet i USA vil påverke framtida for norske eksportbedrifter. Han trur at dersom ein skal dømme ut frå det Trump har uttalt i valkampen så er det sannsynleg at det vil komme høgare tollbarrierar og tollmurar.

Det er ikkje bra for internasjonal handel, seier han.

Tore Ulstein, styreleder Ulstein Group

Tore Ulstein var på Verftskonferansen i Ålesund da USA-valet blei avgjort. Arkivbilete.

Foto: Grunde Grimstad / NRK

Han meiner Noreg, som er ein liten økonomi, er avhengig av både å handle og å samarbeide med andre. I tillegg er han opptatt av at norske bedrifter må ha føreseielegheit slik at dei også kan investere for framtida.

Håpar Trump ikkje gjennomfører alt han har sagt

Gründer Ståle Kyllingstad frå Jæren i Rogaland har bygd opp milliardverdiar
gjennom IKM-gruppa, som leverer utstyr og tenester til oljenæringa. Han liker heller ikkje signala om høgare toll.

– Dette vil slå negativt ut for verdsøkonomien fordi mykje blir dyrare, inflasjonen aukar og renta går seinare ned.

IKM-sjef Ståle Kyllingstad

Ståle Kyllingstad er sjef i IKM. Arkivbilete.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kyllingstad har likevel eit håp om at Trump ikkje gjennomfører absolutt alt han
har sagt i valkampen om høgare tollmurar.

– Vi ser ofte eit apparat rundt politikarane som korrigerer dei etter at dei er valde, seier Kyllingstad.

– IKM er ikkje i USA, så vi blir ikkje påverka i første fase, men dette kan slå negativt ut for oss i neste fase viss inflasjonen går opp. Men eg er kanskje ikkje så negativ til Trump som mange andre. Vi levde greitt med han i fire år sist, og kan gjere det igjen.

Trur dei skal klare å handtere situasjonen

Administrerande direktør hos Ocean Supreme i Ålesund, Botholf Stolt-Nielsen, trur heller ikkje at han kjem til å få søvnlause netter framover.

Vi har opplevd mange ting tidlegare. Russland var også ein viktig marknad for norsk sjømatnæring som blei stengd over natta i 2014, så det at ting endrar seg har vi vore borti tidlegare, og det skal vi klare å handtere, seier han.




Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

indian milf porn tube pimpmovs.info teachers sex video مو قع سكس porn-planet.org تعلم السكس rang rasiya movie sexyindianporno.com pornmms locanto calicut eroteenies.info sunny leone nude fuck bidesiya megeno.mobi funny xvideo
نياكه مصرى gokkoya.com مكتبه السكس junglegstrings porndor.org xxxdf sexsy freebigassporn.org افلام لحس الكس سكس عمان myvippy.com مص شفيف xnxxmumbai xshaker.net bipifota
pron moviea stripvidz.com desi hot xvideo افلام سكس رمنسي x-arab.com سكس امهات وصبي أجمل طياز pornochip.org مواقع سكس جماعي sexy bp hindi video videoxsearch.mobi xnxx kannada sex www sxe vidoes com swingersporntrends.com www. xvideos. com