– Situasjonen verkar svært alvorleg og krevjande. Eg har tillit til at styresmaktene har fullt fokus på saka og at dei handterer dette ut frå norske interesser etter beste evne, seier Robert Eriksson.
Han er administrerande direktør i næringsorganisasjonen for norsk sjømatnæring, Sjømatbedriftene.
Reaksjonane blant norske bedrifter som eksporterer til USA er mange og sterke etter at president Donald Trump laurdag skreiv at han ville innføra ein tollsats på 10 prosent på varer frå Noreg og andre Nato-land som har sendt soldatar og militært utstyr til Grønland.
Tollen skal ifølge Trump tre i kraft 1. februar.
Trump hevdar tollsatsen skal auka til 25 prosent frå 1. juni, og skal gjelda til USA har fått ein avtale om å kjøpa Grønland.
Denne tollen vil truleg komma på toppen av tollsatsen på 15 prosent for norske varer som blei innført i fjor.
Les fleire reaksjonar frå næringslivet under (sveip).
-
John Inge Johansen
Jan Olav Langeland, Administrerende direktør i Salmon Group
Noreg har allereie 15 prosent toll på sjømat til USA, høgare enn fleire av våre viktigaste konkurrentland, som Chile, Færøyane og Canada. Dersom tollnivået blir ytterlegare auka, vil det svekke konkurranseevna vår. Sjømat blir handla i globale marknader. Endringar i tollregime i USA påverkar ikkje berre Noreg, men også vidareforedling og varestraumar i Europa, Asia og andre produsentland.
-
NRK
Heidi Torkildson Ryste, Nordlaks
Tollen på 15 prosent er allereie krevjande og gir oss ei konkurranseulempe. Ein vidare auke i toll vil i stor grad bety bråstopp for eksporten til USA.
-
Øystein Otterdal / NRK
Anne Kristine Rugland, direktør ved Figgjo AS porselensfabrikk
USA er vår tredje største marknad. I dag står den amerikanske marknaden for 10 prosent av vår omsetning og om lag 20 prosent av vår eksportomsetning. Det betyr at det er ganske mange koppar og tallerkenar som går til USA. Dersom det blir 20 prosent toll i juni, har me det siste året fått 40 prosent toll på produkta våre. Då kan lågprisprodukt ta over for det me produserer.
-
Hydro
Arne-Martin Kjærland, fabrikksjef ved Hydro Karmøy
Me kan bli råka av ringverknadane som auka marknadsuro, lågare investeringsvilje og svekt etterspurnad i Europa og globalt. Norsk industri er tett integrert i europeiske og amerikanske verdikjeder, og det er nettopp desse indirekte effektane som uroar oss mest.
-
Marius Knutsen
Håvard Tvedte, konstituert direktør i Maritime Cleantech
Anten ein tilhøyrer «ja»- eller «nei»-sida til EU, er alle einige om éin ting: Skal me lykkast med energiomstilling, forsking og ny industri, må me samarbeide tett med vår viktigaste marknad. Å hamne utanfor i Europa vil vere både alvorleg og skadeleg.
-
Corvus Energy
Anri Håvard Hebib, Corvus Energy
Vi har i dag relativt avgrensa eksport frå Noreg til USA, og ventar derfor ikkje å bli vesentleg påverka på kort sikt. I tillegg har vi allereie ein fabrikk utanfor Seattle som produserer for den amerikanske marknaden. Dette er i tråd med Jones Act, som stiller krav om at maritimt utstyr til den amerikanske marknaden i stor grad må produserast i USA.
-
Simen Sundfjord Otterlei / NRK
Tom-Christer Nilsen, Bergen næringsråd
For eit år sidan blei det sett på som rein skremselspropaganda å peike på denne moglegheita for dobbelt skvis. Nå er det ei reell moglegheit. Vårt råd er nok ikkje til bedriftene, men til norske politikarar; vi bør inn i EUs tollunion. Les det gjerne som ei oppfordring til norsk medlemskap. Vi er i ein global situasjon der det å stå aleine er dyrt og farleg.
-
Helene Frihammer, NHO Vestland
Truslane frå Trump er svært urovekkande og må takast på alvor. Dette kan ramme eksportbedriftene våre hardt. Vi er Noregs største eksportfylke, og truslane er alvorlege. Både eksporten til USA, og eksporten til EU som inngår i europeisk eksport til USA, kan bli ramma. Dette skaper stor uvisse, og eg er derfor også redd for at mange bedrifter kan bli indirekte ramma.
-
Sjømatbedriftene
Robert H. Eriksson, Sjømatbedriftene
Situasjonen verkar svært alvorleg og krevjande. Eg har tillit til at myndigheitene har fullt fokus på saka og at dei handterer henne ut frå norske interesser etter beste evne. Det er viktig å kunne finne gode løysingar som ikkje medfører at situasjonen eskalerer i feil retning samtidig som eigne interesser blir varetatte.
-
Industriutvikling Vest
Geir Helgesen, Framo AS
Vi følger utviklinga tett, men ønsker på nåverande tidspunkt ikkje å kommentere saka, da situasjonen er pågåande og fleire forhold framleis er uavklarte.
NHO: 7 av 10 ekstremt bekymra
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) følgjer situasjonen tett og samarbeider med norske styresmakter.
Dei merkar ei auka uro blant sine medlemsbedrifter.
– 70 prosent av våre bedrifter er nå ekstremt bekymra for situasjonen, og ønsker å sikra at me jobbar for ein veldig tett dialog med EU og Europa. Det er viktig for oss, seier NHO-direktør Ole Erik Almlid.
NHO-direktøren påpeikar at eksporten frå Noreg til USA ikkje er stor, men viktig.
– Og så har me ein eksport via EU, som også er veldig viktig, og som går til USA. Dess høgare toll, dess større utfordring for oss.

NHO-direktør Ole Erik Almlid.
Foto: NTB
– Kven blir tollen verst for?
– Det er fleire bransjar som har eksport til USA og via EU. Det råkar i utgangspunktet alle, men mest dei som har direkte eksport til USA. Det handlar om dei som driv med mineral, metallar, noko industri og sjømatnæringa.
Dette må du vite om toll
Kva er toll? Toll er ei avgift staten legg på varer som kjem inn i landet.
Noreg krev for eksempel toll på ost som blir importert frå utlandet. Det gjer at ost frå utlandet kostar meir her heime, samanlikna med ost frå norske produsentar
Kjelde: Regjeringa/Store norske leksikon
Korleis fungerer det? Det er bedrifta eller personen som importerer vara, som betaler tollen. Det skjer når vara passerer grensa.
Inntektene frå tollen går til landet som har ilagt han.
Sidan det då kostar meir å selje ei vare, kan ei bedrift sette opp prisen på produktet for å dekke inn kostnaden av tollen.
Slik kan kostnaden av toll gå ut over forbrukarane.
Kva er formålet? Spesielt to argument for toll blir trekt fram:
- Styrking av eigne bedrifter mot konkurranse frå utlandet
- Inntekter til staten
Toll gjer at utanlandske varer blir dyrare for forbrukarane i landet dei blir importerte til. Ved å gjere desse varene dyrare, kan staten håpe at folk heller vil kjøpe lokale produkt.
Nokon meiner dermed at toll på importerte varer kan verne eit land sine eigne bedrifter mot konkurranse frå utlandet.
Og sidan toll i praksis gir staten ekstra kroner for ei vare som blir sendt over grensa, meiner nokon at dette vil gi staten meir inntekter.
Donald Trump drar også fram eit tredje argument, nemleg å bruke toll som eit forhandlingskort eller pressmiddel.
Ein handelskrig kan også bli alvorleg for norske forbrukarar, ifølge NHO.
– Men eg er mest bekymra for den tryggingspolitiske situasjonen. Me må sikra at me har gode relasjonar til våre allierte. Det er mykje på spel, og eg håpar det blir rolegare og at Trump tek til fornuft, seier Almlid.
– Noreg bør inn i EU sin tollunion
Han får støtte av regionkontoret i Bergen, NHO Vestland.
– Trugslane frå Trump er svært urovekkande og må takast på alvor. Dette kan råka eksportbedriftene våre hardt. Me er Noregs største eksportfylke, og trugslane er alvorlege, seier regiondirektør Helene Frihammer.

Regiondirektør i NHO Vestland, Helene Frihammer.
Foto: NRK
– For eitt år sidan blei det sett på som rein skremselspropaganda å peika på denne moglegheita for dobbelt skvis. Nå er det ei reell moglegheit, supplerer Tom-Christer Nilsen i Bergen næringsråd.
Rådet til norske toppolitikarar er klart: Noreg bør inn i EU sin tollunion, ifølge næringsrådet.
– Les det gjerne som ei oppfordring til norsk medlemskap. Me er i ein global situasjon der det å stå aleine er dyrt og farleg, seier Nilsen.
Kan bli råka hardt
Stavangerselskapet Laerdal Medical er ein internasjonal leverandør innan opplærings- og behandlingsutstyr for livreddande førstehjelp.
Dei kan potensielt blir råka hardt av ein toll på opp mot 25 prosent til USA.
– Den amerikanske marknaden er vår viktigaste og me har like mange tilsette i USA som i Noreg. Me har også produksjon i Texas og like over grensa i Mexico, så dette er eit veldig viktig land for oss, seier administrerande direktør Alf-Christian Dybdahl.
Norsk Hydro eksporterer generelt lite aluminium direkte frå Noreg til USA, men blir likevel sterkt påverka av amerikansk handelspolitikk. Selskapet leverer aluminium til blant anna tysk bilindustri.
– Me kan bli råka av ringverknadane som auka marknadsuro, lågare investeringsvilje og svekka etterspurnad i Europa og globalt. Norsk industri er tett integrert i europeiske og amerikanske verdikjeder, og det er nettopp desse indirekte effektane som uroar oss mest, seier fabrikksjef ved Hydro Karmøy, Arne-Martin Kjærland.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Foto: Øystein Otterdal / NRK
Støre: – Det er uakseptabelt
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er måndag på Sola for å delta på det som blir omtala som den viktigaste næringspolitiske møteplassen i Rogaland, Solamøtet.
Der kommenterte han president Trump sine trugslar om straffetoll.
– Det er uakseptabelt, og det må me seia klart frå om, sa han til applaus frå salen.
Også statsministeren har fått med seg at mange bedrifter nå er urolege for moglege tolltariffar.
– Det er viktig å påpeika at dei ennå ikkje er innførte. Regjeringa er på jobb for dykk, og skal sørga for at det ikkje skjer, sa han til dei mange bedriftsleiarane på Solamøte.
Statsministeren påpeika også at 80 prosent av handelen frå Noreg går til EU og Storbritannia.
– EØS-avtalen er viktig, og den skal ikkje setjast i spel nå, sa Gahr Støre.
Publisert