Med jamne mellomrom blir politikarane i Rogaland orienterte om utviklinga i kollektivtrafikken, som fylket har ansvaret for. Men talet på reiser samsvarer ikkje med billettinntektene.
Tidlegare i november låg inntektene 11,5 millionar kroner under det dei hadde budsjettert med.
Dels på grunn av dei som ikkje betaler for billetten.
Til og med oktober meir enn 7 prosent av dei som blir sjekka i kontrollane på Nord-Jæren, viser tal Kolumbus har gitt fylkespolitikarane.
I dei andre kollektivområda av Rogaland er prosenten høgare. I både Nord-Rogaland og Ryfylke nær 10 prosent.
– Dette er noko som truar kollektivtilbodet i Rogaland, for vi er heilt avhengige av billettinntektene vi får, seier fylkesordførar Ole Ueland (H).
Fleire snik i år enn i fjor
Da fylkesdirektøren la fram forslag til budsjett for Rogaland for neste år, stod det to ord det ikkje pleier i sakspapira: Snik-prosent.
Og da fleirtalspartia Frp, Høgre, KrF og Venstre la fram sitt alternative budsjett tysdag, var det endå litt tydelegare med formuleringa «Etter fjerningen av validering av bussbilletter er det lettere å snike».
I starten av 2023, før tida bussen var gratis i Stavanger, var Kolumbus og politikarane uroa over at 6 prosent av dei reisande truleg ikkje løyste billett.
Nå er prosenten altså høgare.
– Derfor ønsker vi å sjå på korleis vi kan få ned sniking på bussen. Korleis fleire kan vere med og bidra, seier Ueland.
Vil ha «gamal» ordning tilbake
Ei løysing politikarane ser for seg, er at ordninga med å validere billetten kjem tilbake.
Før måtte ein skanne billetten på mobiltelefonen i ein lesar inne på bussen da ein gjekk på.
– Det at du nå berre kan gå på bussen og sette deg på setet utan nokon form for validering, det tenker vi kan spele inn. Vi trur også at fleire billettkontrollar kan få fleire til å betale for buss- eller båtreisene sine.
Ifølge Ueland står billettinntektene for om lag ein fjerdedel av finansieringa av kollektivtransport i Rogaland.
Publisert