Spekkhoggaren vart funnen med halen vikla inn i fiskeutstyr. Det kan bety at drukning er den mest sannsynlege dødsårsaka.
Denne spekkhoggaren er veslebroren til Elida som døydde i Sognefjorden i 2021. Ho var då full av 40 år gamle miljøgifter.
Veslebroren, som førebels har fått namnet NKW-280c, vart funnen død utanfor Haugesund måndag.
Gruppa «Norwegian Orca Survey» lagt ut eit lengre innlegg på Facebook om tapet.
– Det er med tungt hjarte at vi deler tapet av NKW-280c, eit ungt medlem av ein av våre mest kjente og kjære norske spekkhoggargrupper, skriv dei.
Marinbiolog Eve Jourdain er ein av stiftarane til organisasjonen, og stadfestar til NRK at ho har vore i Haugesund for å obdusere og ta bilete av spekkhoggaren.

Marinbiolog Eve Jourdain analyserte den døde spekkhoggaren som vart funne ved Haugesund, men resultata er ikkje klare før om fleire veker.
Foto: Norwegian Orca Survey
I innlegget viser ho til at spekkhoggaren var den yngre broren til «Elida», som vart funnen berre tre år gamal i 2021 i Sognefjorden.
– Elida hadde dei høgste nivåa av miljøgifter som nokon gong er registrerte i ein norsk spekkhoggar.
Funnet den gongen førte til at fleire forskarar kom på bana og snakka om forureininga i norske marine miljø.

Spekkhoggaren Elida vart funnen død i Sognefjorden i 2021. Ein rapport viste at ho hadde rekordhøge verdiar av miljøgifter i seg
Foto: Vegard B. Aasen
Undersøker miljøgift
Når det no er gjort funn av eit anna ungt individ frå same familie, så skal det undersøkast om NKW-280c døydde av same årsak som storesøstera.
Sjølv om drukning er den mest sannsynlege dødsårsaka vil Norwegian Orca Survey undersøka han nærare.
– Å ha prøver frå eit anna individ i denne familien gir oss ei unik moglegheit til å forstå verknadane av miljøgifter på spekkhoggarar, skriv Eve Jourdain.
Undersøkinga av den siste spekkhoggaren er framleis i ein tidleg fase. Det er venta at analysane kan ta veker, kanskje til og med månader.
– Ein indikator på korleis vi behandlar naturen
Spekkhoggarar blir rekna som verdas mest forureina dyr. Det er fordi dei er på toppen av næringskjeda i havet.
Konsentrasjonen av miljøgifter hopar seg nemleg opp jo høgare dyra er i næringskjeda.
Tidlegare har professor Audun Rikardsen ved UiT Noregs arktiske universitet uttalt at mykje miljøgifter kan føre til at spekkhoggarane ikkje klarar å reprodusere seg og at stoffa kan legge seg i hjernen.
– I løpet av 50 til 100 år reknar med vi med at cirka halvparten av verdas spekkhoggarbestand har døydd ut på grunn av miljøgifter, uttalte han til NRK.

I 2017 vart ein kval full av plast funnen i Bergen
Foto: CHRISTOPH NOEVER
Publisert
Oppdatert


