Rett før klokka 01 i natt fekk politiet melding om brann ved ein serveringsstad i Moi sentrum.
Det stod flammar frå taket då politiet kom til staden.
Det var lenge fare for spreiing til nærliggande bygg, men politiet melder ein time seinare at spreiingsfaren var under kontroll. Nabobygget blei evakuert.
Rett før klokka 4 skriv politiet at brannvesenet har kontroll på brannen, men at dei framleis driv med ettersløkking.
Stig Skåland i Lund brannvesenet seier det ikkje er noko skade på nabohusa, og at huset som brann er totalskadd innvending, men elles står greitt.
Vaktleiar Ynge Muller i brannvesenet seier det er snakk om ein serveringsstad som ikkje er i drift