Lademoglegheitene på Heiane blir vesentleg betra.
Ladestasjon: Det blir snart enklare å lada elbil på Heiane. Uno-X planlegg no å etablera ein ny ladestasjon rett utanfor Rema 1000-butikken i området.
I dag er det avgrensa med ladetilbod på Heiane Vest. Bilistar må enten nytta ladarane ved McDonald’s eller bak bensinstasjonen St1. No kan dette endra seg.
Planen er å byggja ein ladestasjon med fem ladepunkt, som skal gi betre kapasitet og kortare ventetid for dei som treng straum på bilen.
I tillegg ønskjer selskapet å setja opp ein over sju meter høg prismast som viser gjeldande straumpris. Ifølgje Norconsult, som står bak planarbeidet på vegner av Uno-X, skal masta plasserast mot rundkøyringa på E39.
Statens vegvesen har vurdert planane og stiller seg positive til satsinga. Dei meiner fleire ladepunkt vil vera eit viktig bidrag til infrastrukturen i området.
Dersom planane blir godkjende, vil Heiane få eit etterlengta løft i ladetilbodet.


