Noregs Bank held styringsrenta uendra – NRK Norge – Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet

NRK
NRK

– Eg ønskte jo at han skulle bli sett ned, da. Det må eg seie, for vi har framleis renter på huset, seier Astrid Robertstad Khan .

Vi treffer henne midt i julehandelen i Stavanger sentrum. Og Roberstad Khan er ikkje aleine: Mange nordmenn blei skuffa over sentralbanksjef Ida Wolden Bache beskjed klokka 10 torsdag:

Noregs bank held renta uendra på 4,5 prosentpoeng.

– Vår vurdering er at det framleis er behov for ein innstrammande pengepolitikk for å stabilisere prisveksten rundt målet, men at tida snart er inne for å begynne å sette renta ned, seier sentralbanksjefen.

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache

Foto: Cornelius Poppe

Eit nært unisont økonomkorps venta at Noregs Bank ville halde renta uendra i dag.

Årsaka er at sentralbanken enda ikkje har klart å få heilt bukt med prisveksten, som dei ønskjer at skal ligge på 2 prosent over tid.

I november var talet på den underliggande prisveksten, som Noregs Bank bruker renta for å tøyle, på 3 prosent.

Peiker på mars

No peiker sentralbanksjefen på at det er den høge kostnadsveksten til bedriftene som bremsar nedgangen i prisveksten.

Styringsrenta i prosent

Styringsrenta settes åtte ganger i året av Norges Bank. Styringsrenta styrer rentene i bankene, og påvirker dine boligutgifter. Målet med å sette opp renta er at de høye prisene skal gå ned igjen.

Prognosen forteller oss hvordan Norges bank tror renta vil utvikle seg fremover.

Les mer om kilder og forbehold her.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Pensjonist Trygve Fosse på gata i Stavanger tenkjer på dei unge.

Trygve Fosse i Stavanger sentrum

Trygve Fosse

Foto: INGVILD STUEDAL TARANGER / NRK

– Spesielt dei som er i etableringsfasen og får dobla renteutgiftene. Det er ikkje heilt bra. Eg tenkjer òg på bedriftene som slit med høge renter og straumprisar, seier han.

Men det snur snart, ifølgje Wolden Bache. I mars meiner ho det er sannsynleg at renta omsider kan bli sett ned.

A7402082

Sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea Markets.

Foto: Petter Larsson / NRK

– Det er første gong dei har sagt kva slags månad dei har tenkt å kutte, seier sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea Markets.

– Solid lønnsvekst

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets meiner det skal ein del til for at Noregs Bank ikkje leverer eit rentekutt i mars.

– Vi vil merke at alle dei som har lån som har flytande rente vil oppleve at renteutgiftene går litt ned.

Kjersti Haugland

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets.

Foto: William Jobling / NRK

– Både vi og Noregs Bank trur at 2025 blir et år med solid lønnsvekst. Det er ikkje berre rentekutt som bidrar til å støtte opp om kjøpekrafta, seier Haugland.

Noregs Bank anslår ein oppgang i kjøpekrafta på 3,3 prosent neste år.

Ved utgangen av 2027 ventar Noregs Bank at styringsrenta vil ligge på 2,9 prosent.

– Kan vente oss tre kutt

norges-bank-rapport-121224

Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets ser på si side at sentralbanken har løfta rentebana, som seier noko om kor raskt eller i dette tilfelle mindre raskt, renta skal ned.

– Det går bra i norsk økonomi, og arbeidsløysa er framleis svært låg, seier han.

Det same ser sjeføkonom Olsen i Nordea Markets.

– Det blir litt færre rentekutt enn det dei har signalisert før. Noregs Bank trur vi kan vente oss 3 rentekutt neste år, seier Olsen.

Sjekk hva det koster

Velg en valuta:

Fra danske kroner

Til norske kroner

158,34

Valutakurser fra Norges Bank.
Siste kurs fra 19.12.2024

Men Olsen trur på si side at sentralbanken ikkje vil kunne innfri med tre kutt. Han trur det berre blir to rentekutt neste år.

– Det er fordi vi er enda meir optimistiske på vegner av norsk økonomi enn Noregs Bank.

Det er prisveksten Noregs Bank styrer etter, og sentralbanken konstaterer at den har «spakna raskare enn venta». Men i motsett ende har aktiviteten i norsk økonomi halde seg «betre oppe enn tidlegare anslått».

Det siste gjer at Noregs Bank held igjen.

Fleire atterhald

Likevel tek sentralbanken som vanleg fleire atterhald.

Som mange andre peiker dei på dei store usikkerheitsmomenta i den globale økonomien.

«Risikoen for omfattande handelshindringar internasjonalt» blir trekt fram.

Når Donald Trump entrar Det kvite hus i januar, har han signalisert at han har med seg auka tollsatsar i bagasjen. Fleire økonomar har meint at dette kan føre til auka prisar og at prisveksten vil klatre igjen – og at rentene difor vil halde seg oppe.

Men det vil også «truleg dempe veksten globalt», skriv sentralbanken, som kan trekke rentene i motsett retning.

Kronebry

Men det evige haudebryet knytt til den historisk svake krona står att.

Krona har svekka seg meir enn Noregs Bank hadde sett føre seg. Både mot euro, men aller mest mot dollar.

Og det har betydning for korleis prisveksten utviklar seg, fordi veldig mange av varene og tenestene vi kjøper, må vi importere frå utlandet.

Ein har venta og venta på at ein større rentedifferanse til andre land skulle føre til ei styrking av krona. Men det har ikkje skjedd.






Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

indian milf porn tube pimpmovs.info teachers sex video مو قع سكس porn-planet.org تعلم السكس rang rasiya movie sexyindianporno.com pornmms locanto calicut eroteenies.info sunny leone nude fuck bidesiya megeno.mobi funny xvideo
نياكه مصرى gokkoya.com مكتبه السكس junglegstrings porndor.org xxxdf sexsy freebigassporn.org افلام لحس الكس سكس عمان myvippy.com مص شفيف xnxxmumbai xshaker.net bipifota
pron moviea stripvidz.com desi hot xvideo افلام سكس رمنسي x-arab.com سكس امهات وصبي أجمل طياز pornochip.org مواقع سكس جماعي sexy bp hindi video videoxsearch.mobi xnxx kannada sex www sxe vidoes com swingersporntrends.com www. xvideos. com