Ein spesiell arbeidsrettssak har før jul gått i Haugaland og Sunnhordland tingrett på Stord.
Retten skal ta stilling til om Eilef Stange (61) var tilsett som administrerande direktør i selskapet Renevo AS.
Selskapet står bak ein svært mykje omtalt biogassfabrikk på eit industriområde i Vestland.
Det har vore omtalt i samband med opninga, som statsminister Jonas Gahr Støre stod for, men også for både luktplager og naboklager.
Til slutt for at heile anlegget stengde ned grunna dårleg økonomi og låg produksjon.
Ingen veit kva tid dei opnar igjen.
Og no har selskapet fått ei ny utfordring i fanget, som i verste fall kan kosta dei dyrt.
Eilef Stange, som i perioden april 2023 til i desember i fjor leia biogassfabrikken krev nemleg millionerstatning frå selskapet.
Erstatning er sett til retten sitt skjønn, men gjeld framtidig inntektstap frå 2025 til 2030.
Årsløna til Stange var i 2023 2,5 millionar kroner.
Tilbydde millionsum
For vart Eilef Stange tilsett som administrerande direktør for biogassfabrikken eller ikkje?
Ja, meiner Stange sjølv.
Nei, meiner selskapet Renevo.
Selskapet har prøvd å unngå rettssak, mellom anna ved å tilby Stange éin million kroner i eit forlik.
Han har takka nei.
– Eg ynskjer ikkje å kommentera dette, utover at det ikkje vil vera i tråd med praksis på dette området, seier advokat Christoffer Falkeid.
Han er prosessfullmektig for Eilef Stange.
– Me har prøvd å finna ei minneleg løysing for å unngå rettssaka. Diverre har motparten takka nei, forklarar advokat Markus V. Jæger, som representerer Renevo.
Store problem med fabrikk
For å prøva å forstå må me spola tilbake. Biogassfabrikken på Stord var først eigd av lokale investorar på Stord.
Deretter kom Karmøy-selskapet Gasnor på banen. Dei er store på sal av mellom anna naturgass, og selde for over 1,6 milliardar i 2023.
Og i april 2023 kjøpte Gasnor heile Renevo. Bak Gasnor står det altså fleire utanlandske eigarar.
Og det er her Eilef Stange kjem inn. Han var i perioden 2008 til 2024 direktør for Gasnor.
I tillegg var han styreleiar for Renevo.
Og då biogassfabrikken stod utan direktør i april 2023 tok han over roret.
Då var luktplagene på sitt verste og saka hamna til og med i kommunestyret. Lokalavisene Sunnhordland og Stord24 hadde nærmast dagleg saker om fabrikken.
Og det hendte i dei dagar at det gjekk ut ei pressemelding til alle innbyggjarane, og til dei tilsette på fabrikken, om at Stange no skulle vera direktør.
– Om du går rundt her på Stord, så reknar eg med at dei fleste tenkte det også. Han var nærmast dagleg i avisa der han uttalte seg som dagleg leiar. Han har jobba og stått på i eit firma som har slite både med omdøme, med produksjonen og med økonomien, seier Falkeid.
Fekk e-post: Ikkje ønskt som direktør
Men det vart aldri skrive ei formell arbeidskontrakt som direktør.
Stange forklarte i retten at han prøvde å få dette til gjennom mange e-postar til styreleiaren, spanske Fernando Sarasola Jaudenes. Men ein avtale aldri kom på plass.
I staden kom det ein e-post før jul i fjor.
Der fortalde styreleiaren at han hadde diskutert saka med eigarane gjennom ei helg.
NRK har sett e-posten. Den er også lagt fram i retten.
«Plattformen for biogass treng å få inn ny kompetanse og ferske ideear for å utvikla både Stord-prosjektet, og spesielt utvidinga av biometanaktivitetane elles i Skandinavia, » stod det mellom anna.
I staden kunne Stange få ein underordna rolle i satsinga, men med andre lønnsvilkår.
«What» var den korte responsen frå Stange.
Etter dette har han ikkje hatt kontakt med styreleiaren.
Betalte tilsette løn av eiga lomme
Løna til Stange i fjor vart betalt gjennom selskapet Gasnor, med ei månadleg bruttoløn på 200.000 kroner. Dette kom fram i retten.
Men denne avtalen gjekk ut ved juletider i fjor.
Då stod den tidlegare toppsjefen, som i 2022 hadde ei årsløn med bonus på 5 millionar frå Gasnor, plutseleg utan jobb.
– Eg er konsulent. Er det ikkje det mange arbeidslause seier dei er, forklarte Stange før han tok vitneboksen i Haugaland og Sunnhordland tingrett.
Der erkjente han at dette var ei spesiell sak.
Han hevdar han heile tida var førespegla ein direktørjobb for Renevo frå den spanske styreleiaren.
– Elles hadde eg aldri jobba så masse, hevda han i retten.
Biogassfabrikken hadde i fjor haust så dårleg økonomi at Stange sjølv måtte bla opp 200.000 kroner frå eigen lomme for å betala ut løn til dei tilsette.
– Når det er lønningsdag, og løna ikkje kjem, så kjem dei tilsette med ein gong. Då måtte eg rydda opp, sa han.
Meiner han tok seg til rette
Renevo på si sida meiner Stange nærmast har teke seg til rette som direktør.
– Me meiner Stange hadde andre roller knytt til Renevo, som styreleiar. Desse var aldri tilsetjingsroller, seier advokat Jæger.
Saka vart avslutta i Haugaland og Sunnhordland tingrett fredag før jul. Det er uvisst kva tid det kjem dom.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.
Publisert
Oppdatert