Regn høgt til fjells og snøsmelting aukar sannsynet for flaum og skred fleire stader.
Varslingstenestene i NVE følger situasjonen tett.
– Kraftig regn på eit tørt snødekke vil føre til naturleg utløyste snøskred, det vil si snøskred som losnar av seg sjølv, seier Heidi Bache Stranden, som er vaktleiar for snøskredvarslinga i NVE.
Lenger nede i saka får du tips til kva du må hugsa på før vêromslaget kjem.
Mykje nedbør
– På Vestlandet kan det lokalt komme 60–80 millimeter på måndagsdøgnet. I Nordland og Nord-Trøndelag kan det komme rundt 20–40 millimeter på 24 timar. Dette vil kome som regn. Andre stader vil det også vere mildt, og det vil vêre ein del snøsmelting generelt.
Det seier statsmeteorolog Emily Carin Rønning ved Meteorologisk institutt. Ho seier det vil bli ei «ganske fin og kjølig helg».
I store deler av landet vil ein få minusgrader, før det på sundag kveld og over på måndagen vil kome eit nytt lågtrykk inn frå sørvest. Dette har med seg både regn og milde temperaturar.
– Det vil føre til ein god del snøsmelting spesielt i store delar av Sør-Noreg og i Nordland. Det vil også vere område det ikkje kjem så mykje regn, som på Austlandet og deler av Sør-Austlandet, men dei vil framleis få milde temperaturar.
– Det vil vere alt frå rundt fem til ti plussgrader i Nordland og Midt-Noreg og Sør-Noreg. I Nord-Noreg kan det komme ei auke til rundt kanskje 2–3 grader. I Finnmark vil halde seg relativt kaldt.
Sjekk meldingar for ras og overvatn
Vêret framover vil halde seg mildt ei ganske god stund utover veka, og kan føre til overvatn og ras. Rønning oppmodar om å sjekke varsom.no.
– I dette tilfellet er det større sjanse for snøskred. Mykje regn og mykje smelting vil påverke det.
Rønning oppmodar også om å følge med på vegtrafikkmeldingar. Ho seier det kan bli utfordrande køyreforhold dersom det blir liggande vatn i vegbanen. Nokre stader i Nord-Noreg kan det også vere fare for at det frys til.
– Det er noko å vere obs på i til dømes Troms og nord i Nordland, som ligg i grenseland mellom desse milde og kalde temperaturane. Der kan det bli glatt.
Førebu deg
– Folk bør bruke dei dagane me har igjen no, før mildvêret kjem, til å førebu seg på vêromslaget, seier pressesjef Ole Irgens i Tryg Forsikring.
– Dette er ei varsla katastrofe. Me har tid no til å førebu oss, og bruke dei dagane fornuftig, seier han.
Han seier alle har ei plikt til å sørge for at det ikkje oppstår skadar, og har nokre råd til kva ein sjølv kan gjere.
1. Pass på bustaden
Irgens meiner alle bør sjekke om bustaden ein bur i er klar for regnet. Det kan vere naudsynt å måke snø også på taket, slik at takrenner og liknande ikkje er tetta av is og snø.
– Er taket svært flatt kan ein risikere at taket blir fullt av vatn, det blir overfløyming, og vatnet kan trenge inn i bygget, seier Irgens.
Dersom ein først er på taket for å måke, meiner Irgens det kan vere lurt å sjekke at ikkje takhetter eller anna har fått skade av snøen.
Han seier at store snøhaugar som ligg inn mot husveggen også kan gjere skade.
– Då kan det bli stort vasspress, og det kan trenge vatn inn i veggane.
2. Hindre nedfall
Å få vekk snø frå taket er viktig, for dette kan gjere svært store skadar både på menneske og ting om det rasar.
– Sjekk kvar snøen vil treffe. Treff denne eit anna tak, eit skur, uthus, altan eller veranda, som kanskje ikkje toler den plutselege snølasta, seier Irgens.
Han rår om å måke snøen før regnet kjem, medan den er tørrare og lettare.
– Våt snø er frykteleg tungt, så fell det nok snø ned på ein stad der den ikkje skal, så kan den gjere mykje skade, seier Irgens.
3. Sjekk balkongen
For dei som bur i blokk eller sameige er det også plikter. Styret har ein del ansvar, men kvar enkelt må kanskje også legge inn ein innsats.
– Her er det smart å gå ut på balkongen, altanen, terrassen. Ta vekk så mykje snø som mogleg. Sørg for at avløpet frå balkongen er fritt, og at det ikkje samlar seg masse vatn på stader det ikkje skal ligge vatn.
4. Sjekk hytte og båt
Irgens meiner ein ansvarleg båteigar som har båten sin ute, bør fjerne snø frå båten sin.
– Det er spesielt viktig å gjere det no før regnet kjem. Masse våt snø og tung snø liggjande oppå ein båt er ikkje bra. Det blir både vekt og vasspress som kan føre til at ein kalesje bryt saman, eller ein kan få vassgjennomtrenging gjennom dekk og skrog.
Irgens seier at på hytter har ein også ansvar for å rydde taket for snø. Han seier snømengda no kan nær seg kritisk snølast for eldre hyttetak.
– Ein skal vere merksam på at hytter som er bygd frå 80-talet og tidlegare, ofte har ein svakare takkonstruksjon enn moderne. Det toler mindre snø.
Dersom ein ikkje har høve til å måke snøen sjølv, rår han til å skaffe ein hytteven som gjer det for ein, eller betale nokon for det.
5. Ikkje legg ut på vegane (om du ikkje må)
Irgens rår også til å ikkje legge ut på vegane, om ein ikkje må. Han seier det er betre å bli heime enn å ta sjansen på å køyre i usikre forhold.
– Eg veit at det er lett å seie, nokon må kanskje ut på jobb eller anna. Men me har sett no dei siste dagane og vekene med veldig stort snøfall, har me masse veghjelpsaker der bilistar har køyrt seg fast eller på andre måtar får problem.
– Det betyr at ein køyrer ut under forhold som ein ikkje burde køyrt ut. Hald deg innandørs av omsyn til eigen tryggleik viss du ser at forholda har blitt for dårlege.
Publisert
Oppdatert