– Straumeksporten rammar norsk næringsliv og folk gjennom høge straumprisar. Vi må bruke det forhandlingskortet vi har, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Måndag besøkte ho Gina Krog-plattforma i Nordsjøen der ho fekk ei innføring i produksjonen av olje og gass.
Eksporten av straum gjennom utanlandskablane får stor merksemd. Men Noreg eksporterer mykje meir gass.
Ifølge Sokkeldirektoratet er energiinnhaldet i gassen 100 gonger større enn netto straumeksport.
Støre: – Gal strategi
– Det er olje og gass som betyr mest for Europa. Krafta betyr veldig mykje for Noreg og vi er ikkje tent med det som skjer nå. Difor må vi bruke det forhandlingskortet og sørge for å få ned prisane i Noreg på straum og halde fram med å eksportere masse gass til Europa, seier Listhaug.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har ikkje tru på Frp si løysing.
– Listhaug meiner vi skal bruke den krafta til å presse fram andre avtalar. Det trur eg er gal strategi. Vi skal tenke på norske interesser og norske verksemder når det gjeld handteringa av dei overføringane vi har til Europa, seier han og viser til at utanlandskablane blei vedtatt då Listhaug sat i regjering.
Vil at Noreg skal skru igjen oljekrana sist
Frp flyr høgt på meiningsmålingane. Den siste partimålinga viste ei oppslutning på 27,7 prosent. 7 prosentpoeng høgare enn Høgre.
Ei undersøking Norstat gjorde for NRK like før jul viste at meir enn ein av fem gjerne ville ha Listhaug som statsminister dersom valet står mellom henne, Støre og Erna Solberg.
Frå 2018 til 2020 sat Frp i regjering saman med Høgre og etter kvart Venstre og KrF.
I ein månad var Listhaug olje- og energiminister, til Frp forlét regjeringssamarbeidet i januar 2020.
Målet er igjen å sitte ved makta og då vil ho auke norsk olje- og gassproduksjon.
– Vi må leite, finne og bygge ut meir. Så lenge verda treng olje og gass, skal Noreg vere med å produsere. Vi bør vere det siste landet som skrur av kranane og då fordi verda ikkje treng desse varene lenger, seier ho.
Publisert