Stavanger kommune har bede om meir informasjon om moglegheitene for å byggje eit krematorium på Jæren, skriv Jærbladet.
Ordin Rosland i Klepp lanserte planane før jul. Planen går på tvers av planane til Stavanger kyrkjelege fellesråd, som vil byggje nytt i Stavanger.
Talet på kremasjonar på Eiganes krematorium i Stavanger har auka med 45 prosent. Eiganes er det einaste krematoriet i Rogaland, og det er ingen krematorium mellom Stavanger og Kristiansand.
Avisa skriv at kyrkjeverja i Stavanger Rune Skagestad trur det vil ta tid å få på plass eit krematorium til i kommunen. Rosland meiner på si side det kan byggast på Klepp i løpet av eitt år.