Energiminister Terje Aasland (Ap) vil vente på endeleg behandling før han tar stilling til nye funn om Kielland-ulykka. Det skriv Dagens Næringsliv.
Bustadplattforma «Alexander L. Kielland» kantra i 1980. 123 menneske omkom.
I helga blei det kjent at staten kan ha halde tilbake viktig informasjon. Blant dei nye opplysningane er tidlegare ukjende bilete som viser at dører og luker stod opne med kablar trekt gjennom.
Kritiske funn skal ha blitt hemmelegstempla eller oversett.
Dei nye funna har fått Kielland-nettverket til å vurdere søksmål mot staten. Det kan bli på fleire milliardar kroner, skriv DN.