Går du ein tur ved Breiavatnet i Stavanger sentrum i mørke, kan du knapt la vera å legga merke til det.
Skiltet med teksten «Jesus verdens lys» lyser opp med store bokstavar.
På toppen heng ei stjerne.
– Det er verkeleg ikonisk, seier Tove Galta i Museum Stavanger.
Skiltet blei sett opp i 1926.
I år er det 100-årsjubileum.
Det gjer det til eit av landets eldste lysskilt.
Eit anna ikonisk lysskilt er Freia-skiltet på Egertorget i Oslo sentrum frå 1909.
Det er Noregs og Europas første lysreklameskilt.
– Oslo hadde sjokolade, me hadde Jesus, seier Galta frå Museum Stavanger.

Det ikoniske Freia-skiltet på Egertorget i Oslo sentrum.
Foto: Knut Falch / NTB
Inspirasjon frå USA
Jesus og Stavanger høyrer på mange måtar saman.
Oljebyen har ei sterk bedehus- og misjonshistorie.
Initiativet til Jesus-skiltet kom frå Olaf Kostøl og Den Apostoliske Tros Misjon, inspirert av religiøs vekking i USA.
– Det var eit skilt i Portland der det stod «Jesus light of the world». Kostøl tok ideen med seg, og fekk sett opp eit skilt i Noreg, forklarer Galta.
Men ting skjedde gradvis.
For dei hadde ikkje råd til heile skiltet i Stavanger på ein gong.
– Dei tok berre ein og ein bokstav om gongen. Til slutt gjekk dei til ein blekkslagar og fekk sett det saman til slutt, slik det står i dag.
På 1970-talet blei det byta ut med neonskiltet som står i dag.
Kva synst folk i Stavanger om Jesus-skiltet? (sveip under)
-
Magnus Stokka / NRK
Bernhard Andresen
– Jesus-skiltet skil seg ut, og ein legg merke til det. Eg arbeider med design og legg merke til at det er ein triangel opp mot himmelen med ei stjerne på toppen, så det er vel symbolsk også.
– Ein tydeleg bodskap?
– Ja, veldig. Og i ein sentral del av byen. Men eg håpar alle får lov til å uttrykka seg på sin måte.
-
Magnus Stokka / NRK
Hosie Tekie
– Eg synest Jesus-skiltet er veldig fint. Det spreier ein bra bodskap og det er stilig at det finst i Stavanger.
– Er det greit med ein så tydeleg bodskap i 2026?
– Eg synest det. Det er fint at folk kan vita litt om Jesus.
– Vil det stå i 100 nye år?
– Ja, det får me håpa.
-
Magnus Stokka / NRK
Mohamad Kassem
– Eg synest Jesus-skiltet er tøft. Det er ein god bodskap.
– Er det greitt med ein så tydlege bodskap i 2026?
– Ja.
– Blir det ståande i åra som kjem?
– Det ser litt rustent ut, men me får håpa det. Det er litt blokkert av husa, så det er faktisk første gong eg ser det.
-
Magnus Stokka / NRK
Dennis Gumus
– Skiltet er ganske fascinerande fordi du kan sjå det frå mange plassar. Det er også veldig fint om kvelden.
– Blir det ståande?
– Sjølv om det er gammalt, trur eg det blir ståande.
Misjonshovudstaden
Tomas Sundnes Drønen er professor ved VID vitenskapelige høgskole i Stavanger og ekspert på misjonshistorie.
Ifølge han er det langt frå tilfeldig at Jesus-skiltet fekk heidersplass i Stavanger sentrum i 1926.
– For 100 år sidan hadde Misjonsselskapet alt halde på i drygt 50 år. Misjonstanken hadde spreidd seg og gjort Stavanger til ein misjonshovudstad, forklarer professoren.
Han fortel at når misjonsprestane blei ordinert, og vandra frå det gamle hovudkvarteret til Misjonsselskapet og opp til St. Petri-kyrkja, var det nesten som å sjå eit 17. mai-bilete frå i dag.
– Biskopane går i front, politiet er til stades og det er berre tjåka fullt med folk som står langs fortaua for å sjå prosesjonen og vandra opp til kyrkja.

Jesus-skiltet lyser opp i mørke i Stavanger sentrum.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Kristendommen hadde den gong ein naturleg plass i bybilete, og preste- og misjonærordinasjonar betydde fest i heile byen, ifølge professoren.
– Dermed var det å setja opp eit Jesus-skiltet ein ganske naturleg ting. Det var ikkje så veldig mange som blei overraska.
Dei fire orda «Jesus er verdens lys» er heller ikkje tilfeldige, ifølge eksperten på misjonshistorie.
– Det var eit veldig kjent misjonsbilete. Jesus skulle koma med lys til heidningane sitt mørke.
Skilt-kritikk
Men sjølv i bedehusbyen Stavanger, har det ikkje mangla på kritikk av Jesus-skiltet.
– Sjølv om me snakkar om misjonshovudstaden, har Stavanger alltid vore ein delt by. Kritikken frå dei som var meir på opplysningssida har alltid vore til stades. Den gjekk på at kristendommen ikkje er for alle, seier Sundnes Drønen.
Det var også mange som kalla skiltet «usmakeleg» i starten.

Tomas Sundnes Drønen er professor ved VID vitenskapelige høgskole i Stavanger.
Foto: Misjonshøgskolen
Men det har altså overlevd ulike tidsepokar i 100 år.
– Og det skulle berre mangla i ein misjons- og bedehusby. Skiltet oppsummerer ganske mykje av sjela til byen. Det er eit viktig kulturhistorisk element i byen vår, seier Galta frå Museum Stavanger.
Ho tenker at tilreisande nok syntest skiltet var mykje meir spesielt enn stavangerfolk i gamle dagar.
Rogalendingar var trass alt vane med at kristen tru hadde ein stor plass i dagleglivet.
– I dag tenker eg at mange ser på det med nostalgi. Med minne om besteforeldra sine Jesus-bilete på veggen og sånn.
Når journalistar har besøkt den gamle misjonsbyen, har dei gjerne også harselert litt med Stavanger som har Jesus-skilt.
Skiltet har også i fleire kortare periodar vore sløkt. Då har det kome klager.
– Atlantic hotell har ringt bort og spurt om dei vil skru på skiltet igjen fordi gjester vil sjå det. Det er ein slags turistattraksjon også, seier Galta.

Jesus-skiltet er godt synleg i Stavanger by.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Jesus-skilt i 2026?
I dag er skiltet freda.
– Kunne det blitt hengt opp i dag?
– Nei, det trur eg ikkje, svarer professor Sundnes Drønen.
– Det hadde i alle fall blitt ein veldig stor diskusjon rundt det. Tida har endra seg veldig på desse 100 åra.
Lyse Elnett har ansvar for å drifta lys i skiltet, medan Stavanger kommune står som eigar.
I Rogaland går det også ei vandrarhistorie om at det ein gong stod eit skilt ved sida av Jesus-skiltet med teksten:
«Osram lyser bedre».
– Det er eit falskt minne, slår Galta frå Museum Stavanger fast.
– Er det berre tull?
– Ja. Det hadde blitt ramaskrik i denne byen, dersom det hadde blitt sett opp eit konkurrerande skilt. Det er heller ingen teikn i aviser eller andre plassar på at det har vore eit slikt skilt.

Skiltet har lyst opp over Stavanger sentrum i 100 år. Blir det ståande i 100 år til?
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Publisert


