– Eg brukar solkrem kvar dag for ikkje å skade huda mi. Eg vil ikkje få rynker og pigmentflekkar. Eg vil eldast fint, seier Line Thorsen (23).
Dei tre venninnene brukar alltid solfaktor 50 i ansiktet, og er ikkje åleine om det.
– Eg trur absolutt alle venninnene mine brukar solkrem kvar dag. Det er veldig viktig, seier Olivia Bådholm (24).
– Personleg brukar eg det ikkje heile året, men det er veldig mange som gjer det, seier Tea Delic (24).
Sola skin sterkt ved Universitetet i Stavanger.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Dei tre jentene er alle einige om at dei har høyrt mykje snakk om at ein bør bruke solkrem i ansiktet, kvar einaste dag.
– Særleg blant jenter. Ut ifrå erfaring så verkar det som at gutane ikkje bryr seg, seier Bådholm.
Brukar du solkrem i ansiktet heile året?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Ikkje nødvendig heile året
– Det er veldig bra at unge er opptekne av å beskytte huda deira, og tar solbeskyttelse på alvor, seier Camilla Gram, regionleiar i Kreftforeininga Rogaland.
Men solfaktor 50 i ansiktet heile året rundt, det trengst ikkje.
– Det er ikkje nødvendig å bruke solkrem midt på vinteren i Noreg, seier Gram.
Men ho understrekar at ein bør bruke solkrem på vinteren om ein til dømes skal vere lenge ute på fjellet.
-
Camilla Gram
- Regionleiar Kreftforeininga, Rogaland.
– Vi anbefaler at folk beskyttar huda når UV-indeksen er 3 eller høgare. Solkrem bør også kombinerast med skugge, klede og pausar frå sola, spesielt midt på dagen, seier Gram.
I Noreg er UV-indeksen sjeldan over 2 på vinteren, noko som blir rekna som låg intensitet.
Noreg framleis på topp
Noreg er framleis på topplista når det gjeld førekomst av hudkreft.
– Rundt ni av ti tilfelle av hudkreft i Noreg heng saman med intens sol og solarium, og vi veit at UV-strålar også kan gi tidlegare rynker og pigmentflekkar, forklarar Gram.
Hudkreft er den tredje største kreftforma for menn, og den fjerde største for kvinner i Noreg, ifølge FHI.
Hovudårsaka til hudkreft er solstråling mot ubeskytta hud og langvarig eksponering for vêr og vind.
Ansiktet er difor særs utsett, og risikoen er større desto lysare hud ein har.
Dagleg bruk førebygger rynker
Redsel for rynker er ei av årsakene til at jentene NRK treff i denne saka brukar solkrem heile året.
Patrick Hochnowski er LIS-lege ved hudavdelinga på Stavanger universitetssjukehus. Han anbefaler også bruk av solfaktor i periodar med sol, frå april til september.
– Dersom ein ønsker å førebyggje hudaldring som rynker og pigmentflekkar, kan dagleg bruk av SPF i ansiktet vere fornuftig. Og for å redusere risikoen for hudkreft, vil solfaktor 30 ofte vere tilstrekkeleg ved vanleg bruk i Noreg når sola står på, seier Hochnowski.
-
Patrick Hochnowski
- LIS-lege ved hudavdelingen, Stavanger universitetssjukehus.
Når det kjem til kva for ein solkrem han anbefaler, er det individuelt.
– Vel ein solkrem som gir brei beskyttelse både for UVA- og UVB-stråling. Forskjellige hudtypar kan ha behov for ulike solkremar, så det er viktig å finne ein solkrem ein faktisk likar å bruke.
Og når du har funne riktig type solkrem, er det også mykje å ta omsyn til om korleis du brukar solkremen din riktig.
– Eg drit i det
Tilbake på Campus Ullandhaug ved Universitetet i Stavanger, har jentene rett om gutane sine vanar når det kjem til solkrem.
– Eg tenker ikkje på det, så det drit eg i. For eg tenker ikkje på at det kan vere skadeleg for huda, seier Jonas Dolmen (21).
Han brukar berre solkrem når han er i Syden.

– Eg gløymer å ta på solkrem, men eg blir jo solbrent. Så eg lærer aldri, seier Haakon Urdal (21).
Medan kompisen har litt andre vanar.
– Eg har på solkrem i dag, det må ein med oransje hår, ler August Westerdal.

Håkon Urdal (21) og August Westerdal (21) har ulike vanar når det kjem til solkrem.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK
Hei!
Har du tankar om saka du har lest, eller innspel til andre ting eg bør sjekke ut? Send meg gjerne ein e-post!
Publisert


