Vikedal legekontor blir lagt ned frå veke 33, og all legeteneste blir flytta til Ølen. Pasientane vil framleis få tilbod om fastlege, men tenesta blir i ein overgangsperiode dekt av vikarlegar medan kommunen arbeider med å rekruttere nye legar.
Vikedal legekontor: Blir lagt ned frå veke 33. Som følgje av sommarferie og mellombels omorganisering blir drifta flytta til Ølen legekontor allereie i vekene 28 til 32.
Det opplyser Vindafjord kommune. Pasientane som i dag har fastlege tilknytt Vikedal legekontor, vil framleis få eit legetilbod. Tenesta blir vidareført ved Ølen legekontor, der vikarlegar skal dekke behovet fram til nye legar er tilsette. Dei ledige legeheimlane vil bli lyst ut.
I perioden frå veke 28 til 32 skal pasientane møte ved Ølen legekontor i Eiabakken 7 og bruke hovudinngangen. Frå og med veke 33 skal pasientane nytte inngang 2, som ligg aust for ambulanseinngangen.


