
Stemninga stod bokstavleg talt i taket på torget i Bryne i natt.
Jærbuar og andre tilreisande fotballfans samla seg for å følgje den nervepirrande VM-kampen, og det var aldri nokon tvil om kven som var det store samlingspunktet denne kvelden.
Då Bryne-guten Erling Braut Haaland herja på skjermen, eksploderte lokalet i vill jubel.
Blant dei frammøtte var Kyrre Otto. Han var ikkje i tvil om at nattesøvnen måtte ofrast for landslaget.
– Det er heilt fantastisk. Det er heilt enormt! Mål med Erling … det kan ikkje bli betre.
Haaland markerte seg ikkje berre på banen, men sende også ei helsing heim til Jæren i intervjuet etter kampslutt.
– Det viser at det er mogleg, om du kjem frå Bryne eller Vigrest, sa Haaland til pressa etter kampen.
– Det heng så høgt. Eg er utruleg stolt.


