I år blir Stavanger 900 år, og det skal feirast.
På den store bursdagsfeiringa laurdag er H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit på besøk.
Det blir blant anna nedlegging av tidskapselen til 1000-årsjubileet på Arneageren, barnekor på domkyrkjetrappa, musikkfest og regatta i Vågen.
Ein rein folkefest for å hylle Stavanger, og for anledninga skin sola mellom skyene i sentrum.
For det var også på denne dagen Stavanger feira 800 års- jubileet.
– Vi har alle saman bursdag i dag, sa ordførar Tormod W. Losnedal under opningstalen.
Kronprinsessa vart møtt eit folkehav i Stavanger og ordførar i Stavanger, Tormod W- Losnedal (H) tok kronprinsessa i mot.
Tidskapsel til framtida
Som ein del av programmet er det laga ein tidskapsel til jubilantane i år 2125.
Over tusen femteklassingar har skrive historier til dei som lever om 100 år.
I dag bidreg kronprinsessa til prosjektet. For eit ønske skrive av kroprinsessa, skal også leggast på plass.
Til anledninga er det også laga eit kunstverk, som har ein nøkkel. Den skal ikkje brukast før neste 100-års markering i byen.
Starta feiringa tidleg
Det er ikkje berre i dag bursdagsfeiringa går føre seg.
For feiringa av Stavanger 900 år starta allereie i januar med Glød lysfestival.
Seks lysinstallasjonar frå Domkirkeplassen, via Obstfelders plass og St. Petri-kyrkja, til enden av Pedersgata markerte starten av Stavanger 900 år.
Foto: Jakub Krzysztof Spadlo
Då kunne folk sjå eit kunstverk på Domkirkeplassen med lyskastarar ein kunne sjå frå lang avstand.
900 minutt for å feire 900 år
Denne veka hadde NRK Rogaland ei sending i 900 minutt for å hylle Stavanger som fyller 900 år.
Øystein Ellingsen og Johan Mihle Laugaland gjennomførte ein hyllest til byen på 900 minutt direkte på radio.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Ifrå klokka 09.00 om morgonen til midnatt fylte programleiarane sendinga med gjestar, innslag og berre musikk frå byen.
Her kan du sjå og høyre heile sendinga.
Publisert
Oppdatert