– Det er mykje uro blant folk i Suldal, og dette har skapt sterke reaksjonar, seier fungerande ordførar i kommunen, Torbjørn Indrebø (KrF).
Om innbyggarane i ryfylkekommunen skal til sjukehuset og ikkje har andre måtar å kome seg dit på enn taxi, må dei legge ut for heile turen sjølv.
For dei med lengst reiseveg er det to og ein halv time kvar veg. Det kostar opp mot 10.000 kroner.
Dette gjeld dei som normalt får dekka transport etter godkjenninga frå lege eller annan behandlar.
Dei får pengane betalte tilbake, men turen frå Nesflaten i Suldal til Haugesund sjukehus er på 164 kilometer.
Heller ikkje Etne og Ullensvang i Vestland har transportørar etter anbodet gjekk ut. Suldalsposten omtala saka først.
Fryktar pasientar droppar turen
Før måtte ein berre betale eigendel. Men etter at anbodet gjekk ut i mai, er det ingen som vil frakte pasientane ut ifrå krava.
– Dette går ut over dei som ikkje har andre moglegheiter til å kome seg på sjukehuset. Når ein må legge ut tusenvis av kroner sjølv, fryktar eg for at folk droppar å dra til sjukehuset, seier Indrebø.
Torbjørn Indrebø er fungerande ordførar i Suldal kommune og synest situasjonen er kritisk for dei mest utsette pasientane.
Foto: Esther Moe / NRK
Han påpeikar at det er dei mest sårbare som vert ramma.
– Ikkje alle har råda til å legge ut så mykje pengar, og det er gjerne dei som ikkje har nettverket til å hjelpe seg med å kome seg på sjukehuset på andre måtar, seier Indrebø.
Tidlegare hadde Haugaland Taxi oppdraget.
Oppdragsgivar Helse Fonna krev at Haugaland Taxi må ha fem taxiar stasjonert til ein kvar tid, utan at det er lova noko oppdrag.
– Vi meiner dei er litt urimelege, seier dagleg leiar for Haugaland Taxi, Georg Hillestad.
Oppdragsgivaren for pasientreiser til sjukehuset i Haugesund er Helse Fonna. Haugaland Taxi meiner krava deira er urimelege.
Foto: Jan Kåre Ness / NTB
– Går utover pasientane
For Haugaland Taxi er det ikkje ein situasjon dei ønsker å stå i.
– Det er trist, for det er i utgangspunktet pasientane det går utover, seier Hillestad.
Georg Hillestad er dagleg leiar for Haugaland Taxi, som tidlegare tok oppdraga for pasientreiser i Suldal kommune.
Foto: Gisle Jørgensen / NRK
– Korleis kunne ein løyst dette?
– Det er vel berre å justere litt på kravet, seier Hillestad.
Prøver å finne løysing
Helse Fonna seier til NRK at dei er villige til å sjå på om kravet kan endrast på.
– Vi følger norma for å sikre ein leveranse som er best mogleg for pasientane. Det er ikkje spesielle forhold for Helse Fonna. Men vi erfarer at vi kanskje må sjå på kva leverandørane i området har moglegheit til, seier Ingvill Hystad Kyvik, klinikkdirektør i Helse Fonna.
Ingvill Hystad Kyvik er klinikkdirektør for medisinske tenester og beredskap i Helse Fonna.
Foto: Eirik Dankel / Helse Fonna
Ifølge Kyvik er det høgt prioritert å finne ei løysing på saka.
– Vi er i ein fortløpande prosess for å sjå kva vi kan gjere for å få avtalar på plass.
Den fungerande ordføraren har sjølv teke kontakt med Helse Fonna.
– Vi må klare å finne ei løysing, men vi er allereie på overtid, seier Indrebø.
Publisert