{"id":23439,"date":"2026-09-18T14:57:29","date_gmt":"2026-09-18T14:57:29","guid":{"rendered":"https:\/\/radiostavanger.no\/?p=23439"},"modified":"2026-09-18T14:57:29","modified_gmt":"2026-09-18T14:57:29","slug":"det-blir-ikkje-fleire-filmar-radio-stavanger","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/radiostavanger.no\/?p=23439","title":{"rendered":"Det blir ikkje fleire filmar \u2013 Radio Stavanger"},"content":{"rendered":"<p><br \/>\n<\/p>\n<div id=\"mvp-content-main\">\n<p class=\"radioh-ingress\"><strong>Det har ikkje vore enkelt \u00e5 f\u00e5 Jon Fosse i tale etter at han fekk Nobelprisen i litteratur for 2023. Men sist veke kom denne meldinga, etter eit nytt sp\u00f8rsm\u00e5l om ein prat: \u00abEg har no i fleire \u00e5r takka nei til intervju med norske aviser, og har eigentleg lite nytt \u00e5 melda, men sidan eg er heller ihuga m\u00e5lmann, s\u00e5 f\u00e5r me vel f\u00e5 til eit intervju d\u00e5.\u00bb<\/strong>\n<\/p>\n<p><strong>Jon Fosse<\/strong>: NTB-NPK-Jan Inge Fardal\n<\/p>\n<p>Endeleg, alts\u00e5 \u2013 fredag 11.9. klokka 11.00 stilte nobelprisvinnaren fr\u00e5 Strandebarm i Hardanger til intervju med Nynorsk pressekontor i Kunstnernes Hus i hovudstaden, ein liten spasertur fr\u00e5 bustaden i \u00abGrotten\u00bb like over gata.\n<\/p>\n<p>Det vart ein lang og hyggjeleg samtale, som eigentleg var framifr\u00e5 godt tima. Bok 2 i trilogien om Vaim, \u00abVaim hotell\u00bb, er nyss komen ut til b\u00e5de ros og slakt, me kjem inn p\u00e5 begge, og det var ei lita veke til offisiell premiere p\u00e5 filmen \u00abKj\u00e6rast\u00bb, basert p\u00e5 originalmanuset \u00abBad Moon Rising\u00bb \u2013 Jon Fosses einaste filmmanus.\n<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 filmen kjem me inn p\u00e5, og ikkje minst kva storverket Septologien har hatt \u00e5 seia for forfattarskapen. Me snakka \u00f2g mykje om korleis livet har vore etter Nobelprisen, og litt til. S\u00e5 p\u00e5standen om at han eigentleg hadde lite nytt \u00e5 melda, stemmer ikkje heilt.<\/p>\n<h2>Trengde pengar<\/h2>\n<p>\nOg berre s\u00e5 det er klart, sitatsjekk vil ikkje han ha noko av.\n<\/p>\n<p>\u2013 Eg les aldri gjennom slikt, eg gidd ikkje det lenger, seier han, f\u00f8r me startar med det ferskaste.\n<\/p>\n<p>Nemleg \u00abKj\u00e6rast\u00bb, filmen som nyss hadde premiere, men som i Fosses originale versjon heiter \u00abBad Moon Rising\u00bb, skriven som hans einaste filmmanus ein gong tidleg p\u00e5 1990-talet etter oppmoding fr\u00e5 Tom Remlov, den gong sjef for Norsk Film.\n<\/p>\n<p>\u2013 Ja, eg trengde pengar, seier Jon om kvifor han gav seg i kast med eit filmmanus.\n<\/p>\n<p>\u2013 Det var \u00f2g grunnen til at eg skreiv det f\u00f8rste stykket mitt. N\u00e5r du lever p\u00e5 den m\u00e5ten eg gjorde d\u00e5, vil du ikkje ha nokon vanleg jobb. D\u00e5 m\u00e5 du ta det som dukkar opp. No m\u00e5 eg ikkje det lenger, men d\u00e5 m\u00e5tte eg, seier forfattaren som avsl\u00f8rer at han aldri har vore spesielt interessert i film og at det ikkje blir fleire filmmanus fr\u00e5 han.<\/p>\n<p>\u2013 Eg synest det er br\u00e5kete. Sv\u00e6re bilete og masse lyd! Nei takk. Men den gongen m\u00e5tte eg gjera det, eg kunne ikkje takka nei til det tilbodet.\n<\/p>\n<h2>Ikkje spent i det heile<\/h2>\n<p>\n\u2013 Er du meir spent p\u00e5 mottakinga av ein film som \u00abKj\u00e6rast\u00bb eller ei bok som \u00abVaim Hotell\u00bb no enn f\u00f8r du fekk Nobelprisen?\n<\/p>\n<p>\u2013 Eg er ikkje spent i det heile, for \u00e5 seie det s\u00e5nn. Det er lenge sidan eg slutta \u00e5 vera spent. N\u00e5r du held p\u00e5 med denne elendigheita i s\u00e5 mange \u00e5r, s\u00e5\u2026\n<\/p>\n<p>\u2013 Elendigheita?\n<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo det. Etter \u00e5 ha hatt s\u00e5 mange bokutg\u00e5ver og s\u00e5 mange teaterproduksjonar, b\u00e5de i Noreg og i andre land s\u00e5 blir det jo det, desse meldingane. P\u00e5 det meste har det nesten vore ein kritikkrunde per dag kanskje i eit par veker, i gangen. S\u00e5 det er eg veldig avslappa til no. Men det eg trudde, og det er ein utruleg ting, kanskje \u2013 d\u00e5 eg skreiv \u00abSeptologien\u00bb, og gjorde han s\u00e5pass katolsk, for \u00e5 seie det s\u00e5nn, var eg f\u00f8rebudd p\u00e5 at han kom til \u00e5 bli hata. For du veit, i det intellektuelle, litter\u00e6re milj\u00f8et, s\u00e5 har jo aldri slike ord om Gud vorte godt mottekne. D\u00e5 vart du lenge uglesett. Slik var det i si tid, men tidene har skifta. Heldigvis. Men eg blei litt overraska over at det vart s\u00e5 godt motteke, ikkje berre i Noreg, men \u00f2g i Tyskland, England, Amerika og over alt, seier Jon Fosse.<\/p>\n<h2>Vaim er ikkje Vadheim<\/h2>\n<p>\n\u2013 Me m\u00e5 snakka litt om denne trilogien din \u00abVaim\u00bb og \u00abVaim Hotell\u00bb, som begge er ute, og om \u00abVaim Vekeblad\u00bb som kjem neste \u00e5r. Som sogning m\u00e5 eg sp\u00f8rja \u2013 er det bygda Vadheim ved Sognefjorden som er modell for denne trilogien?\n<\/p>\n<p>\u2013 Nei! Eg har aldri vore der. Eg hadde berre k\u00f8yrt igjennom. Eg hadde aldri tenkt p\u00e5 Vadheim som plass i det heile teke, seier forfattaren, som lenge heller ikkje var klar over at bygda Vadheim blir kalla Vaim av lokalbefolkninga. Men ein kjenning av han har budd der i oppveksten, og ein eller annan gong nemnde han dette ordet d\u00e5, Vaim \u2013 utan \u00e5 setja det inn i nokon samanheng.\n<\/p>\n<p>\u2013 Men eg hugar at eg sa til han at det ordet hadde ein s\u00e5 fin klang, at det skulle eg ta vare p\u00e5 og bruka som tittel ein gong i tida. Og s\u00e5 blei det no slik d\u00e5, seier Fosse, glad for at han hadde manuset til denne trilogien liggjande ferdig d\u00e5 han fekk vita om Nobelprisen.\n<\/p>\n<p>\u2013 Mange snakkar om at det er vanskeleg \u00e5 f\u00e5 skrive noko nytt etter ein Nobelpris. Og det skj\u00f8nar eg veldig godt. Eg har skrive ein del sj\u00f8lv etter, men ikkje s\u00e5 veldig mykje om sant skal seiast. Og eg bestemde meg \u00f2g for \u00e5 omsetja, og no er eg snart ferdig med \u00abProsessen\u00bb av Kafka. For meg er det rett og slett avslappande \u00e5 halde p\u00e5 med omsetjing. Eg samlar meg og konsentrerer meg om dette no.\n<\/p>\n<h2>Eigen plass i Austerrike<\/h2>\n<p>\nDet er ein viktig del av Jon Fosses liv, b\u00e5de som diktar og som privatperson me ikkje har vore innom enno, det er forholdet til Austerrike. Nobelprisvinnaren har ikkje berre fire bustadar i Noreg, han har \u00f2g eit husv\u00e6re i den vesle mellomalderbyen Hainburg an der Donau, som har vore og er heilt sentral i hans og familiens liv. Det var til d\u00f8mes i denne byen han skreiv Septologien.<\/p>\n<p>\u2013 Til saman har eg nok budd der i rundt 10 \u00e5r, men over ein mykje lenger periode, fortel Jon om byen i regionen der kona Anna, som han gifta seg med i 2011, kjem fr\u00e5. Byen der den vesle familien har levd og budd i desse \u00e5ra og der ingen visste spesielt mykje om kven dei var og kvifor dei budde der.\n<\/p>\n<p>\u2013 Eg gjorde minst mogleg vesen av meg, me levde eit stille liv og rusla rundt utan at nokon brydde seg, fortel Jon.\n<\/p>\n<p>S\u00e5 kom Nobelprisen og br\u00e5tt endra alt seg. Han vart attkjend av alle, og etter kvart vaks det fram eit ynskje om at byen m\u00e5tte markera at ein nobelprisvinnar har bustad der. Bystyret var med, og sommaren etter vart \u00abJon Fosse Platz\u00bb opna.\n<\/p>\n<p>\u2013 Men kvar er du n\u00e5r du ser framover? Tenkjer du nye b\u00f8ker, nye skodespel ?\n<\/p>\n<p>\u2013 Nei, det er ikkje noko eg tenkjer p\u00e5 eller kjem p\u00e5 no. Det f\u00e5r komme det som kjem og vil.<\/p>\n<p>(\u00a9NPK)\n<\/p>\n<p>jan.inge.fardal@npk.no\n<\/p>\n<p>(\u00a9NTB)\n<\/p>\n<\/p><\/div>\n<p><script async defer crossorigin=\"anonymous\" data-lazy=\"w3tc\" data-src=\"https:\/\/connect.facebook.net\/nb_NO\/sdk.js#xfbml=1&#038;version=v18.0\"><\/script><br \/>\n<br \/><br \/>\n<br \/><a href=\"https:\/\/radioh.no\/jon-fosse-det-blir-ikkje-fleire-filmar\/\">Kilde <\/a><\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det har ikkje vore enkelt \u00e5 f\u00e5 Jon Fosse i tale etter at han fekk Nobelprisen i litteratur for 2023. Men sist veke kom denne meldinga, etter eit nytt sp\u00f8rsm\u00e5l om ein prat: \u00abEg har no i fleire \u00e5r takka nei til intervju med norske aviser, og har eigentleg lite nytt \u00e5 melda, men sidan [&hellip;]<\/p>","protected":false},"author":1,"featured_media":2409,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[107],"tags":[],"tmauthors":[],"class_list":["post-23439","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-nyheter"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/23439","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=23439"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/23439\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/2409"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=23439"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=23439"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=23439"},{"taxonomy":"tmauthors","embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftmauthors&post=23439"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}