{"id":6557,"date":"2026-05-14T12:04:56","date_gmt":"2026-05-14T12:04:56","guid":{"rendered":"https:\/\/radiostavanger.no\/?p=6557"},"modified":"2026-05-14T12:04:56","modified_gmt":"2026-05-14T12:04:56","slug":"kraftoppror-i-fjellbygda-dei-drep-bygdene-sakte-men-sikkert-nrk-rogaland-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/radiostavanger.no\/?p=6557","title":{"rendered":"Kraftoppr\u00f8r i fjellbygda:\u00a0\u2013 Dei drep bygdene sakte, men sikkert \u2013 NRK Rogaland \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p><br \/>\n<\/p>\n<div data-main-content=\"\" data-ec-list=\"article_body\" data-ec-name=\"br\u00f8dtekst\">\n<p>\u2013 Er det du som er trollet?<\/p>\n<p>Mor Ingvild Skare Thygesen og dei tre barna Koll, Askel og Ylva lever seg inn i eventyret \u00abDe tre bukkene Bruse\u00bb.<\/p>\n<p>Kulissane er ogs\u00e5 bokstavleg talt eventyrlege p\u00e5 fjellgarden i R\u00f8ldal i Vestland.<\/p>\n<p>Den gamle l\u00e5ven i naturleg trefarge er dekka med torvtak og utsmykka med rutete vindauge.<\/p>\n<p>P\u00e5 bakken er graset s\u00e5 vidt blitt gr\u00f8nt.<\/p>\n<p>Himmelen er knallbl\u00e5 og dei h\u00f8ge fjelltoppane er pynta med kvit sn\u00f8.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det spesielle med bygdene her oppe er n\u00e6rleiken til vidda og fjellet. Me brukar naturen og det er derfor me vil bu her, seier trebarnsmor Skare Thygesen.<\/strong><\/p>\n<p>I fjor haust flytta ho til mannen sin familiegard i R\u00f8ldal, like ved E134 Haukelivegen som er ein av vegane mellom aust og vest i landet.<\/p>\n<p>Her driv dei med gardsturisme og utleige av jakt- og fiskerettar.<\/p>\n<div id=\"1.17875375.1c09eb0c\" class=\"g100 col fc s10 sl12 sl18 sg6 sg9 image-reference image-reference--F169\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17875375&size=10&perspective=RICH&alignment=CENTER&caption=Ylva+Skare+Thygesen+%2810%29%2C+Koll+Rabbe+Thygesen%0D%0A+%282%29+og+Thor+Rabbe+%2812%29+trivest+med+uteleik+i+R%C3%B8ldal.%0D%0A&type=image&aspect=F169&parentSize=10 --><!-- START: \/templates\/image\/image-rich.jsp --><\/p>\n<figure class=\"image widget rich\">\n<div class=\"responsive-img F169\"><img decoding=\"async\" sizes=\"(min-width:1180px) 639px, (min-width:720px) 56vw, 100vw\" srcset=\"https:\/\/gfx.nrk.no\/49tZ4TlS33IC5iti-4ReFw1C_5XpsjTTsUgB_jPIlKVg.jpg 80w, https:\/\/gfx.nrk.no\/49tZ4TlS33IC5iti-4ReFwU5_spF_R8UMUgB_jPIlKVg.jpg 160w, https:\/\/gfx.nrk.no\/49tZ4TlS33IC5iti-4ReFw2zluHpuKip4UgB_jPIlKVg.jpg 350w, https:\/\/gfx.nrk.no\/49tZ4TlS33IC5iti-4ReFwDMzIcuhqGDMUgB_jPIlKVg.jpg 450w, https:\/\/gfx.nrk.no\/49tZ4TlS33IC5iti-4ReFweYJoN-ll7E4UgB_jPIlKVg.jpg 650w, https:\/\/gfx.nrk.no\/49tZ4TlS33IC5iti-4ReFwcUmF7xux7QwUgB_jPIlKVg.jpg 1000w, https:\/\/gfx.nrk.no\/49tZ4TlS33IC5iti-4ReFwqa7W5l4-2G4UgB_jPIlKVg.jpg 1200w, https:\/\/gfx.nrk.no\/49tZ4TlS33IC5iti-4ReFw2z8LhWw9bCoUgB_jPIlKVg.jpg 1600w, https:\/\/gfx.nrk.no\/49tZ4TlS33IC5iti-4ReFwj8AGebfbUUgUgB_jPIlKVg.jpg 2000w\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"tre barn p\u00e5 stor stein\" title=\"Foto: Magnus Stokka \/ NRK\"\/><\/div><figcaption>\n<p class=\"\">Ylva Skare Thygesen (10), Koll Rabbe Thygesen<br \/>\n(2) og Thor Rabbe (12) trivest med uteleik i R\u00f8ldal.\n<\/p>\n<p><small>Foto: Magnus Stokka \/ NRK<\/small><br \/>\n<\/figcaption><\/figure>\n<p><!-- END: \/templates\/image\/image-rich.jsp -->\n<\/div>\n<h2>Ingen bading eller b\u00e5tliv<\/h2>\n<p><strong>Men bak den tilsynelatande idyllen, skjuler det seg eit sinne og frustrasjon.<\/strong><\/p>\n<p>Mange i R\u00f8ldal er rasande p\u00e5 landets st\u00f8rste kraftutbygging p\u00e5 40 \u00e5r til ein prislapp p\u00e5 7\u20138 milliardar kroner (sj\u00e5 faktaboks og kart).<\/p>\n<div id=\"1.17134867.ea0262ff\" class=\"g100 col fc s10 sl12 sl18 sg6 sg9 fact-reference\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17134867&size=10&perspective=BRIEF&alignment=CENTER&variant=minimized&parentSize=10 --><\/p>\n<aside class=\" fact widget brief skin-background-50 darkmode-skin-background-900 skin-text-950 skin-anchor-child-700 skin-anchor-child-800--hover darkmode-skin-text-50 darkmode-skin-anchor-child-200 darkmode-skin-anchor-child-300--hover \" role=\"complementary\" data-id=\"1.17134867\" id=\"fact-1-17134867\" aria-labelledby=\"fact-1-17134867_title\" data-ec-id=\"pp:article:1.17134867\" data-ec-name=\"Dette er planene for kraftutbyggingen i R\u00f8ldal og Suldal\" data-ec-category=\"fact-minimized\">\n<h3 class=\"fact__title title\" id=\"fact-1-17134867_title\">Dette er planene for kraftutbyggingen i R\u00f8ldal og Suldal<\/h3>\n<p><button class=\"fact__expand\" data-k5a-pos=\"faktaboks\" data-factid=\"fact-1-17134867\"><\/p>\n<p><\/button><\/p>\n<div class=\"fact__body text-body skin-text-950 skin-anchor-child-700 skin-anchor-child-800--hover darkmode-skin-text-50 darkmode-skin-anchor-child-200 darkmode-skin-anchor-child-300--hover \" aria-hidden=\"true\">\n<ul>\n<li>Lyse Kraft vil bruke n\u00e6rmere \u00e5tte milliarder kroner p\u00e5 blant annet fem nye kraftstasjoner og 30 kilometer med nye tunneler i R\u00f8ldal og Suldal.<\/li>\n<li>De skal i grove trekk g\u00e5 parallellt med eksisterende vannveier og kraftstasjoner.<\/li>\n<li>Tre av de nye kraftstasjonene er pumpekraftverk.<\/li>\n<li>De skal pumpe vann fra lavereliggende vannmagasin til h\u00f8yereliggende vannmagasin.<\/li>\n<li>Hensikten er \u00e5 kunne produsere vannkraft n\u00e5r ikke sol- og vindkraft dekker behovet for str\u00f8m, og \u00e5 ha muligheten for \u00e5 fylle opp igjen vannmagasinene n\u00e5r behovet er dekket.<\/li>\n<li>Str\u00f8mproduksjonen vil \u00f8ke med 800 GWh, men det trengs like mye str\u00f8m og mer til for \u00e5 pumpe vann opp igjen i vannmagasinene.<\/li>\n<li>Det viktigste er at effekten vil mer enn doble seg fra 638 til 1288 MW.<\/li>\n<li>Kraftanleggene i R\u00f8ldal og Suldal bygget Hydro p\u00e5 60-tallet for \u00e5 forsyne aluminiumsfabrikken p\u00e5 Karm\u00f8y med str\u00f8m.<\/li>\n<li>I dag eier Hydro anleggene sammen med Lyse AS i selskapet Lyse Kraft.<\/li>\n<li>I alt er det ni kraftverk i dag, og 17 vannmagasin fordelt p\u00e5 en \u00f8stre og en vestre del.<\/li>\n<li>Str\u00f8mproduksjonen i dag er p\u00e5 3300 GWh.<\/li>\n<li>Lyse Kraft tror det er realistisk at de f\u00e5r konsesjon i 2027. Tidligste tidspunkt for investering er en gang i l\u00f8pet av 2028. Utbyggingen er ventet \u00e5 ta 5-6 \u00e5r.<\/li>\n<\/ul>\n<\/div>\n<\/aside>\n<\/div>\n<p>Nye kraftverk og hyppigare regulering av R\u00f8ldalsvatnet vil gjera det umogleg for folk \u00e5 bruka vatnet til aktivitetar b\u00e5de sommar og vinter, meiner fleire.<\/p>\n<p>Vatnet ligg kloss ved der dei fleste om lag 400 innbyggarane i bygda bur, og blir samanlikna med Sognsvann i Oslo og Vangsvatnet i Voss.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Utbyggarane p\u00e5f\u00f8rer oss lokalt store ulemper i v\u00e5r kvardag og viser ingen vilje til \u00e5 utbetra dei ulempene som dei tenar uhorveleg med pengar p\u00e5, meiner Skare Thygesen.<\/strong><\/p>\n<div id=\"1.17879500.90e38a01\" class=\"g100 col fln s10 sl12 sl18 sg6 sg9 video-reference\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17879500&size=10&perspective=RICH&alignment=AUTO&caption=Kraftproduksjonen+har+gitt+tydelege+fotavtrykk+ved+R%C3%B8ldalsvatnet.+Dronefoto%3A+Arild+Eskeland.&variant=player&parentSize=10 --><\/p>\n<figure class=\"image nrkno-embed-initialize video widget rich\" id=\"video-fe7dbc38-ba05-4921-8d3c-524d53185064\" nrkno-embed-type=\"nrkno-embed-nrkno-player\" data-video-id=\"fe7dbc38-ba05-4921-8d3c-524d53185064\" data-video-source=\"POTION\" data-video-type=\"DEFAULT\" data-title=\"R\u00f8ldal\" data-ec-id=\"potion:fe7dbc38-ba05-4921-8d3c-524d53185064\" data-ec-name=\"Kraftproduksjonen har gitt tydelege fotavtrykk ved R\u00f8ldalsvatnet. Dronefoto: Arild Eskeland.\" data-audio-as-video=\"false\" data-player-mode=\"default\" data-canonical-url=\"https:\/\/www.nrk.no\/video\/fe7dbc38-ba05-4921-8d3c-524d53185064\" data-autoplay=\"false\" data-ps-id=\"fe7dbc38-ba05-4921-8d3c-524d53185064\" data-aspect-ratio=\"16x9\" data-type=\"DEFAULT\" data-lazy-autoplay=\"false\" data-video-offset=\"0\"><figcaption>\n<p>Kraftproduksjonen har gitt tydelege fotavtrykk ved R\u00f8ldalsvatnet. Dronefoto: Arild Eskeland.<\/p>\n<\/figcaption><\/figure>\n<\/div>\n<p>32-\u00e5ringen fryktar det ogs\u00e5 blir verre \u00e5 ta seg inn til jakt- og friluftsomr\u00e5det <span class=\"note\" data-content=\"&lt;p&gt;&lt;strong&gt;Valldalen&lt;\/strong&gt;\u00a0er ein fjelldal om lag 700\u00a0meter over havet\u00a0s\u00f8rvest p\u00e5\u00a0Hardangervidda\u00a0som for det meste er nytta som magasin for\u00a0vasskraftverka\u00a0i den s\u00e5kalla\u00a0R\u00f8ldal-Suldalutbygginga\u00a0som vart gjort p\u00e5 1960-talet.&lt;\/p&gt; \" data-term=\"Valldalen,\">Valldalen,<\/span> der ho er grunneigar, med pumpekraftverk.<\/p>\n<p>Det er vegen inn til Hardangervidda og fjellet for mange i Hardanger.<\/p>\n<p>Ho trur folk vil slutta \u00e5 bruka fjellet dersom utrygg is gjer sn\u00f8skuter uforsvarleg.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg veit det er mange som har lyst til \u00e5 bu her p\u00e5 grunn av moglegheitene i fjellet. Men dei drep bygdene sakte, men sikkert, dersom desse blir innskrenka.<\/strong><\/p>\n<div id=\"1.17565459.f27c8699\" class=\"g100 col fln s10 sl12 sl18 sg6 sg9 atlas-reference\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17565459&size=10&perspective=RICH&alignment=AUTO&caption=Her+%C3%B8nsker+Lyse+og+Hydro+%C3%A5+bygga+fem+nye+kraftverk+%28dei+raude+prikkane%29.&aspect=F11&parentSize=10 --><\/p>\n<figure class=\"atlas widget rich F11\"><figcaption class=\"atlas__caption\">\n<p>Her \u00f8nsker Lyse og Hydro \u00e5 bygga fem nye kraftverk (dei raude prikkane).<\/p>\n<\/figcaption><\/figure>\n<\/div>\n<p>Ho f\u00e5r st\u00f8tte av svigerinna Sylvia Rabbe Hagen (42) som er oppvaksen p\u00e5 garden.<\/p>\n<p>\u2013 Tappinga av R\u00f8ldalsvatnet gjer at det blir lagt igjen mykje b\u00e5s, s\u00e5 det freistar ikkje \u00e5 bada. Det g\u00e5r heller ikkje an \u00e5 ha b\u00e5tar p\u00e5 vatnet fordi du veit ikkje om vatnet vil vera h\u00f8gt eller l\u00e5gt neste dag, seier 42-\u00e5ringen.<\/p>\n<div id=\"1.17875388.1d8665a7\" class=\"g100 col fc s10 sl12 sl18 sg6 sg9 image-reference image-reference--F169\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17875388&size=10&perspective=RICH&alignment=CENTER&caption=Sylvia+Rabbe+Hagen+er+oppvaksen+i+R%C3%B8ldal+og+har+lite+til+overs+for+inngrepa+kraftutbygginga+gir.&type=image&aspect=F169&parentSize=10 --><!-- START: \/templates\/image\/image-rich.jsp --><\/p>\n<figure class=\"image widget rich\">\n<div class=\"responsive-img F169\"><img decoding=\"async\" sizes=\"(min-width:1180px) 639px, (min-width:720px) 56vw, 100vw\" srcset=\"https:\/\/gfx.nrk.no\/6htub32AsAPOf1BlYVToAAIC98SYrF2rKB5xex9T2TBg.jpg 80w, https:\/\/gfx.nrk.no\/6htub32AsAPOf1BlYVToAATtnQgFjM-TKB5xex9T2TBg.jpg 160w, https:\/\/gfx.nrk.no\/6htub32AsAPOf1BlYVToAA7OY3icw27zuB5xex9T2TBg.jpg 350w, https:\/\/gfx.nrk.no\/6htub32AsAPOf1BlYVToAAtcE8tfCUqMqB5xex9T2TBg.jpg 450w, https:\/\/gfx.nrk.no\/6htub32AsAPOf1BlYVToAAGoUCYfCERE6B5xex9T2TBg.jpg 650w, https:\/\/gfx.nrk.no\/6htub32AsAPOf1BlYVToAAoJBIu60l2xCB5xex9T2TBg.jpg 1000w, https:\/\/gfx.nrk.no\/6htub32AsAPOf1BlYVToAAFXAPWwqrCb6B5xex9T2TBg.jpg 1200w, https:\/\/gfx.nrk.no\/6htub32AsAPOf1BlYVToAAk3hhB9r1m8qB5xex9T2TBg.jpg 1600w, https:\/\/gfx.nrk.no\/6htub32AsAPOf1BlYVToAAgv7qzfvCU0-B5xex9T2TBg.jpg 2000w\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Sylvia Rabbe Hagen\" title=\"Foto: Magnus Stokka \/ NRK\"\/><\/div><figcaption>\n<p class=\"\">Sylvia Rabbe Hagen er oppvaksen i R\u00f8ldal og har lite til overs for inngrepa kraftutbygginga gir.<\/p>\n<p><small>Foto: Magnus Stokka \/ NRK<\/small><br \/>\n<\/figcaption><\/figure>\n<p><!-- END: \/templates\/image\/image-rich.jsp -->\n<\/div>\n<h2>\u2013 Heilt spr\u00f8tt<\/h2>\n<p>I dag er R\u00f8ldalsvatnet regulert med opp mot 17 meter.<\/p>\n<p>Men avstanden fr\u00e5 land og ned til vatnet kan bli fleire titals meter, if\u00f8lge Hagen.<\/p>\n<p>Det er ogs\u00e5 lange avstandar n\u00e5r NRK er p\u00e5 bes\u00f8k.<\/p>\n<p>Det er t\u00f8rrlagde omr\u00e5de som ser ut som ei stor strand.<\/p>\n<p>Men i praksis er det jord som er utvaska p\u00e5 grunn av nedtapping og kraftproduksjon.<\/p>\n<p>\u2013 Det er utrygge massar, og det vil bli verre med planane om pumpekraftverk. Det er mangel p\u00e5 b\u00e5topptrekk for \u00e5 trekkja opp b\u00e5tar fr\u00e5 vatnet, og det er ogs\u00e5 farleg \u00e5 fiska fr\u00e5 land, seier Hagen engasjert.<\/p>\n<p><em>\u2013 Kor sint er du?<\/em><\/p>\n<p><strong>\u2013 Ein kan jo grina eller le av dette. Det er berre heilt spr\u00f8tt at det skal halda fram slik det blei bygd p\u00e5 60-talet, og at det til og med skal bli verre. Det er ikkje rettferdig.<\/strong><\/p>\n<div id=\"1.17875392.1dbec3ab\" class=\"g100 col fc s10 sl12 sl18 sg6 sg9 image-reference image-reference--F169\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17875392&size=10&perspective=RICH&alignment=CENTER&caption=Skilt+om+utrygg+is+p%C3%A5+R%C3%B8ldalsvatnet.+Reguleringa+av+vatnet+gjer+at+det+blir+lite+brukt+til+fritid+og+rekreasjon%2C+b%C3%A5de+sommar+og+vinter.&type=image&aspect=F169&parentSize=10 --><!-- START: \/templates\/image\/image-rich.jsp --><\/p>\n<figure class=\"image widget rich\">\n<div class=\"responsive-img F169\"><img decoding=\"async\" sizes=\"(min-width:1180px) 639px, (min-width:720px) 56vw, 100vw\" srcset=\"https:\/\/gfx.nrk.no\/2ULtr7PHn0zEN9oypTW9WAS27AuZigcFsZWAI4lr5tpg.jpg 80w, https:\/\/gfx.nrk.no\/2ULtr7PHn0zEN9oypTW9WA0jIVESsBj_IZWAI4lr5tpg.jpg 160w, https:\/\/gfx.nrk.no\/2ULtr7PHn0zEN9oypTW9WAw4DHz5bIXXMZWAI4lr5tpg.jpg 350w, https:\/\/gfx.nrk.no\/2ULtr7PHn0zEN9oypTW9WANTLibGNBIvwZWAI4lr5tpg.jpg 450w, https:\/\/gfx.nrk.no\/2ULtr7PHn0zEN9oypTW9WAHFo2-RtvAqMZWAI4lr5tpg.jpg 650w, https:\/\/gfx.nrk.no\/2ULtr7PHn0zEN9oypTW9WAZGW_eflRjRUZWAI4lr5tpg.jpg 1000w, https:\/\/gfx.nrk.no\/2ULtr7PHn0zEN9oypTW9WAK8esub_FPFcZWAI4lr5tpg.jpg 1200w, https:\/\/gfx.nrk.no\/2ULtr7PHn0zEN9oypTW9WA11pW1al9tAQZWAI4lr5tpg.jpg 1600w, https:\/\/gfx.nrk.no\/2ULtr7PHn0zEN9oypTW9WAY-1F0fzHc3QZWAI4lr5tpg.jpg 2000w\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"skilt om utrygg is \" title=\"Foto: Magnus Stokka \/ NRK\"\/><\/div><figcaption>\n<p class=\"\">Skilt om utrygg is p\u00e5 R\u00f8ldalsvatnet. Reguleringa av vatnet gjer at det blir lite brukt til fritid og rekreasjon, b\u00e5de sommar og vinter.<\/p>\n<p><small>Foto: Magnus Stokka \/ NRK<\/small><br \/>\n<\/figcaption><\/figure>\n<p><!-- END: \/templates\/image\/image-rich.jsp -->\n<\/div>\n<h2>Fryktar bygda d\u00f8yr ut<\/h2>\n<p>Nils-Vetle Medhus (30) er kommunestyremedlem for Senterpartiet i Ullensvang, kommunen R\u00f8ldal er ein del av.<\/p>\n<p>\u2013 Vatnet er ikkje ein naturleg samlingsplass slik det er mange andre plassar i Noreg der du har eit vatn som ligg tett p\u00e5.<\/p>\n<div id=\"1.17876330.ec27f7a6\" class=\"g100 col fc s10 sl12 sl18 sg6 sg9 image-reference image-reference--F169\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17876330&size=10&perspective=RICH&alignment=CENTER&caption=Kommunestyremedlem+Nils-Vetle+Medhus+%28Sp%29+i+Ullensvang+meiner+kommunen+f%C3%A5r+lite+og+ingenting+igjen+av+%C3%A5+gi+naturressursar+til+kraftutbygging.&type=image&aspect=F169&parentSize=10 --><!-- START: \/templates\/image\/image-rich.jsp --><\/p>\n<figure class=\"image widget rich\">\n<div class=\"responsive-img F169\"><img decoding=\"async\" sizes=\"(min-width:1180px) 639px, (min-width:720px) 56vw, 100vw\" srcset=\"https:\/\/gfx.nrk.no\/MTO4F4U0QFuBKL7imgOPIwfS__JfYmWBizuRibeQyTbw.jpg 80w, https:\/\/gfx.nrk.no\/MTO4F4U0QFuBKL7imgOPIwQcL2QY8628WzuRibeQyTbw.jpg 160w, https:\/\/gfx.nrk.no\/MTO4F4U0QFuBKL7imgOPIwOrI6e6D_30KzuRibeQyTbw.jpg 350w, https:\/\/gfx.nrk.no\/MTO4F4U0QFuBKL7imgOPIw302aa1o-0byzuRibeQyTbw.jpg 450w, https:\/\/gfx.nrk.no\/MTO4F4U0QFuBKL7imgOPIwEV2TjjrST02zuRibeQyTbw.jpg 650w, https:\/\/gfx.nrk.no\/MTO4F4U0QFuBKL7imgOPIw2h0Ca163-YSzuRibeQyTbw.jpg 1000w, https:\/\/gfx.nrk.no\/MTO4F4U0QFuBKL7imgOPIw5UE28W2bFD-zuRibeQyTbw.jpg 1200w, https:\/\/gfx.nrk.no\/MTO4F4U0QFuBKL7imgOPIwZJbMVebfCx2zuRibeQyTbw.jpg 1600w, https:\/\/gfx.nrk.no\/MTO4F4U0QFuBKL7imgOPIwn6GLQTr40aezuRibeQyTbw.jpg 2000w\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Nils-Vetle Medhus i R\u00f8ldal\" title=\"Foto: Magnus Stokka \/ NRK\"\/><\/div><figcaption>\n<p class=\"\">Kommunestyremedlem Nils-Vetle Medhus (Sp) i Ullensvang meiner kommunen f\u00e5r lite og ingenting igjen av \u00e5 gi naturressursar til kraftutbygging.<\/p>\n<p><small>Foto: Magnus Stokka \/ NRK<\/small><br \/>\n<\/figcaption><\/figure>\n<p><!-- END: \/templates\/image\/image-rich.jsp -->\n<\/div>\n<p>Han fryktar ogs\u00e5 dei nye kraftplanane og det han kallar \u00abjojo-k\u00f8yring\u00bb.<\/p>\n<p>Alts\u00e5 at vatnet kan auka kraftig opp og ned same dag.<\/p>\n<p>\u2013 Du f\u00e5r hardare erosjon, noko du ser resultata av alt i dag. Det er ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 sl\u00e5 i bordet med for ein turistplass.<\/p>\n<p><em>\u2013 Fryktar du bygda vil d\u00f8y ut?<\/em><\/p>\n<p>\u2013 Ja, p\u00e5 sikt gjer eg det. Det trur eg dei fleste er innforst\u00e5tt med. Eg opplever at me er eit gnags\u00e5r for kapitalen, seier Sp-politikaren.<\/p>\n<p><!-- \/\/ Reference Autonomous --><\/p>\n<h2>Kokepunktet<\/h2>\n<p>Konfliktniv\u00e5et har n\u00e5dd kokepunktet n\u00e5r det gjeld store kraftutbyggingar i Noreg.<\/p>\n<p>Eit synleg bevis p\u00e5 det er alle plakatane som heng langs E134 gjennom R\u00f8ldal med skrifta: \u00abHydro\/Lyse-avtalen er eit ran!\u00bb.<\/p>\n<p>Ordf\u00f8raren i Ullensvang er blant dei som har refsa avtalen, og meiner staten bryt ein 60 \u00e5r gammal avtale om dei store vasskraftverka i R\u00f8ldal og Suldal (les meir i sveip under).<\/p>\n<p>Det er bakteppet til den massive motstanden mot Noregs st\u00f8rste kraftutbygging p\u00e5 40 \u00e5r (sj\u00e5 faktaboks).<\/p>\n<p>Ei hovudkonflikt handlar ogs\u00e5 om Noregs nest st\u00f8rste villreinstamme, som er utryddingstruga i omr\u00e5det.<\/p>\n<p>N\u00e5r vassmagasina blir fylt opp og tappa ned, blir isen fort utrygg for villreinen som brukar magasina som ferdselsveg vinterstid.<\/p>\n<p>\u2013 Det blir veldig kritisk for villreinstammen dersom planane blir noko av, har verneomr\u00e5deforvaltar Alf Odden uttalt ved fleire h\u00f8ve.<\/p>\n<h2>Regjeringa vil bygga ut vasskrafta<\/h2>\n<p>Energiminister Terje Aasland (Ap) er fullt klar over st\u00f8yen rundt dei rekordmange s\u00f8knadane om vasskraftutvidingar her til lands.<\/p>\n<p>\u2013 I mange av kraftsakene er det interessemotsetnader. Det viktige er gode prosessar fr\u00e5 starten av.<\/p>\n<div id=\"1.17868186.edc0a143\" class=\"g100 col fc s10 sl12 sl18 sg6 sg9 image-reference image-reference--F11\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17868186&size=10&perspective=RICH&alignment=CENTER&caption=Energiminister+Terje+Aasland+%28Ap%29.&type=image&aspect=F11&parentSize=10 --><!-- START: \/templates\/image\/image-rich.jsp --><\/p>\n<figure class=\"image widget rich\">\n<div class=\"responsive-img F11\"><img decoding=\"async\" sizes=\"(min-width:1180px) 639px, (min-width:720px) 56vw, 100vw\" srcset=\"https:\/\/gfx.nrk.no\/jkUq0sD5LqiSs56ipyyCgwoGG9cMb5RzEQbszUv1uI4w.jpg 80w, https:\/\/gfx.nrk.no\/jkUq0sD5LqiSs56ipyyCgwzFwClBSR7lQQbszUv1uI4w.jpg 160w, https:\/\/gfx.nrk.no\/jkUq0sD5LqiSs56ipyyCgwD3Z95VcEQW0QbszUv1uI4w.jpg 350w, https:\/\/gfx.nrk.no\/jkUq0sD5LqiSs56ipyyCgw4qCBKX8i4EUQbszUv1uI4w.jpg 450w, https:\/\/gfx.nrk.no\/jkUq0sD5LqiSs56ipyyCgwXHxVd-nMZygQbszUv1uI4w.jpg 650w, https:\/\/gfx.nrk.no\/jkUq0sD5LqiSs56ipyyCgwQz7DjTv1748QbszUv1uI4w.jpg 1000w, https:\/\/gfx.nrk.no\/jkUq0sD5LqiSs56ipyyCgw3XPpe5IMSioQbszUv1uI4w.jpg 1200w, https:\/\/gfx.nrk.no\/jkUq0sD5LqiSs56ipyyCgwBm5LGwuWPBoQbszUv1uI4w.jpg 1600w, https:\/\/gfx.nrk.no\/jkUq0sD5LqiSs56ipyyCgwaHw6JP49g4AQbszUv1uI4w.jpg 2000w\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Terje Aasland, energiminister (Ap) p\u00e5 havna i Hammerfest\" title=\"Foto: Andr\u00e9 Bendixen \/ NRK\"\/><\/div><figcaption>\n<p class=\"\">Energiminister Terje Aasland (Ap).<\/p>\n<p><small>Foto: Andr\u00e9 Bendixen \/ NRK<\/small><br \/>\n<\/figcaption><\/figure>\n<p><!-- END: \/templates\/image\/image-rich.jsp -->\n<\/div>\n<p>If\u00f8lge statsr\u00e5den treng Noreg meir kraft og effektoppgraderingar i vasskraftanlegga, slik som i R\u00f8ldal og Suldal.<\/p>\n<p>\u2013 Eg meiner me har sjansen til \u00e5 bygga ut meir kraft. Men me m\u00e5 klara \u00e5 utvikla meir kraft p\u00e5 den eine sida, samtidig som me tar vare p\u00e5 naturen. Det samspelet trur eg g\u00e5r an \u00e5 l\u00f8ysa p\u00e5 ein god m\u00e5te.<\/p>\n<p><em>\u2013 I R\u00f8ldal fryktar fleire bygda blir \u00f8ydelagd av krafta og har lita framtidstru. Kva inntrykk gjer det p\u00e5 deg?<\/em><\/p>\n<p>\u2013 Eg trur nettopp det \u00e5 ha tilgang p\u00e5 kraft for \u00e5 utvikla lokalsamfunnet og Distrikts-Noreg betre enn tidlegare, er ein f\u00f8resetnad. Dette vil vera med p\u00e5 \u00e5 skapa ny vekst i regionen, ikkje det motsette.<\/p>\n<p><em>\u2013 Blir mindre bygdesamfunn ofra for at staten Noreg skal f\u00e5 meir vasskraft?<\/em><\/p>\n<p>\u2013 Nei, p\u00e5 ingen m\u00e5te. Me er n\u00f8ydde til \u00e5 utvikla dei vasskraftanlegga me har. Men me m\u00e5 gjera det p\u00e5 ein god m\u00e5te, seier energiministeren.<\/p>\n<h2>Lyse-sjefen: \u2013 God prosess<\/h2>\n<p>Det er Lyse og Hydro som st\u00e5r bak milliardprosjektet i R\u00f8ldal og Suldal.<\/p>\n<p>Direkt\u00f8r i Lyse Kraft, Bj\u00f8rn Honningsv\u00e5g, forst\u00e5r delvis frustrasjonen til folk i R\u00f8ldal.<\/p>\n<p>\u2013 Eg kan forst\u00e5 at dei ikkje har f\u00e5tt innfridd sine forventningar i samband med det s\u00e5kalla heimfallet som skulle inntre i 2022. Samtidig treng me \u00e5 oppgradera kraftverka i R\u00f8ldal og Suldal.<\/p>\n<div id=\"1.17876335.ef3d1bde\" class=\"g100 col fc s10 sl12 sl18 sg6 sg9 image-reference image-reference--F11\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17876335&size=10&perspective=RICH&alignment=CENTER&caption=Direkt%C3%B8r+i+Lyse+Kraft%2C+Bj%C3%B8rn+Honningsv%C3%A5g.&type=image&aspect=F11&parentSize=10 --><!-- START: \/templates\/image\/image-rich.jsp --><\/p>\n<figure class=\"image widget rich\">\n<div class=\"responsive-img F11\"><img decoding=\"async\" sizes=\"(min-width:1180px) 639px, (min-width:720px) 56vw, 100vw\" srcset=\"https:\/\/gfx.nrk.no\/oDDUrz66gU-63WDplcJ3hgBLr8OxSaUHeCFBvvpjSjOw.jpg 80w, https:\/\/gfx.nrk.no\/oDDUrz66gU-63WDplcJ3hgmKYuGi-cFc6CFBvvpjSjOw.jpg 160w, https:\/\/gfx.nrk.no\/oDDUrz66gU-63WDplcJ3hgu15F_jRFLjCCFBvvpjSjOw.jpg 350w, https:\/\/gfx.nrk.no\/oDDUrz66gU-63WDplcJ3hgnPzVHH1wQeSCFBvvpjSjOw.jpg 450w, https:\/\/gfx.nrk.no\/oDDUrz66gU-63WDplcJ3hg0web35ObJaOCFBvvpjSjOw.jpg 650w, https:\/\/gfx.nrk.no\/oDDUrz66gU-63WDplcJ3hgUZmrP1hOXeCCFBvvpjSjOw.jpg 1000w, https:\/\/gfx.nrk.no\/oDDUrz66gU-63WDplcJ3hg-xQZneqs3w-CFBvvpjSjOw.jpg 1200w, https:\/\/gfx.nrk.no\/oDDUrz66gU-63WDplcJ3hgdPvK2f3mSsqCFBvvpjSjOw.jpg 1600w, https:\/\/gfx.nrk.no\/oDDUrz66gU-63WDplcJ3hgxrfIQdNC6fuCFBvvpjSjOw.jpg 2000w\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bj\u00f8rn Honningsv\u00e5g i Lyse\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/div><figcaption>\n<p class=\"\">Direkt\u00f8r i Lyse Kraft, Bj\u00f8rn Honningsv\u00e5g.<\/p>\n<p><small>Foto: NRK<\/small><br \/>\n<\/figcaption><\/figure>\n<p><!-- END: \/templates\/image\/image-rich.jsp -->\n<\/div>\n<p>Lyse-sjefen meiner utbyggingsplanen er balansert, men at den skal justerast ut fr\u00e5 h\u00f8yringssvara som har kome inn.<\/p>\n<p>\u2013 Dei st\u00f8rste inngrepa blei tatt for 60 \u00e5r sidan. Det st\u00f8rste enkeltinngrepet i R\u00f8ldal i samand med den nye utbygginga er deponering av tunnelmassar.<\/p>\n<p><em>\u2013 Har du noko \u00e5 beklaga?<\/em><\/p>\n<p>\u2013 Me har fors\u00f8kt \u00e5 ha tidleg dialog, men kanskje kunne me vore end\u00e5 betre p\u00e5 det. Uansett er v\u00e5r d\u00f8r alltid open for dialog. Generelt synest eg me har hatt ein god prosess.<\/p>\n<p><em><strong>Les resten av svaret til Lyse under.<\/strong><\/em><\/p>\n<div id=\"1.17876380.19e64365\" class=\"g100 col fc s10 sl12 sl18 sg6 sg9 fact-reference\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17876380&size=10&perspective=BRIEF&alignment=CENTER&variant=minimized&parentSize=10 --><\/p>\n<aside class=\" fact widget brief skin-background-50 darkmode-skin-background-900 skin-text-950 skin-anchor-child-700 skin-anchor-child-800--hover darkmode-skin-text-50 darkmode-skin-anchor-child-200 darkmode-skin-anchor-child-300--hover \" role=\"complementary\" data-id=\"1.17876380\" id=\"fact-1-17876380\" aria-labelledby=\"fact-1-17876380_title\" data-ec-id=\"pp:article:1.17876380\" data-ec-name=\"Lyse om kritikken\" data-ec-category=\"fact-minimized\">\n<h3 class=\"fact__title title\" id=\"fact-1-17876380_title\">Lyse om kritikken<\/h3>\n<p><button class=\"fact__expand\" data-k5a-pos=\"faktaboks\" data-factid=\"fact-1-17876380\"><\/p>\n<p><\/button><\/p>\n<div class=\"fact__body text-body skin-text-950 skin-anchor-child-700 skin-anchor-child-800--hover darkmode-skin-text-50 darkmode-skin-anchor-child-200 darkmode-skin-anchor-child-300--hover \" aria-hidden=\"true\">\n<p>Bj\u00f8rn Honningsv\u00e5g i Lyse er ikkje einig i p\u00e5staden om at r\u00f8ldalssamfunnet sit igjen med lite og ingenting av kraftutbygginga.<\/p>\n<p>Han p\u00e5peikar at Ullensvang kommune f\u00e5r meir enn 50 millionar kroner per \u00e5r i gjennomsnittlege kraftinntekter fr\u00e5 dagens utbygging.<\/p>\n<p>Inntektene til kommunen er venta \u00e5 auka med utbygginga, if\u00f8lge Lyse.<\/p>\n<p>\u2013 Me har ogs\u00e5 lagt p\u00e5 bordet ein avtale som legg til rette for 15 millionar kroner i vegutbetring. Me skal ogs\u00e5 spleisa p\u00e5 ei oppgraderinga av sv\u00f8mmehallen i R\u00f8ldal. Totalt sett meiner me at det er eit rettferdig opplegg, seier Honningsv\u00e5g.<\/p>\n<p>Lyse understrekar at det ikkje blir endring p\u00e5 reguleringa p\u00e5 17 meter i R\u00f8ldalsvatnet, men seier det blir noko raskare vasstandsendringar p\u00e5 grunn av etableringa av R\u00f8ldal 2 pumpekraftverk.<\/p>\n<\/div>\n<\/aside>\n<\/div>\n<h2>Arbeidsplassar og bustadbygging<\/h2>\n<p>Det finst ogs\u00e5 fleire som er positive til den store kraftutbygginga i R\u00f8ldal. Dei jobbar gjerne i krafta sj\u00f8lv eller har familie som gjer det.<\/p>\n<p>I Suldal er ordf\u00f8rar Mats Drange (Ap) opptatt av at ein l\u00e6rer av den krevjande prosessen til andre kraftprosjekt.<\/p>\n<p>Han understrekar at milliardprosjektet ogs\u00e5 gir nye arbeidsplassar og moglegheiter til \u00e5 f\u00e5 fart p\u00e5 bustadbygginga i kommunen.<\/p>\n<p>\u2013 Kraftselskapa m\u00e5 skj\u00f8na at dersom dei skal f\u00e5 lokal tilslutnad til oppgraderingar, m\u00e5 dei s\u00f8rga for at vertskommunane sit igjen med noko som ikkje berre handlar om inntekter, men ogs\u00e5 om samfunnsutvikling.<\/p>\n<div id=\"1.17876324.ebc5531f\" class=\"g100 col fc s10 sl12 sl18 sg6 sg9 image-reference image-reference--F169\"><!-- include: \/serum\/render?id=1.17876324&size=10&perspective=RICH&alignment=CENTER&caption=Suldal-ordf%C3%B8rar+Mats+Drange+%28Ap%29+meiner+kraftutbygginga+kan+gi+samfunnsutvikling+i+kommunen%2C+spesielt+p%C3%A5+Nesflaten+og+%C3%98vre+Suldal.&type=image&aspect=F169&parentSize=10 --><!-- START: \/templates\/image\/image-rich.jsp --><\/p>\n<figure class=\"image widget rich\">\n<div class=\"responsive-img F169\"><img decoding=\"async\" sizes=\"(min-width:1180px) 639px, (min-width:720px) 56vw, 100vw\" srcset=\"https:\/\/gfx.nrk.no\/apmCNamEIDBVL7i-jAoTbwZ4KfeX0VNawWT5fIEHpNrA.jpg 80w, https:\/\/gfx.nrk.no\/apmCNamEIDBVL7i-jAoTbwSkwmfNjNKJwWT5fIEHpNrA.jpg 160w, https:\/\/gfx.nrk.no\/apmCNamEIDBVL7i-jAoTbwP9MyFKZqeygWT5fIEHpNrA.jpg 350w, https:\/\/gfx.nrk.no\/apmCNamEIDBVL7i-jAoTbwCliQbIa8grcWT5fIEHpNrA.jpg 450w, https:\/\/gfx.nrk.no\/apmCNamEIDBVL7i-jAoTbwoE39qrhUtVsWT5fIEHpNrA.jpg 650w, https:\/\/gfx.nrk.no\/apmCNamEIDBVL7i-jAoTbwN--lOWZr-8cWT5fIEHpNrA.jpg 1000w, https:\/\/gfx.nrk.no\/apmCNamEIDBVL7i-jAoTbwp9ZkwZbW614WT5fIEHpNrA.jpg 1200w, https:\/\/gfx.nrk.no\/apmCNamEIDBVL7i-jAoTbwHSzquNXV5yoWT5fIEHpNrA.jpg 1600w, https:\/\/gfx.nrk.no\/apmCNamEIDBVL7i-jAoTbwzf7smNP1PFoWT5fIEHpNrA.jpg 2000w\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Nesflaten\" title=\"Foto: Arild Eskeland \/ NRK\"\/><\/div><figcaption>\n<p class=\"\">Suldal-ordf\u00f8rar Mats Drange (Ap) meiner kraftutbygginga kan gi samfunnsutvikling i kommunen, spesielt p\u00e5 Nesflaten og \u00d8vre Suldal.<\/p>\n<p><small>Foto: Arild Eskeland \/ NRK<\/small><br \/>\n<\/figcaption><\/figure>\n<p><!-- END: \/templates\/image\/image-rich.jsp -->\n<\/div>\n<p>Ingvild Skare Thygesen, som driv med gardsturisme i R\u00f8ldal, er likevel uroa for fjellbygdene si framtid.<\/p>\n<p><em>\u2013 Men dei som styrer landet seier me treng meir vasskraft?<\/em><\/p>\n<p>\u2013 Eg er positiv til utbygging av meir vasskraft, men det m\u00e5 skje i samspel med naturen og oss som lever her lokalt.<\/p>\n<p><!-- \/\/ Reference Autonomous --><\/p>\n<p><!-- include: \/serum\/render?id=1.16930046&size=18&perspective=RICH&alignment=AUTO --><!-- START: \/templates\/section\/section.jsp --><\/p>\n<p><!-- END: \/templates\/section\/section.jsp -->\n<\/div>\n<p>\n<span class=\"article-publish-date publish-date \"><br \/>\n<span class=\"article-dateline-annotation\">Publisert<\/span><br \/>\n<time class=\"datetime-absolute datePublished\" datetime=\"2026-05-14T13:31:41+02:00\"><br \/>\n14.05.2026, kl. 13.31<br \/>\n<\/time><br \/>\n<\/span>\n<\/p>\n<p><br \/>\n<br \/><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/rogaland\/kraftoppror-i-fjellbygda___-dei-drep-bygdene-sakte_-men-sikkert-1.17874840\">Kildelink <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u2013 Er det du som er trollet? Mor Ingvild Skare Thygesen og dei tre barna Koll, Askel og Ylva lever seg inn i eventyret \u00abDe tre bukkene Bruse\u00bb. Kulissane er ogs\u00e5 bokstavleg talt eventyrlege p\u00e5 fjellgarden i R\u00f8ldal i Vestland. Den gamle l\u00e5ven i naturleg trefarge er dekka med torvtak og utsmykka med rutete vindauge. [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":6558,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[108],"tags":[],"tmauthors":[],"class_list":{"0":"post-6557","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-lokalnyheter"},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/6557","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=6557"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/6557\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/6558"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=6557"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=6557"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=6557"},{"taxonomy":"tmauthors","embeddable":true,"href":"https:\/\/radiostavanger.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftmauthors&post=6557"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}