Høgre, Arbeidarpartiet, KrF, Senterpartiet, Venstre og MDG har konkludert med å avbryte forhandlingane om å danne eit nytt fleirtal i Sandnes.
Det skriv partia i ein felles uttale tysdag.
– Etter grundige og konstruktive forhandlingar har partane konkludert med at den økonomiske avstanden er for stor til å oppnå ei einigheit nå, skriv partia.
Det har vore uro i Sandnes-politikken sidan valet i 2023.
– Det begynte dårleg, og sidan har det blitt verre, seier statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger.
Amatørmessig anstrengt
I februar braut Høgre og Frp samarbeidet i Sandnes.
Dei to partia fann saman etter valet i 2023, men etter fleire krevjande episodar braut samarbeidet saman.
– Det har vore anstrengt mellom Høgre og Frp, og det har vist seg amatørmessig anstrengt. Det har vore internt rot og tull, som har ført til utmeldingar, seier Tuastad.
Statsvitar Svein Tuastad seier at Sandnes i teorien kan styrast av eit mindretal fram mot neste val.
Foto: Øystein Otterdal / NRK
– I sum gir det eit inntrykk av rein politisk amatørskap, held han fram.
Etter Sissel Vikse Falch meldte seg ut av Høgre i sommar hadde partia styrt med mindretal i kommunen.
Etter brotet i februar sa partia Høgre, Arbeidarpartiet, KrF, Senterpartiet, Venstre og MDG at dei hadde samtalar for å avklare om det var grunnlag for å gå vidare med forhandlingar om å danne eit nytt fleirtal.
Men i dag kunngjer partia at samtalane ikkje har nådd fram.
– Prosessen har vore prega av respekt og open dialog, men dei grunnleggande forskjellane i økonomiske prioriteringar gjorde det ikkje mogleg å komme fram til ei felles løysing, heiter det i uttalen.
Kan bli krevjande
– Det var ikkje éin ting. Vi klarte ikkje å finne det handlingsrommet som vi trengde for å kunne gå vidare, seier gruppeleiar i Arbeidarpartiet Arne Buchholdt Espedal.
Korleis skal kommunen styrast no?
– Formannskapet, utvalet og kommunestyret som avgjer sånn som det eigentleg har vore før. Berre nå vil ein ikkje nødvendigvis ha et fleirtal som alltid står saman, seier Buchholdt Espedal.
Inger Helen Aanestad frå Senterpartiet seier at det kan bli krevjande framover.
Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK
– Eg trur at det som ligg framfor oss er krevjande, seier gruppeleiar Inger Helen Aanestad i Senterpartiet.
-Men det handlar like mykje om dei eksterne faktorane som påverkar oss. Korleis vil kommuneøkonomien sjå ut? Kva handlingsrom får vi? Eg trur det ville vore eit krevjande arbeid uansett kva konstellasjon vi har som samarbeid, held ho fram.
Kan styre utan fleirtal
Kan Sandnes i teorien no sitte utan fleirtal fram mot neste val?
– Det kan dei eigentleg. Postane er jo besett, seier Statsvitar Tuastad.
– Men i staden for å få ein føreseieleg politikk må ein no bruke masse unødvendig energi på kvart kommunestyre, held han fram.
Han viser mellom anna til den turbulente politiske hausten i stavangerpolitikken som eit skrekkeksempel for kva som kan skje utan eit føreseieleg fleirtal.
– No vil byen bli politiske styrt, men på ein lite føreseieleg måte, avsluttar Tuastad.
Publisert