Dersom du tenker deg ein tur på kino i sommar er nok sjansen stor for at du vil prøva å få med deg «The Odyssey», eller «Spider-Man: Brand New Day».
Kinosommaren er full av store amerikanske filmar som etter alt å dømma kjem til å tena inn store pengesummar for dei amerikanske filmselskapa.
-
Matt Damon spelar Odyssevs i Christopher Nolan si storsatsing «The Odyssey».
Foto: Universal Pictures
-
Tom Holland returnerer for fjerde gong i rolla som Spider-Man denne sommaren.
Foto: SF Norge
-
Skjermane spelar skurken i det siste tilskotet i «Toy Story»-universet.
Foto: Pixar
Ser ein etter norske filmar må ein derimot sjå langt.
– I år er det dessverre eit gap frå påske til september kor det ikkje blir lansert nokon norske filmar, seier administrerande direktør i Film og kino, Espen Lundberg Pedersen.
Sjølv om norsk film har gjort det veldig bra dei siste åra, torer likevel ikkje distributørane å satsa om sommaren. Årsaka er frykt for fint vêr.
Stor risiko
Det stavangerbaserte filmekteparet Silje Salomonsen og Arild Østin Ommundsen har til hausten premiere på «Tilbake til Tottori», oppfølgaren til «Tottori! Sommeren vi var alene» som gjekk på kino sommaren 2020.
Då blei dei oppfordra til å sleppa filmen om sommaren sidan pandemiprogrammet på kinoen elles var ganske skrint.

Ekteparet Salomonsen og Ommundsen er både regissørar og manusforfattarar for «Tilbake til Tottori».
Foto: Kjetil Samuelsen / NRK
Denne gongen har distribusjonsselskapet sett premieredatoen til 18. september.
– Det er klart at risikoen er veldig stor viss du har bestemt deg for å sleppa filmen i juni, og så er det plutseleg tidenes sommar og VM. Då går ikkje folk på kino. Det seier seg sjølv, seier Ommundsen.
Salomonsen legg til:
– Me tok jo den risikoen i pandemitida og då var kinoane ganske takksame for at me gjorde det. Og det gjekk jo veldig bra òg.
– Men det går jo eigentleg ikkje an å samanlikna den perioden med noko som helst.

Gisle Tveito og Arild Østin Ommundsen sit og legg siste hand på lydmiks-verket i den nye «Tottori»-filmen.
Foto: Silje Salomonsen / Privat
– Dårleg vêr er godt kinovêr
Trass faren for fint sommarvêr reknar Lundberg Pedersen i Film og kino sommaren som ein tradisjonelt god kinosesong.
– Mange av dei store Hollywood-«blockbusterane» kjem om sommaren, og dei elskar òg det norske kinopublikummet.

Varme og fine sommardagar er ikkje i utgangspunktet godt nytt for kinoane.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Ein skulle kanskje tru at sommar og sol ikkje var den beste oppskrifta for å få folk til å trekka inn i kinosalane.
– Me pleier å seia at dårleg vêr er godt kinovêr.

Espen Lundberg Pedersen skulle ønska dei norske filmane var litt meir spreidde utover heile året.
Foto: Navninder Singh Mann / NRK
– Men så er det òg sånn at når me har hatt fine og varme sommardagar på stranda, så er det mange som synest det er godt å komma inn i ein sval og lun kinosal og sjå ein god storfilm på det store kinolerretet.
Går du på kino om sommaren?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
–Torer ikkje å ta risikoen
Linn Barholt er dagleg leiar i Norsk Filmdistribusjon som distribuerer «Tottori»-filmane.
– Eg skulle veldig gjerne sett at norsk film fungerte like godt heile året.
Ho er likevel tydeleg på at dei i dagens kinomarknad ikkje kan påta seg ein såpass stor risiko som å lansera ein splitter ny norsk film i konkurranse med sommarsola og «Tom Cruise».
– Me som distributør av norske filmar torer rett og slett ikkje å ta risikoen.
Arild Østin Ommundsen er tydeleg på at det slett ikkje er umogleg å lansera film om sommaren.
– Men kven er den første som skal tora å gjera det?
– Risikoen er jo alltid stor når du slepper ein film, men i sommarferien har det vist seg å vera større.
– Vil kunna ha alvorlege følger
Administrerande direktør i Nordisk Film distribusjon, Morten Christoffersen, skriv i ein e-post til NRK at frykta for fint sommarvêr er den største grunnen til at distributørane vik unna sommaren.
«Ein norsk film har norske kinoar som definitivt viktigaste vindauge for inntekt, og kan derfor ikkje risikera å bli møtt av ein svært varm sommar. Dette vil kunna ha alvorlege følger for alle bak filmen.»
I tillegg spelar konkurransen frå dei store Hollywood-filmane ei rolle.

Juli er tradisjonelt ein av dei beste kinomånadane i året – likevel fryktar dei norske distributørane det fine vêret.
Foto: Audun Braastad / NTB,NTB
«Dei internasjonale filmane har ofte fastlagde verdslanseringsdatoar og lita moglegheit til å flytta mykje på seg, som då er ein fleksibilitet norske filmar har.»
Badelandet
Sjekk badetemperaturen på din badeplass
Publisert


