Noreg gjekk inn i sommaren med ei uvanleg låg fyllingsgrad i vassmagasina, og i løpet av sommarmånadene har nivået minka ytterlegare.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine tal frå utgangen av veke 28, viser at norske vassmagasin hadde ei fyllingsgrad på 62,8 prosent.
Berre tre gonger tidlegare har fyllingsgrada vore lågare i denne perioden dei siste 20 åra, i 2018, 2010 og 2006.
Verst i Sør-Vest og Midt-Noreg
I Midt-Norge (NO3) blei det sett ny rekord, då fyllingsgraden nådde sitt lågaste nivå på 20 år i veke 27.
Også i Sør-Vest (NO2) er vassnivået langt under normalen, og fyllingsgraden i veke 28 er den nest lågaste på 20 år.

Det tørre og varme vêret held fram i Sør-Noreg denne veka.
Tilsiget er difor venta å halde seg lågt, noko som truleg vil presse magasinsituasjonen ytterlegare i sør i tida som kjem.
Situasjonen skil seg kraftig frå Nord-Noreg, der ein har den høgaste fyllingsgrada på 20 år.
Det kjem tilbake til meg og deg
Stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson (Rødt) er bekymra, og meiner Noreg har stilt seg i ein ekstremt dårleg posisjon.

Det kjem tilbake til meg og deg uansett, seier Kristjánsson.
Foto: Erik Waage / NRK
– Når vi har eksportert så mykje straum i løpet av vinteren at vi no står med halvfulle magasin, så får det konsekvensar.
– Straumprisane er allereie høge, og dei kjem til å bli endå høgare når vinteren kjem. Det vil gå hardt ut over næringslivet.
Sjølv om noregspris dempar sjokket for vanlege forbrukarar, vil rekninga treffe folk flest indirekte, seier Kristjánsson.
– Når alle bedrifter i Noreg må betale meir for straumen, blir dei nøydde til å skru opp prisane på varene og tenestene sine. Dermed kjem det tilbake til meg og deg, seier Kristjánsson.
Som eit stort batteri
Analytikar Tor Reier Lilleholt i Volue er likevel ikkje uroa for den låge fyllingsgrada.
– Dei som er kritiske til systemet, ønsker ofte å krisemaksimere ein slik situasjon, seier Lilleholt.
Han anslår at ein må ned i ei fyllingsgrad på 7 til 10 prosent, før ein kan begynne å snakke om at det kritisk for straumforsyninga.
– Prisane blir høgare, men det er på ingen måte kritisk for straumleveransen, seier han.

Analytikar Tor Reier Lilleholt er ikkje uroa for at det er lite vatn i magasina.
Foto: Leif Dalen / NRK
– Det er eit stort batteri, nå er det lite straum på batteriet, men det er ikkje tomt. Det er også veldig avhengig av kva som skjer dei neste månadane. Vi har den største nedbørsleveransen på hausten.
– Svingingar i vêret, for eit system som er 100 prosent avhengig av vêret, er heilt naturleg, legg han til.
– Det er slik kraftmarknaden fungerer
Lilleholt seier at noko av årsaka til at vi har låge vassnivå i magasina no, handlar om situasjonen i vinter.
I første kvartal av 2026, kom det ikkje meir enn 50 til 60 prosent av normal nedbørsmengde i Noreg.
Det var også svært kaldt, noko som førte til at straumforbruket auka.

Blåsjø ligg i Suldalsheiene og er Noreg sitt største energimagasin.
Foto: Ørn E. Borgen
Lilleholt er ueinig i Kristjánssons påstand om at vassnivået skuldast at vi har eksportert for mykje straum.
– Så langt i år så vi hatt nettoimport. Det er ein del av tilpassinga. Det er slik kraftmarknaden fungerer.
Kommunikasjonssjef i Lyse Kraft, Atle Simonsen, seier at dei ventar at straumprisane vil halde seg høge inn mot vinteren grunna den låge fyllingsgrada.
– Forbrukarane er godt sikra gjennom noregspris. Bedriftene kan også sikre seg gjennom fastprisavtaler, som no ligg på rundt 70 øre per kilowattime, seier han.

Atle Simonsen er kommunikasjonssjef i Lyse.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
– Vi er ikkje uroa for forsyningssikkerheita. Det er heller ikkje Statnett og NVE. Vi tar omsyn til denne situasjonen inn mot vinteren, når vi planlegg produksjon, og følger med på dette, legg han til.
Publisert


