
Det vart eit hett oppgjer med tøffe duellar og sjansar i begge endar då Lillestrøm tok imot Viking på Åråsen onsdag kveld.
Men det var Kristoffer Askildsen som stanga Viking i føring etter eit innlegg frå lagkamerat Edvin Austbø.
I andre omgang auka Peter Christiansen til 2–0.
Den nye regelen mot tidsdrøying blei for første gang brukt i Eliteserien, noko som fekk konsekvensar for Viking.
Etter om lag ein time ut i kampen skulle Viking byte inn Ruben Alte for Zlatko Tripic. Ifølgje dommar Rohit Saggi brukte Viking-kapteinen for lang tid på å forlate bana. Dermed måtte Alte vente eit minutt før han kunne entre bana.
Det tok 26 sekund frå lystavla kom opp til Zlatko Tripic forlèt bana. Den nye regelen seier at spelaren som skal bytast ut, må vere ute av spelet innan 10 sekund.
Regelen blei innført i årets VM, og blei også innført i Eliteserien etter at VM-pausen var over.
Dei mørkeblå måtte difor forsvare det neste hjørnesparket med ti spelarar på bana. Det utnytta Lillestrøm. Lars Ranger stanga inn 1–2 etter hjørnesparket og skapte ny spenning i kampen.
Både Tripic, Alte og fleire på Viking-benken var synleg frustrerte då Alte blei heldt igjen av fjerdedommar.
– Det er vanvitig surt for Viking som må spele i undertal i den situasjonen fordi bytet tok for lang tid, sa TV 2-kommentator Endre Olav Osnes under sendinga.
Gjestene rei likevel av stormen og tronar framleis øvst på tabellen.


