Skulpturen av den norske komponisten Fartein Valen blei hovudlaus då ein full 19-åring sjølv mista hovudet ei natt i mai 2017.
Utan mål og meining kasta han ein stor stein mot skulpturen, som berre eitt år tidlegare var blitt avduka utanfor rådhuset i Sveio. Hovudet blei kappa rett av.
Skulpturen blei avduka i Sveio sentrum i 2016 og mista hovudet året etter.
Foto: Odin Øistad og Daniel DeNiazi
– Eg blei berre oppgitt, seier kunstnar Odin Øistad om den nedslåande beskjeden for ni år sidan.
Han hadde brukt halvtanna til to år å ferdigstilla kunstverket av eit heilt stykke granittstein. Skadane var så store at skulpturen ikkje kunne reparerast slik han var.
Først ville han la den hovudlause skulpturen stå til skrekk og åtvaring.
19-åringen blei dømd til 58 timars samfunnsstraff for grovt skadeverk. Og den hovudlause Fartein blei sett på lager i årevis.
Så fekk kunstnaren ideen om å laga eit heilt nytt og annleis hovud.
Kunstnar Odin Øistad gjer siste finpussen og festar hovudet til kroppen med lim før han legg gull i brotet i halsen.
Foto: Eli Bjelland / NRK
Hovud i bronse frå Italia
– No tenker eg at det nesten må ha vore ei meining med at skulpturen blei øydelagd den gongen. For dette er meir Fartein, seier Øistad.
Han har erstatta granitt med bronse frå Italia. I halskanten er det lagt gull frå Roma.
– Det stemmer betre at han får eit hovud som representerer det brotet han gjorde då han gjekk frå det klassiske og inn i modernismen.
Fredag ettermiddag blei den nyrestaurerte skulpturen avduka, under opninga av Podium – Fartein Valen internasjonale musikkfest.

Heile fire ordførarkjeder var samla i Valevåg fredag. Fylkesordførarane i både Vestland og Rogaland og ordførarane i Sveio og Haugesund var til stades under avdukinga.
Foto: Eli Bjelland / NRK
– Skulpturen er blitt kjempefin. Eg synest ansiktsuttrykket kjem betre fram i metallet. Så det er verkeleg blitt flott, meiner fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp).
Også fylkesordførar i Rogaland, Ole Ueland (H), var med på avdukinga.
– Det er mange som kjenner på eigarskap til denne fantastisk komponisten, og det har me klart å markera i dag.
– Godt å få han heim
– Eg kjende på sinne og sorg etter hærverket. Men no tenker eg det er godt at han har kome heim. Resultatet er blitt strålande, meiner Fartein Valen-Sendstad.
Han var berre fire år då grandonkelen døydde i 1952. Men minna er sterke.
– Eg hugsar at han hadde så mjuke hender. Og at han tok meg i handa og leidde meg opp for å sjå på hesten her oppe.
Fartein Valen er blant dei største norske komponistane, og er anerkjend både nasjonalt og internasjonalt. Han var banebrytande innan modernismen.
– Lydane var nye og framande, men blant andre kunstnarar blei han forguda. På slutten av livet blei verka hans spelte rundt om i heile verda.

Fartein Valen-heimen blir halden ved like og brukt som både museum og konsertar og andre kulturarrangement.
Foto: Eli Bjelland / NRK
No eig han og held ved like Valenheimen i Valevåg, som i dag er museum og også blir brukt til kulturarrangement.
Det var her, blant høgt verdsette planter, blomar og dyr, han fann inspirasjonen til mange av verka sine. Og no er det her den restaurerte skulpturen skal få stå.
– Trur du han står tryggare her enn i sentrum?
– Me veit aldri i denne verda, men han er nok meir utsett i eit sentrum. Det er ikkje så mange som rek rundt på kveldstid her.
Publisert


