To menn frå Aust-Europa er fengsla i ei veke av Haugaland og Sunnhordland tingrett, sikta for grov valdtekt av ei kvinne på ein campingplass sør på Vestlandet i helga.
Dei er også underlagt brev- og besøksforbod.
Politiet meiner det er fare for at bevis kan gå tapt om dei ikkje blir fengsla.
Mennene vart arresterte klokka 5 søndag morgon, og er i 30- og 40-åra.
Begge er busette i Noreg.
– Me meiner dei har utført valdtekta i fellesskap, seier politiadvokat Emma Moore i Sør-Vest politidistrikt.

Politiadvokat Emma Moore seier politiet etterforskar fleire hypotesar, og at det er gjennomført fleire vitneavhøyr.
Foto: Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK
Sikta skal ha drukke saman
Dei er gjennomført både vitneavhøyr og kriminaltekniske undersøkingar.
– Dei to skal ikkje ha kjent kvarandre frå tidlegare, opplyser Moore.
Ho ynskjer ikkje å kommentera saka ytterlegare, heller ikkje alderen på den fornærma kvinna.
Ifølgje avgjerda frå tingretten mot ein av mennene skal dei to ha delt ei flaske whisky på campingplassen før dei begge gjekk og la seg i ein bil.
Nektar skuld for valdtekt
Han skal ha forklart at han vagt hugsar ei rusa kvinne på campinga, men at han verken snakka med ho, eller hugsa korleis ho såg ut.
– Min klient avviser bestemt at han skal ha gjort seg skuldig noko valdtekt, og har forklart seg til politiet, seier mannen sin forsvarar, advokat Anne Kroken.
Heller ikkje mannen i 30-åra meiner han er skuldig i dei alvorlege skuldingane.
Han er avhøyrt av politiet.
– Han hugsar ikkje noko av hendinga, seier advokat Per Magne Kristiansen som representerer mannen.

To menn er varetektsfengsla i ei veke, sikta for grov valdtekt på campingplass.
Foto: Olav Røli / NRK
Publisert


