– Eit skikkeleg prakteksemplar!
Øystein Stødle Njå har akkurat rydda bort lauv og gras, greve hansken nedi jorda – og rykka forsiktig til.
Kantarellen er nesten så stor som handflata hans.

Legen brukar kveldar og helger på å sanke i skogen.
Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK
Augeblikket han ser sopp-favorittane sine, eller finn plassar som bognar, skildrar han som eit lite dopaminrush.
– Han luktar litt aprikos, seier han om kantarellen.
I helger og kveldar, ved sida av jobben som lege, går han turar i skogen med auga mot bakken.
Øystein er ein av fleire unge som har blitt hekta på sopp dei siste åra.
Fleire vil sanke
Auken i soppinteressa har ikkje gått umerka hen i Noregs sopp- og nyttevekstforbund.
Berre det siste året har medlemstalet vakse med 10 prosent, og sidan 2019 har over 3700 nye medlemmar kome til.

Etter at soppen er sanka, gjennomfører Øystein ein soppkontroll.
Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) stadfestar den same trenden: Fleire og fleire brukar fritida si på sopplukking.
– Vi merkar ein tydeleg auke i interessa, seier Live Kydland Torvund i Noregs sopp- og nyttevekstforbund.
Forbundet driftar mellom anna ein digital app for soppkontroll med støtte frå Miljødirektoratet, og har fysiske arrangement rundt om i landet.

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom ulike typar sopp.
Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK
Torvund fortel at interessa for soppsanking skaut fart under pandemien, då mange søkte etter nye utandørsaktivitetar i nærområdet.
Samstundes fekk sanka råvarer ein heilt ny status, mykje takka vere populariteten til det nye nordiske kjøkkenet.
No ser dei likevel ein heilt ny trend:
– No ser vi ein ny tendens som handlar om matauk. Folk oppdagar at det finst mykje gratis mat i skogen, så lenge ein veit kva ein skal plukke og kva ein bør unngå, seier Torvund.
– Erfaringa vår viser dessutan at i nedgangstider og dyrtid aukar alltid interessa for å sanke sin eigen mat, held ho fram.
Fleire tar kontakt med Giftinformasjonen
Når fleire sankar sopp, er det også fleire som tar kontakt med Giftinformasjonen.
I 2025 mottok Giftinformasjonen totalt 1211 meldingar om mogleg inntak av giftig sopp. Fram til august i år hadde dei mottatt 527 meldingar.
– Antal førespurnader om sopp i 2023, 2024 og 2025 ligg over gjennomsnittet dei 9 siste åra, fortel seniorrådgivar Stine Jevnehagen Moe i Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet.
Det er eit fåtal av desse som blir innlagt på sjukehus, og Jevnehagen Moe peiker på at det kan vere mange årsaker til å fleire tar kontakt no.
– Mellom anna korleis soppsesongen er, kor mange som er ute i skog og mark, kor mange som plukkar sopp til mat, og at fleire veit om at dei kan ringe Giftinformasjonen.
Giftinformasjonen erfarer også at bruk av kunstig intelligens fører til at fleire er uroa for forgifting generelt, inkludert sopp.

Kvit flugesopp kan gi leverskade og alvorlege forgiftingsforløp.
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
Det er særleg seks sopptypar i Noreg som kan gi alvorleg forgifting med påverknad på lever eller nyrer. Nokon av dei kan i verste fall vere dødelege.
- Spiss og butt giftslørsopp
- Kvit og grøn flugesopp
- Flatklokkehatt
- Enkelte Lepiota-arter
– Spiss giftslørsopp kan vekse i same naturtypar som til dømes traktkantarell og kantarell, som er matsoppar som mange plukkar. Ved forgifting med spiss giftslørsopp er det lang latenstid før symptom oppstår, og symptoma kan vere vage i starten, seier Jevnehagen Moe.
– Hjernen får ein pause
For lege Øystein Stødle Njå skulle soppsanking i utgangspunktet vere ein lågterskel fritidsaktivitet han og kona kunne gjere som småbarnsforeldre.
No er han såkalla soppsakkunnig. Det betyr at han kan identifisere sopp, halde kurs, leie soppturar og sjekke sopp for andre på offentlege soppkontrollar.

– Når eg går sopptur, får eg ein pause.
Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK
Som for mange andre, så var det pandemien som fekk Øystein ut i skogen.
– Eg gjekk ut i nærmiljøet, fann litt sopp og testa ut soppkontrollappen. Eg fann ut at det var ganske lett å få til, fortel han.
– Når eg går sopptur, får eg ein pause. Det å gå og leite med blikket og jakte på ting i skogen – eg trur det er det same som dei som driv med jakt, blåbærsanking eller fuglekikking opplever, seier Stødle Njå.

Soppsakkunnige Øystein Stødle Njå har bestått ei praktisk prøve i artsbestemming av rundt 130 soppartar og -slekter.
Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK
– Du kjem inn i ein modus der du er akkurat travel nok til at du ikkje har tid eller kapasitet til å gruble, og då får hjernen ein pause.
Stine Jevnehagen Moe i Giftinformasjonen understrekar at viss ein har god kunnskap om soppen ein plukkar og et, og dessutan har gode rutinar ved plukking og reinsing, så er det lite grunn til bekymring for soppforgifting.
Ho tilrår også å ta i bruk soppkontrollappen Digital soppkontroll. Der ein kan få hjelp frå ekspertar til å sjekke om du har plukka ein eteleg soppart.
Kor mykje kan du om sopp? Test deg sjølv her:
Publisert


