– Eg var ein liten gut og drøymde om det som skjer nå.
Tobias Moi (20) er blant dei største norske fotballtalenta.
Denne sesongen har han slått gjennom for fullt i Viking og fått mykje speletid.
Onsdag kveld blei den store draumen verkelegheit då Viking debuterte i Meisterligaen mot Stuttgart på bortebane – med nesten 60.000 på tribunen.
Moi var i startoppstillinga, trass i sterk konkurranse om plassane i laget.
– Til dei som er yngre; det er lov å drøyma, seier 20-åringen.
Frå FIFA til den verkelege scena
For den unge midtbanespelaren frå Sola i Rogaland var draumen så stor at han som 16-åring spelte seg sjølv i karrieremodus i det populære fotballdataspelet «Fifa».
Her kan du laga din eigen utøvar eller spela som ei ekte stjerne.
Viking-talentet valde seg sjølv med drakt nummer 10 – og spelte seg sjølv som Viking-spelar i Meisterligaen.
Fire år etter blei altså draumen oppfylt på ein fullsett MHPArena i Stuttgart – og ein stemning som nesten berre tyske fotballfans kan få til.
Det var etter den andre kvalik-kampen mot Dinamo Zagreb, der Viking tok seg til eit historisk ligaspel i Meisterligaen, at 20-åringen la ut ein story på Instagram der han spelte seg sjølv på «Fifa» for fire år sidan.
I dataspelet var altså drakta mørkeblå og Moi Viking-spelar – lenge før debuten i Eliteserien i november 2024, og endå lenger før Meisterliga-debuten.
– Kvifor la du det ut?
– Det var ikkje nokon spesiell grunn, berre litt «lættis» og «kødd med gutane».
I videoen han la ut stod det også at han representerer det norske landslaget i fotball.
– Eg håper det skjer ein dag.
– Kor lenge til då?
– Det får me sjå på. Det er opp til meg sjølv, seier fotballtalentet.

FØR DEBUTEN: Tobias Moi fekk spela frå start mot Stuttgart i Meisterligaen.
Foto: Robin Rudel / REUTERS,NTB
Kapteinen trur landslaget ventar
Viking-kaptein Zlatko Tripic meiner «Fifa-stuntet» til Tobias Moi først og fremst viser at han er veldig ung.
– Det er mange unggutar som spelar «Fifa». Meisterligaen er gutedraumen til alle oss. Det er sjukt at me har spelt ein Meisterligakamp.
I videoen Moi la ut fire år tilbake blei han også tatt ut til det norske landslaget.
Det kan også bli ein realitet, ifølge Viking-kapteinen.

TRUR PÅ LANDSLAGET: Zlatko Tripic trur Tobias Moi blir å sjå på landslaget.
Foto: Robin Rudel / REUTERS,NTB
– Med tid kan han bli så god han berre vil. Det er ein ung spelar som har gjort det bra både i heimleg liga, men han har òg vist at han har målpoeng og bra internasjonalt nivå. Alt ligg til rette for at han kan bli landslagsspelar.
Moi skåra Viking sitt tredje mål i Stavanger då dei vann 3–1 mot Dinamo Zagreb og blei klare for årets Meisterliga.
– Både han og familien er stolte
Viking sin daglege leiar, Eirik Bjørnø, seier stuntet til Tobias Moi oppsummerer litt av kva Meisterligaen handlar om.
– Det er ein gutedraum for veldig mange. Me skal nyta å få lov til å vera ein del av dette sirkuset. Me er stolte, men har mykje å jobba med. Moi er eit levande eksempel på at ingenting er umogleg.
Bjørnø påpeikar at Moi ikkje har mange kampar frå start i bagasjen for Viking.
– Så er han på den største europeiske scena. Eg er sikker på at både han og familien er veldig stolte.
Lar Tripic få ha nummer 10
Viking sin hærførar Zlatko Tripic, med drakt nummer 10, er likevel ikkje like overtydd om at Moi overtar akkurat det talet på ryggen.
Med Tripic sin heltestatus i klubben, får han nok behalda draktnummeret så lenge han blir.
– Eg trur ikkje han (Tobias Moi, jour. merk.) blir så lenge her at eg legg opp. Eg blir veldig overraska og litt skuffa dersom han blir så lenge i Viking. Eg trur han er på lånt tid.
Tobias Moi seier Tripic skal få ha drakt nummer 10 i fred.
– Men 10 er mitt favorittnummer.
– Kva klubb vil du helst vera 10-ar i då?
– Viking, kjem det kontant frå Tobias Moi.
Publisert


