I oktober 2019 blei Arne Viste frå Sola dømd til eitt års fengsel med vilkår i Oslo tingrett.
I tillegg fekk bemanningsselskapet hans, Plog AS, bot og inndraging på til saman 2,9 millionar kroner.
Viste hadde i full openheit tilsett asylsøkjarar utan lovleg opphald i selskapet sitt.
Han ønskte nemleg å tvinge fram ei avklaring rundt korleis ein kan tolke Grunnlova.
Med utgangspunkt i Grunnlovas paragraf 110, meinte nemleg Viste at det fanst ei opning for at ureturnerbare asylsøkarar kunne arbeide i Noreg.
«Statens myndigheiter skal legge forholda til rette for at kvart eit arbeidsdyktig menneske kan tene til livets opphald ved arbeid eller næring», heiter det i paragrafen.
Viste blei dømd i tingretten, og etter at både lagmannsretten og Høgsterett avviste å behandle anken hans i 2020, har dommen vore rettskraftig.

Arne Viste hos advokat Arvid Sjødin. Dei har sendt begjæring til Gjenopptakelseskommisjonen.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
No krev han omkamp.
– Ureturnerbare flyktningar er personar som omfattes av grunnloven og har lov til å jobbe, seier han.
Og han vil ha spørsmålet prøvd for retten.
Meiner dommen er avsagt på eit feilaktig grunnlag
I eit ferskt krav til Gjenopptakingskommisjonen for straffesaker, hevdar den nye forsvararen hans, advokat Arvid Sjødin, at dommen frå 2019 blei avsagt på eit feilaktig og ufullstendig grunnlag.
Advokaten peikar mellom anna på at spørsmålet knytt til paragraf 110 i grunnlova aldri blei behandla.
«Saken gjelder ikke skjult bruk av ulovlig arbeidskraft. Saken gjelder en virksomhet som fra første stund ble drevet i full åpenhet overfor politi, skatteetat, arbeidstilsyn, kunder, medier og offentligheten. Arne Viste søkte først sivilrettslig avklaring.», skriv advokat Sjødin i begjæringa.

I 2019 blei Arne Viste frå Sola dømt til eitt års vilkårsbunde fengsel i Oslo tingrett.
Viser til dommen
Blant påstandane i gjenopptakingsbegjæringa er også at nokre av dei forholda som Viste blei dømd for, aldri har funne stad.
I begjæringa peiker forsvararen på at fire av tiltalepunkta i dommen omhandlar personar som overhovudet ikkje var tilsett i Plog AS, og som aldri utførte arbeid eller fekk lønn frå selskapet.
Oslo tingrett har fått all kritikken frå Viste og Sjødin. Dei viser til at dommen er rettskraftig.
– Vi må vise til dommen og kan ikkje gi nokon tilleggsgrunngjeving eller uttale utover denne, skriv Oslo tingrett til NRK.
Oppmodinga rettar også kritikk mot saksbehandlinga og avhøyrsteknikken til Oslo-politiet under etterforskinga i 2018.
Blant anna meiner Sjødin at Viste ikkje fikk gi ein fri forklaring i politiavhøyr. Det blir også hevda at dokument og tidlegare straffesaker blei heldt skjult.
– Om du forfalskar noko, bevisst og forsettelig, som vi trur politiet har gjort i dette tilfellet, er det ein så grov saksbehandlingsfeil at det skal føre til gjenopning, seier Sjødin.

Advokat Arvid Sjødin har tatt saka for Arne Viste.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
«Oslo politidistrikt viser til at saken er behandlet av domstolene og ankemuligheter for domfelte er uttømt. Påtalemyndigheten har registrert at det er begjært gjenåpning, men utover det har vi ingen kommentar», skriv politiadvokat Anita Eskilt Andhøy til NRK.
Publisert


