For første gong er Brynes J14-lag på plass på Ekebergsletta for å delta på Norway Cup.
Rundt dei kryr det av spelarar frå heile verda, men fleire legg raskt merke til laget frå Jæren.
– Det er gjerne litt meir oppbluss. Når vi kjem her, så roper dei. Så vi merkar jo det litt, seier Bryne-trenar Jørn Seldal.
Han meiner interessa først og fremst handlar om kva Bryne har blitt kjent for dei siste åra.
– Dei assosierer Bryne med Erling, i stor grad.
– Det første vi høyrde var «Haaland»
For Sofie Emilie Haaland, som er veslesystera til den norske superstjerna, har spørsmåla allereie byrja å kome.
– Eg kan nesten ikkje gå forbi nokon som ikkje seier Haaland, fortel 14-åringen.
Ho opplever ofte at folk spør om nokon på laget er i slekt med Erling Haaland.
– Dei pleier å spørje om nokon av oss er søstera til Haaland, og så går dei eigentleg vidare. Eg pleier eigentleg ikkje å svare eller sjå på dei, berre for at det ikkje skal bli ein stor greie.

Sofie Emilie Haaland, har store forventningar til Norway Cup, og merker at å spele for Bryne gir ein ekstra merksemd.
Foto: NRK
Lagveninnene hennar kjenner seg att i interessa rundt laget.
– Med ein gong vi kom inn på hotellet, var det første vi høyrde nokre gutar som ropte «Haaland!», seier Lerke Seldal.
Ho fortel at dei har blitt vane med merksemda. Også lagvenninne Rikke Midttun har merka at Bryne blir kopla tett til landslagsstjerna.
– Alle kjenner igjen klubben vår fordi vi er frå Bryne. Dei spør om vi kjenner Haaland og sånt.
Skjuler ein spesiell detalj
Sjølve drakta jentene speler med i år gøymer òg på ein spesiell detalj som kanskje ikkje alle merkar ved første augekast.
Midt på magen har dei trykt inn eit grafisk bilde av ansiktet til Haaland – det same motivet som finst på den kjende graffitiveggen heime på Bryne.
Brynes drakt
Draktens inspirasjon
– Vi synest det er veldig kult. På den drakta vi har no så har vi bilde av Haaland på drakta, på magen, seier Mariell Salte Jørgensen.

Mariell Salte Jørgensen (til venstre) og Rikke Midttun (til høgre).
Foto: Markus Olsen / NRK
Bryne-trenar Seldal ser at klubbdrakta vekkjer mykje oppsikt på Ekebergsletta, men meiner merksemda gir jentene noko ekstra å vere stolte over.
– Eg trur det er ein stoltheit med å ta på seg Bryne-drakt og tenke at han kjem frå klubben, han kjem frå vårt område. Det trur eg er ein stoltheit for spelarane i klubben.
Stor entusiasme for Bryne
På Bryne er det stor begeistring for fotballmiljøet og spelarane som har gått vegen frå Jæren til toppen.
For Sofie Emilie er Erling først og fremst storebroren hennar, men også eit stort forbilde.
– Ja, sjølvsagt. Han er storebroren min, og eg ser veldig opp til han, seier ho.
– Han er ein stor inspirasjon for eigentleg alle unge fotballspelarar. I alle fall på Bryne er det ein veldig stor ting å vere derfrå, legg Lerke Seldal til.

Sofie Emilie Haaland (til venstre) og Lerke Seldal (til høgre).
Foto: NRK
Ho følgde storebroren under Noregs VM-eventyr, og synest det var spesielt å sjå han på den største scena.
– Det har vore sjukt. Kult og historisk. Det har vore veldig gøy.
Storebror enda opp med å skåre sju mål i turneringa og vart avgjerande i kvar siger for det norske laget. Det stoppa i VM-kvartfinalen då England blei for sterke.
For Bryne har Haaland-suksessen også sett spor internt i klubben, meiner trenar Jørn Seldal.
– Det er klart det er motivasjon for alle på Jæren å sjå at det er mogleg å få til å bli verdas beste spiss uansett kor du kjem frå.
På laget finst det også fleire med sterke fotballband i familien. Celine Anfinnsen Hansen er tantebarnet til landslagsspelar Tuva Hansen, og fortel at fotballinteressa har gått i arv.

Celine Anfinnsen Hansen (til venstre) og Tomine Seland Karlsbakk (til høgre).
Foto: NRK
– Familien min har alltid vore interessert i fotball. Farfar har spelt på landslaget, pappa, begge tantene mine og, så er det min draum òg.
Også Tomine Seland Karlsbakk har fotball tett på livet. Ho er søstera til Daniel Seland Karlsbakk.
– Veldig mange på laget vårt er interesserte i fotball, og det går jo litt i familie. Du blir ofte inspirert av foreldre og søsken. Daniel er forbildet mitt. Eg ønskjer å bli veldig god, slik som han.
Vil hylle fotballspelaren og byen
Marknadssjef i Bryne FK, Bjørn Hagerup Røken, var hovudet bak ideen om å gje breiddedraktene et heilt spesielt uttrykk.
– Vi ville ha et motiv som hylla Erling, men som også bygde identitet og stoltheit rundt byen, seier han.

Marknadssjef i Bryne FK, Bjørn Hagerup Røken, ville hylle Erling og byen gjennom den nye drakta.
Foto: Carina Johansen / NTB
I samarbeid med kunstnaren Pøbel, som også er hjernen bak veggmåleriet av Haaland, designa klubben dei nye draktene.
– Vi skulle lage ny breiddedrakt til alle 600 medlemmene våre. Då ville vi lage noko som vi visste at spelarane ville bere med enorm stoltheit, og som kunne inspirere andre unge til å spele fotball.
Publisert


