– Straumen gjekk i 06.30-draget då eg sko til jobb. Eg kom til ein heilt mørklagt stasjon, det er ikkje mykje me kan hjelpa kundane med i dag, seier assisterande dagleg leiar på St1 Madla, Sajid Amin.
Inne på stasjonen er det eit nødlys som er på.
– Me må bare venta på hva som skjer. Det går ikkje an å fylle drivstoff hjå oss i dag.
L-nett skriv at over 7000 abonnentar i blant anna Kvernevik og Sunde i Stavanger er utan straum nå i morgontimane.
Kommunikasjonssjef i Lnett, Ingvild Ween, seier at dei har montørar på veg ut for å fikse feilen nå.

Kommunikasjonssjef i Elnett, Ingvild Ween.
Foto: Lyse
De veit ikkje årsaka, og kor lang tid det kjem til å ta. Men ifølge Ween fryktar dei at det kan ta tid å fikse feilen.

Det avmerka området skal vera råka.
Grafikk: Elnett
Husstandar og bedrifter råka
NRKs journalist på staden melder om mørke forhold, blant anna ved kjøpesenteret Thon Senter Madla.

Mørkt hos Thon Senter Madla.
Foto: Ingvill Bjorland / NRK
Butikksjef ved daglegvarebutikken Extra Madla, Nicolay Abrahamsen Hantho, skriv at de jobbar med å halde varene i fryse. og kjølediskane for å unngå svinn.
– Vi har også vasspumper i kjellaren som må haldast i gang, opplyser han på melding til NRK.
NRK har kontakta Sunde sjukeheim, som opplyser at dei har straum.
Publisert
Oppdatert


