Mitt, ditt, hans eller hennar, før, etter, bindestrek.
Ja, etternamn kan vere vanskeleg. Kven sitt får stå, kven sitt må gå når ein set ring på fing?
Camilla og Olav har gjort noko uvanleg, men som kan vere løysinga på likestillingsspørsmålet:
Dei har laga sitt eige etternamn.

Dei gifta seg då dei var høvesvis 36 og 40 år, og følte ikkje det var naturleg at den eine skulle ta den andre sitt namn.
Foto: privat
– Eg ønskja ikkje å vidareføre den gamle tradisjonen der kvinna automatisk tar mannen sitt etternamn, seier Camilla Lindsløkken, og legg til:
– For meg handlar det om likestilling.
Det «rette» namnet
Då ho og mannen Olav skulle gifte seg ønskja dei eit felles familienamn.
– Ingen av oss ønskja at den andre sitt slektsnamn skulle bli «det rette» familienamnet. Derfor valde me å skape eit nytt namn som representerte oss begge, seier Camilla.
Dei starta med testing av ulike kombinasjonar.
– Mannen min heiter Lindseth, og eg het Utgårdsløkken. Til slutt landa me på Lindsløkken, som vart ein naturleg samansmelting av begge namna, seier Camilla.

Familien Lindsløkken
Foto: privat
– Eg liker også sjølve klangen i namnet. For meg gir det assosiasjonar til noko norsk – lindetre og ein vakker løkke, legg ho til.
Eit eige familienamn var også viktig då dei skulle utvida familien med dottera.
Men kan ein berre lage seg eit heilt nytt namn?
Korleis lage nytt namn?
Namneforskar Ivar Utne forstår ikkje kvifor ikkje fleire gjør som Lindsløkken.
– Dette er den optimale løysinga! Det løyser spørsmålet om likestilling på ein svært god måte, seier Utne.

Namneforskaren ved Universitet i Bergen har høyrt om nygifte som vel eigne etternamn, men skjønner ikkje kvifor ikkje fleire gjør det.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRK
Utne foreslår at ein anten kan sette saman deler av sine gamle namn, hente stadnamn, finne inspirasjon frå naturen eller ord som begge partar har tilknyting til eller liker godt.
Men det er likevel nokre reglar ein må følgje for å skape sitt eige etternamn, og for å unngå namneavslag.
Du kan få avslag på namn
For å endre namn må du melda Skatteetaten som avgjerd om det godas eller ei.
– Det er ca. 50.000 personar som endrar namnet sitt kvart år. Dette er namneendring for både fornamn, mellomnamn og etternamn, seier Anita Thorsen, fungerande direktør i Folkeregisteret/Skatteetaten.
Ho fortel at dei ikkje har konkrete tal på kor mange som lager seg nye etternamn.
– Systemene våre sorterer ikkje på dei som bytter etternamn spesielt, berre på namn, legg Thorsen til.
Hittil i år har 28 415 personar endra namnet sitt, og blant desse er det 15 768 forskjellige etternamn.
Mange namn får automatisk godkjenning, men nokre krev manuell behandling.
Dette kan ta opp til seks veker.

Namneendringsskjema.
Foto: Ingrid Sæthre Stabrun / NRK
Nokre namn kan også føre til avlslag:
– Me kan ikkje godta melding om å ta, endre eller sløyfe et namn, dersom namnet kan bli til «vesentleg ulempe» for vedkommande, eller andre sterke grunner tilseier det, seier Thorsen.
Ho kjem med nokre eksempel som kan føre til namneavslag:
Dette regulerast av namnelova. Så langt i år har ca. 1200 personar fått namneavslag. I løpet av heile fjoråret fekk ca. 3300 avslag.
Er du nysgjerrig på om ditt etternamn er verna eller ei? Du kan sjekke kor mange som har same namn som deg på SSB sin namnestatistikk side.
Gammal tradisjon i moderne form
Tradisjonelt har kvinna tatt mannen sitt etternamn når dei blir gift, sjølv om det ikkje finst nokre direkte reglar på dette i dag.

Ring på fing, men kven sitt etternamn blir ståande? Eller kanskje ingen sitt.
Foto: Frida Skauvik Aune / NRK
– Me må ikkje ha tradisjon for alt mogleg. Me kan også finne på litt og gjere noko me liker. Dette er noko meir kreativt og nytt, og det er heilt greitt det også, seier namneforskar Utne.
Dei siste åra har det også blitt vanlegare at kvinner behaldar etternamnet sitt, noko Utne trur skuldast at fleire er sambuarar og ikkje alle gifter seg.

Camilla trur også det å lage nytt etternamn kan vere ei fin løysing for familiar med ulik kulturell bakgrunn, der ingen av dei eksisterande etternavnene følast som det naturlege valet.
Foto: privat
Historisk har folk også skifta namn når ein flytter til ein ny gard og tatt gardsnamnet.
Då skikken med etternamn for alvor begynte å få fotfeste i landet på 1800-talet vart gardsnamnet lagt til nærmast som ein slags adresse for å gjere identifikasjon enklare fordei som eigde jord.
I dag er det framleis kategorien gardsnamn som etternamn som ligg på topp i Noreg.
– På den måten kan ein kanskje si at me har tatt ein gammal norsk tradisjon og gitt den ein moderne form. Det synest me er ein litt spennande tanke, seier Camilla.
Ho legg også til at sjølv om røter og tilhøyrsle er viktig for mange, så kan det å lausrive seg frå tradisjon og skape noko nytt også vere fint:
– For oss vart Lindsløkken eit namn på den familien me sjølv hadde valt å skape saman, seier ho.
Namneforskar Utne håper det å lage nye etternamn kan bli ein ny namnetrend, noko han ikkje forstår at ikkje har skjedd allereie:
– Det er rart det ikkje slår betre ann.
Publisert


