Universitetet i Stavanger er Noregs mest populære studiestad sett til talet på førstevalssøkarar. Det viste nye tal frå Samordna opptak (ekstern lenke).
Noko av årsaka er det nye nettbaserte studiet dei tilbyr i spesialpedagogikk, med 1063 søkarar til 40 plassar.
– Trur du at du kjem inn?
– Det er veldig vanskeleg å seie, for sjansen blir mykje mindre når det er så mange søkarar, seier Malin Kühlmann, som er ei av søkarane.
Ho jobbar som miljørettleiar på Gosen skole i Stavanger. Skulen treng meir av kompetansen og ho er glad for det nye studiet som no er oppretta.

Malin Kuhlmann arbeider som miljørettleiar på Gosen skole i Stavanger, der ho møter mange elevar med ulike behov for tilrettelegging.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
– Vi har eigne klasse med dei som treng mest oppfølging, der vi har elevar med ulike diagnosar. Med alt ifrå autisme, Downs syndrom, utviklingshemming. Desse elevane er forskjellige og har ulike behov.
Det store søkartalet til denne utdanninga åleine gjer at kategorien «pedagogiske fag» i Samordna opptak hadde den største auka.
– Eit kjærkome studium
Kühlmann er spesielt nøgd med utforminga av studiet.
– Det er fint at det er eit nettstudie. For då kan ein kombinere det med jobb, og ein får brukt læringa inn i arbeidskvardagen, seier ho.
Rektor ved Gosen skule, Anne-Marthe Nygård Basso, er også positiv til det nye studiet.
– Vi har lenge hatt master i spesialpedagogikk og valfag i lærarutdanninga, men det blir for generelt. For oss er dette eit kjærkome studium.

Anne-Marthe Nygård Basso, rektor på Gosen skole seier det er eit etterlengta tilbod.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
– Vi har ein kompleks skule med mange elevar som har store og samanfatta lærevanskar. Så det har lenge vore eit ønske om å få ei utdanning som er meir retta mot elevar med store lærevanskar, seier Nygård Basso.
Fyller ikkje behovet
Men rektoren seier dette studiet åleine ikkje er nok til å fyllet behovet.
Ho får støtte frå professor i spesialpedagogikk, Marianne Sandvik Tveitnes.
– Eg meiner at vi framleis har ein lang veg å gå. Det er mange barn og unge som ikkje får den tilrettelegginga ein har behov for, seier ho.
Ein forskingsartikkel som ho sjølv har publisert med fleire, viser at 15–25 prosent av alle elevar har behov for ekstra støtte (ekstern lenke).
Artikkelen baserer seg på ei undersøking der 3600 norske lærarar har delteke.
Der svarar nesten halvparten at dei føler dei ikkje har den kompetansen dei treng for å hjelpe elevane.

Marianne Sandvik Tveitnes er professor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Stavanger og fortalde statsrådane om det nye studiet.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Tveitnes har vore med på å starte det nye studiet, og skal sjølv undervise.
– Vi har i mange år sett at det er eit stort behov for dette. For det er mangel på spesialpedagogisk kompetanse i barnehage, skulen og i andre nærliggande fagområde. Spesialpedagogikk er naudsynt for å kunne skape ein inkluderande barnehage og skule, som vi har ambisjon om å ha i Noreg.
– Er dette eit problem over heile landet?
– Mangel på kompetanse, er eit generelt problem. Og våre søkartal viser at det er eit behov, seier Tveitnes.
Professoren held fram med at desse 40 plassane åleine ikkje fyller behovet.
– Men det er jo også eit politisk spørsmål. Er det vilje til å satse på denne typen utdanningar? Det er ikkje mangel på dyktige fagfolk ved universitet og høgskular. Men vi må ha ressursar til å kunne starte opp studiar, og det er det ikkje eg som bestemmer.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier at dette er noko dei arbeider med.
– Eg er veldig glad for at nesten 6000 allereie har teke etterutdanning i spesialpedagogikk i Noreg dei siste åra, og nesten 2200 barnehagelærarar har gjort det same. Så vi er på riktig veg med å auke kompetansen i heile landet vårt.

Kari Nessa Nordtun (Ap) og Sigrun Aasland (Ap) frå Kunnskapsdepartementet var på besøk hos Universitetet i Stavanger.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) meiner fleire bør tilby studieløp som liknar på det UiS no tilbyr.
– Det er kjempeviktig. Det er mitt klare bodskap til alle universitet og høgskular: Ver i kontakt med arbeidslivet og ver med og svar på kompetansebehov i samfunnet. Det må vi bli enda betre på, så dette er eit godt døme på det, seier Aasland.
– Etterspørselen er enorm, er 40 plassar nok?
– No veit ikkje vi kven desse tusen personane er, så det må ein sjå på. Men det er viktig at vi har god kvalitet på dette nye studiet. Så finst det heldigvis andre gode etter- og vidareutdanningstilbod, seier Aasland.
Publisert


