Uvêret «Dave» er venta å treffe Sør-Noreg for fullt første påskedag.
Meteorologane har sendt ut raudt farevarsel for Rogaland og Agder.
Like før klokka 12.00 kom det ei oppjustering av farevarsla.
«Dave» vil nemleg ta ei meir sørleg bane enn venta, varslar Meteorologisk institutt.

Slik ser det oppdaterte farevarselet over Sør-Noreg ut.
Faksimile: Meteorologisk Institutt
Varselet er oppjustert frå gult til oransje nivå sør i Østfold, og delar av Rogaland og Agder kan vente seg «ekstreme vindkast» på 38 til 42 sekundmeter.
Kyststrekninga Karmøy til Oksøy er mest utsett.
Allereie laurdag er har fleire område fått kjenne på vêret. Det er utfordrande køyreforhold på fleire av dei viktigaste fjellovergangane i landet.
Samtidig har fleire kommunar møte for å førebu seg på «Dave».
Kan råke straumforsyninga
Statsforvaltaren i Agder hadde møte med 142 deltakarar laurdag formiddag. Kommunar, politi og nettselskap var blant deltakarane.
– I dag er dagen for å førebu seg, seier statsforvaltar Gina Lund til NRK.
Også Statsforvaltaren i Rogaland har eit møte med alle kommunane i fylket i forkant av uvêret.
– Prognosane til Meteorologisk institutt ser ut til å stemme. Ofte kan desse bli litt mindre alvorlege når det nærmar seg, men slik det ser ut no, blir det som spådd.
Det seier Reidar Johnsen, fylkesberedskapssjef hos Statsforvalteren i Rogaland, til NRK.
Johnsen opplyser om at kyststripa frå nord i Vestland til sør i Agder er mest utsett grunna sterk vind.
– Mitt inntrykk er at kommunane har tatt dette alvorleg og at dei har vurdert sin eigen beredskap, legg han til.
«Dave» kan gi problem for straumforsyninga i store delar av Sør-Noreg. Fleire nettselskap førebur seg på moglege straumbrot.
– Det er stor fare for at nokon stadar vil bli straumlause. Det er vanskeleg å reparere linjene når det blåser som verst, seier Johnsen.
Han rår folk til å vere tolmodige og ha stearinlys, oppladd batteribankar og tilgang på varme tilgjengeleg.
Følg utviklinga her:
Sikrar båten for uvêret
I Kristiansand gjer Gordon Natvig båten sin klar før stormen.
– Eg førebur alltid båten på uvêr.
Med seks til sju fortøyingar på kvar side og totalt ti fenderar, skal båten vere godt rusta til å ta i mot «Dave».
– Ein må førebu seg på at det verste kan skje, legg Natvig til.

Gordon Natvig har sikra båten sin i forkant av stormen.
Foto: Eirik Lyngbø Rognaldsen / NRK
– Lys og håp
Gudstenestene i Stavanger bispedømme blir første påskedag flytta til klokka 10.00.
Sjølv om høgtidsdagen er den viktigaste i kyrkjeåret, tar biskop Anne Lise Ådnøy uvêret på alvor.
– Når vi flytter gudstenestene til klokka 10.00 kan vi feire gleda i staden for å uroe oss for om folk kjem seg trygt heim, seier ho i ein pressemelding.

Biskop Anne Lise Ådnøy tok avgjerda med å flytte på gudstenestene i Stavanger bispedømme første påskedag. Biletet er frå Ådnøy blei vigsla til ny biskop i 2019.
Foto: Carina Johansen / NTB,NTB
Geir Skårland, stiftsdirektør i Stavanger bispedømme, minner om kva høgtida handlar om.
– Vi feirar jo at påsken er ei forteljing om at det først ser ut til å gå veldig, veldig dårleg, men så viser det seg at det blir lys og håp, seier han.
– Det er jo noko å feire, og som kan vere aktuelt i dette året òg, legg han til.
Kolonnekøyring
Vêret på påskeaftan har leia til kolonnekøyring på fleire fjellovergangar, og enkelte strekningar er heilt stengde.
Strekningane med kolonnekøyring er:
- Hardangervidda
- E134 Haukelifjell
- Fylkesveg 50 Hol-Aurland
Det kan også bli innført kolonnekøyring på riksveg 53 mellom Tyin og Årdal.
I tillegg er fylkesveg 51 over Valdresflye og fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt.
På Hardangervidda blåser det 12,8 sekundmeter, og det snør tett ved vêrstasjonen på Skulevika på 1183 meters høgde.
Color Line innstiller ferjeavgangar
Også Color Line gjer tiltak i forkant av stormen.
Søndag er alle avgangar mellom Kristiansand og Hirtshals innstilte.
– For dei gjestane som skulle ha vore med på seglingane, betyr det at seglinga ikkje går. Alle blir informerte fortløpande, og vi forsøker å finne best moglege løysingar.
Det seier Erik Brynhildsbakken, kommunikasjonssjef i Color Line, til NRK.
Totalt blir om lag 4000 reisande råka som følge av vêret.

Publisert
Oppdatert


