– Eg skriv ganske kronglete og har litt dårleg rettskriving når det kjem til norsk. For eg har berre prioritert engelsk, sidan eg føler det er meir nytte i det, seier Bo Bjørnstad, som går i 8. klasse ved Kannik skole i Stavanger.
Sjølv innrømmer han at det ofte går i krøll når han skriv på skulen.
– Handskrift er jo ein kunst. Spesielt når eg ser kor fin løkkeskrifta til foreldra mine er, seier Bjørnstad.
Ved Kannik skule i Stavanger har dei sett seg nøydd til å ta grep for å lære elevane å skrive betre.
– Vi har sett ei auke, og ein tendens til at det er fleire som ikkje har den same kompetansen som elevane hadde tidlegare, seier rektor ved Kannik, Finn Lea.
– Skriv mykje engelsk
Han seier også at problemet er det same med engelsk.
– I norske tekstar skriv dei mykje engelsk. Dei har lagt inn engelske ord i norsken og dette takast i bruk i den formelle skrivinga. Det er vanskeleg for lærarar å avlære elevane, seier rektoren.
-
Finn Lea
- Rektor ved Kannik skole i Stavanger.
Kannik har i underkant av 700 elevar, og er dermed blant dei største ungdomsskulane i landet.
Lea meiner problemet dukka opp for tre-fire år sidan, då skjermen hadde vore ei stund i skulen.
– Vi ser at det trengst. For vi kan ikkje ha elevar som ikkje kan skrive skikkeleg, seier rektoren.
Saman med lærarane på skulen har dei auka fokuset på skriving for hand i alle fag.
– Det er noko vi legg inn som ein aktivitet, slik at elevane vert rusta når dei kjem vidare etter ungdomsskulen, seier Lea.
Både rettskriving og skriving for hand slit elevane med når dei kjem på ungdomsskulen.
– Eg skriv ikkje alltid riktig, og eg skriv feil fordi eg skriv så mykje digitalt. Det gjer at eg kortar ned ord og skriv engelsk, seier Hennie Sofie Glad Balchen, som også går i 8. klasse på Kannik i Stavanger.

Hennie Sofie Glad Balchen (14) set pris på å få øve meir på å skrive riktig for hand.
Foto: Arild Eskeland / NRK
Skjerm får skulda
Fagfolk bekreftar at ungdommane er blitt dårlegare til å skrive, og det er ofte «enkle» feil som vert gjort.
Ein ser at elevar får dårlegare handskrift. Og foreldre bekymrar seg for mykje skjerm i skulen.
Sjølv om skjerm har teke over på barneskulen, står det i læreplanen i alle åra at elevane skal lære seg å skrive for hand. Likevel ser ungdomsskulen at nivået er lågt når elevane byrjar i 8. klasse.
– Eg merkar at det er fleire no enn før som skriv utydeleg, seier Liv Andrea Meltveit, kontaktlærar på 8. trinn ved Kannik skole.

Liv Andrea Meltveit merkar også utfordringane elevane har når det kjem til skriving på ungdomsskulen.
Foto: Arild Eskeland / NRK
Ho peikar på at skriving digitalt hindrar elevane i å lære rettskriving.
– Når dei skriv for hand er det ein gjengangar at dei skriv meir feil. For då har ein ikkje det automatiske retteprogrammet, seier Meltveit.
Ei utfordring
Camilla Lausund Fitjar er førsteamanuensis i lesevitskap ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger. Ho forskar blant anna på handskrift og kjenner godt til problemstillinga.
– Utfordringane framover blir nok å få til ein god balanse mellom skriving for hand og på tastatur, seier Fitjar.

Camilla Lausund Fitjar er doktorgradsstipendiat ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.
Foto: Thomas Ystrøm / NRK
– Eg trur at for å gje elevane eit reelt val mellom penn og tastatur, så må dei få opplæring og trening i begge deler, seier Fitjar.
Ho er meir uroa for korleis kunstig intelligens påverkar skriving enn sjølve tastaturet. Men har eit tips til korleis elevane kan lære å skrive meir riktig på skjerm.
– Det er lov å skru av autokorrektur når elevane skal øve på å formulere gode setningar og stave ord riktig. Den digitale skrivehjelpa kan hjelpe oss til å kommunisere litt betre med andre, men vi må lære å skrive sjølv også og velje skriveverktøy som passar til oppgåva, seier Fitjar.
Hei!
Har du tankar om saka du har lest, eller innspel til andre ting eg bør sjekke ut? Send meg gjerne ein e-post!
Publisert


