Då Ingunn Havsø var 40 år hadde ho mann, barn, hus og to jobbar.
– Opp om morgonen og rett på arbeid. Det var livet mitt, eg elska å gå på arbeid. Etter ei stund blei det litt kjedeleg med berre ein jobb. Så då tok eg ein ekstrajobb på 7-Eleven.
Men det året, for 13 år sidan, blei det siste i yrkeslivet. Ho fekk betennelse i hjernen (nevrosarkoidose) og var innlagt på sjukehus i fem veker.
Deretter trengte ho fem nye veker på institusjon for å lære å gå igjen.
Nå er det injeksjonar kvar 8. veke som gjer at 53-åringen kan fungere sånn nokolunde i kvardagen. Men sjukdommen gir likevel biverknader, som tap av balanse.
Det er her overskrifta kjem inn. Når ho går tur på ein føremiddag. og kjempar for å halde balansen, er det mange som trur at ho har eit alvorleg alkoholproblem.
– Herregud! Kor mykje har ho drukke i dag, seier dei til seg sjølv. Eg har berre tatt ein kopp kaffi, men eg ser ut som om eg er heilt på ein snurr, seier Havsø.
Kort veg
Når Ingunn står inne i stova si og ser ut gjennom det største vindauga, så ser ho rett bort på Eigersund sjukehus. Det er der ho får dei livsviktige injeksjonane sine.
– Eg er så glad for at det er kort veg, seier ho.
Fire minutt med bil, så er ho oppe hos sjukepleiar Rannveig Skjæveland. Der får ho cellegift som held ho aktiv i 7–8 nye veker.

Ingunn Hafsø på kontoret til sjukepleiar Rannveig Skjæveland på Eigersund sjukehus
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
Etterpå gjeld det å koma seg heim så fort som råd.
– Resten av dagen er eg totalt utslått, slår ho fast.
Sjukehuset kan bli lagt ned
I starten, etter at Ingunn Havsø var ferdig behandla, måtte ho dra til Stavanger universitetssjukehus (SUS) for å få dosane med cellegift.
Ho var i såpass dårleg stand etter å ha fått injeksjonen at ho ikkje kunne køyre sjølv tilbake til Egersund. Ofte fekk ho skyss, men når det ikkje var råd, så opplevde ho ulempene med å ta felles pasienttransport.
– Eg blei køyrt over halve Jæren for at andre pasientar i bussen skulle koma heim først. Då eg til slutt kom heim til Egersund, så hadde det gått to og ein halv time, minnest ho.
Sjukepleiar Rannveig Skjæveland på Eigersund sjukehus peikar på at fleire andre pasientar frå Dalane kjenner det på same måte.

Sjukepleiar Rannveig Skjæveland er ein av 13 fast tilsette som kan bli flytta til sjukehuset i Stavanger
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
– Det er ei påkjenning for mange av dei som går her, å reise til sjukehuset i Stavanger. Behandlinga er jo krevjande for mange, og nokre blir veldig trøytte etterpå.
Må spare pengar
SUS brukar meir pengar enn dei har i budsjettet. Eitt mogeleg sparegrep er å leggje ned poliklinikkane på avdelinga i Egersund og flytte dei til Stavanger.
Klinikkdirektør Berit Haaland leiar utgreiinga.

Klinikkdirektør SUS, Berit Haaland
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
Ho er forsiktig med å uttale seg, men slår fast at arbeidet tar lengre tid enn venta:
– Då me starta 5. mars trudde me at det skulle gå kortare tid enn slik det ser ut nå. For tida er planen at det me konkluderer med skal opp til styrebehandling før sommaren.
I tilfelle nedlegging får dei 13 tilsette i poliklinikkane i Egersund tilbod om jobb i Stavanger.
Innbyggjarane reagerer
Det er fleire enn Ingunn Havsø som vil behalde sjukehustilbodet i Egersund. I fjor var det rundt 10.000 konsultasjonar, med pasientar frå Dalane, Sør-Jæren og Sirdal.

Ingunn Hafsø på veg inn til kontroll på Eigersund sjukehus
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
I tillegg til kommunepolitikarane i Dalane, står eit samla Fylkesting i Rogaland fylkeskommune saman mot nedlegging.
Det er også stortingspolitikarar, med Raudt og Senterpartiet i spissen, som krev at regjeringa må gripe inn, dersom SUS vedtar å leggje ned avdelinga i Egersund.
Håper at 1000 møter opp
Torsdag kveld klokka 18.00 startar fakkeltoget frå Dalane vidaregåande skule i Egersund og opp til Egersund sjukehus.
Arrangørane satsar på at minst 1000 personar møter opp for å markere støtte til lokalsjukehuset.
Ingunn Havsø vil vera ein av dei.

– Eg har sagt at eg skal gå først i toget, saman med ordføraren, seier Ingunn Havsø med eit smil.
– Så håper eg verkeleg at mange vil møte opp, for me er så avhengige av dette sjukehuset.
Publisert


