– Produksjonen blir redusert og folk vil hamstra. Det vil ikkje gå lenge før butikkane går tomme.
Slik kommenterer Ståle Hustoft eit scenario der norske gardsbruk opplever stans i tilgangen på straum og vatn.
Hustoft er sjølv bonde og leiar av bondelaget i Rogaland.
Han har fått meg seg beskjeden frå styresmaktene til norske kommunar:
«Vi må være forberedt på å håndtere alvorlege kriser, og i ytterste konsekvens, krig.»
Norsk landbruk er viktig i den norske beredskapen.
Men ikkje alt er på stell om krisa brått skulle ramma oss.
Ei fersk spørjeundersøking (sjå heile under) om eigenberedskap i jordbruket i Rogaland viser nemleg dette:
- Om lag 45 prosent av bøndene svarer at dei ikkje har nødstraumsaggregat. Altså ingen plan b om straumen skulle ryka.
- 40 prosent svarer nei på at dei har alternativ vasskjelde ved bortfall av hovudkjelda. Altså ingen plan b for drikkevatn til dyra.
- Om lag 26 prosent svarer at det får store eller svært store konsekvensar for drifta dersom internett forsvinn over tid. Stadig meir utstyr i landbruket treng tilgang på nett.
Nesten 700 bønder i Rogaland har svart på undersøkinga.

Mange bønder har ikkje ein plan b for straum og vatn til dyra.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Bekymra bondelagsleiar
Tala viser at norsk landbruk er veldig sårbare for krig og kriser, meiner bondelagsleiaren i Rogaland.
– Det er bekymringsfullt at me har så stor tiltru til at samfunnet skal levera både straum og vatn. Eg trur den enkelte bonde i større grad må ta ansvaret for at me også skal levera matforsyning, ikkje berre ta vare på eigne dyr og interesser, seier Ståle Hustoft.
Ved bortfall av straum og vatn, trur han ikkje det vil gå lang tid før det blir behov for å slakta ned dyra på ein norsk gard på grunn av mangel på for eksempel kraftfòr og ventilasjon.
– Det vil ramma både oss produsentar, slakteria og næringsmiddelindustrien. Og så trur eg det vil slå ut i butikkane svært raskt.
Fleire bønder NRK har snakka med meiner tala er representative for resten for landet, men at det kan vera forskjellar.
Det er også dei som meiner det er mørketal, og at det reelt sett er færre bønder som har beredskapen på stell, enn det undersøkinga viser.
– Får problem etter få timar
Noregs Bondelag påpeikar at norske gardsbruk er veldig ulike, også når det gjeld kor sårbare dei er for bortfall av straum, vatn og internett.
– Nokre produksjonar vil få problem etter få timar utan straum. Andre kan behalda både produksjon og god dyrevelferd utan, seier leiar av bondelaget, Bjørn Gimming.
Bondelagsleiaren påpeikar at det er viktig at bonden har ein beredskapsplan tilpassa eigen gard og produksjon, noko Bondelaget jobbar for.
Anders Braut Ueland er bonde på Jæren og avdelingsleiar i Heimevernet. Det betyr at han er godt kjent med trugslane som fort kan ramma landet vårt.
– I den usikre verda me lever i nå, kan me ikkje ta som ein sjølvfølge at me alltid har stabil straum- og vassforsyning, slik me har gjort dei siste 30–40 åra.

Bonde Anders Braut Ueland er opptatt av å få på plass ei løysing for reservevatn til dyra sine.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Han peikar på at gardane blir større, og at meir utstyr er avhengig av både straum og internett.
Sjølv har han kjøpt nødstraumsaggregat til 65.000 kroner. Det betyr at han er berga så lenge han har tilgang på traktor og diesel.
– Men utan er det snakk om eit par timar, og så er det full krise. Då står kyrne med mjølkespreng i mjølkeroboten som treng straum og vatn under trykk for å verka, seier jærbonden.
Per nå har han ikkje noko alternativ til det kommunale vatnet han er kopla på. Streikar det, blir det fort trøbbel.
– Ei god mjølkeku drikk opp mot 80–100 liter vatn til dagen. Å skaffa så mykje vatn, når du har 45 kyr, kan kven som helst prøva på.

Mjølkeroboten til bonde Anders Braut Ueland får fort trøbbel utan straum. Då må den over på nødstraum for å fungera.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Ser til Sverige
Svenske bønder har nyleg fått ei ny statleg beredskapsstøtte og brosjyrar med informasjon om korleis dei skal førebu seg på krig og krise.
Støtten inneber kunnskap og ressursar for å få gardsbruk til å investera i tiltak som gjer dei rusta i møte med alt frå ekstremvêr til krig.
På ein landbrukskonferanse i Stavanger nyleg blei det etterlyst tiltak også i Noreg.
– Me må få på plass ei liknande ordning. Mest av alt handlar det om å stilla skikkelege forventningar til oss bønder, meiner Hustoft i Rogaland Bondelag.
– Me er sjølv ansvarlege for eigeberedskap på eigen gard, men mattryggleik er eit statleg ansvar. Då må det statlege pengar på bordet gjennom tilskotsordningar til beredskap i landbruket, meiner jærbonde Braut Ueland.

Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
Foto: NTB
Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) skriv i ein e-post til NRK at han meiner undersøkinga er interessant.
– Undersøkinga er ei påminning både for styresmaktene og den enkelte bonde om kor avhengig drifta er av sikker tilgang på straum, vatn og drivstoff. Ein god beredskapsplan er avgjerande for å handtere uventa hendingar, ulukker eller krisar, skriv Sandtrøen.
Landbruksministeren meiner gode inntekter er ein føresetnad for å auka beredskapen i jordbruket, men svarer ikkje konkret på om det er aktuelt med ei større satsing slik som i Sverige.
Publisert


