Hausten 2024 fekk Torstein Barlaup og kona beskjed om at dei skulle få adoptere ein fire år gammal gut frå Colombia.
Gleda blei likevel kortvarig. Kort tid seinare blei dei varsla om at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) hadde stansa adopsjonen.
Saka til Torstein og kona er blant tre adopsjonssaker som no blir behandla over tre dagar i Oslo tingrett. Utfallet vil kunne forme praksisen rundt utanlandsadopsjon i Noreg.

– Det er umogleg for andre å forstå kor brutalt dette er, seier Barlaup.
Foto: Malene Laura Solheim / NRK
– Det har vore ei enorm påkjenning over fleire år. Den gledelege tildelinga som kom hausten 2024 har blitt snudd til ei sorg, seier Barlaup.
Han er til vanleg busett på Karmøy, men har reist til Oslo for å følge rettssaka.
– Det er umogleg for andre å forstå kor brutalt dette er om ein ikkje har vore i det same sjølv, seier han vidare.
Har saksøkt staten
Det er organisasjonen Adopsjonsforum som har saksøkt staten. Dette er i dag den einaste organisasjonen som formidlar utanlandsadopsjon i Noreg.
Dei meiner Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) feilaktig har stansa dei tre adopsjonane frå Colombia.

Saka går over tre dagar i Oslo tingrett.
Foto: Malene Laura Solheim / NRK
Colombia er i dag det einaste landet som har eit adopsjonssamarbeid med Noreg, etter at Bufdir stramma kraftig inn i 2024.
Tvisten som no går for retten, handlar om staten har lov til å nekte enkelte adopsjonar frå Colombia, og dessutan om krav for framtidig adopsjonsformidling.
– Adopsjonsforum meiner Bufdir har stilt eit generelt krav om ein spesiell type varsling av biologiske foreldre frå colombianske styresmakter, som ikkje finst i colombiansk rett, seier Adopsjonsforum sin advokat, Ørjan Miri Haukaas.

Advokat Ørjan Miri Haukaas og advokatfullmektig Caroline Krog Singert frå DLA Piper fører saka på vegner av Adopsjonsforum.
Foto: Malene Laura Solheim / NRK
– Adopsjonsforum meiner det er bra at Bufdir ønsker å sikre at rettar til involverte ikkje blir krenkt, men meiner dette må gjerast ved å vurdere kvar enkelt sak konkret, ikkje ved å sette opp eigne generelle vilkår som gjelde på tvers av ulike saker, seier han vidare.
Krev direkte varsling av biologiske foreldre
Bufdir tillèt adopsjon frå Colombia, men krev at biologiske foreldre blir varsla personleg om den siste høyringa og vedtaket om adopsjonen.
Adopsjonsforum argumenterer for at dagens praksis i colombianske barnevernssaker ivaretar partane sine rettar ved at foreldre blir varsla personleg, der det er mogleg, straks den administrative prosessen startar.
I løpet av sjølve prosessen får foreldre, slektningar og andre anledning til å fremme sine synspunkt.
Men sjølve vedtaket og varsel om den endelege høyringa blir berre varsla ved offentleg oppslag. Bufdir meiner dette ikkje er tilstrekkeleg.
– For å kunne godkjenne ein utanlandsadopsjon må heilt grunnleggjande krav til prosessen vere oppfylt og Noreg har eit sjølvstendig juridisk ansvar i kvar enkelt sak, seier Lotte Tvedt hos Regjeringsadvokaten, som fører saka for Barne- og familiedepartementet.

Advokat Lotte Tvedt frå Regjeringsadvokaten fører saka for Barne- og familiedepartementet.
Foto: Malene Laura Solheim / NRK
– Vi må vere heilt sikre på at rettane til den biologiske familien, og særleg foreldra, er varetekne for å vere trygge på at det er til kvar enkelt barns beste å bli adoptert.
– Det er i prinsippet fullt mogleg å gjennomføre adopsjonar frå Columbia til Noreg, så lenge det er godtgjort at foreldra har blitt prøvt varsla fleire gonger, seier ho vidare.
Ulovlege eller uetiske forhold
I 2024 stramma Bufdir kraftig inn på kontrollen av utanlandsadopsjonar. Grunngivinga var at det var for høg risiko for ulovlege adopsjonar.
Avgjerda kom i kjølvatnet av ei rekke mediesaker som hadde retta søkelyset mot norsk adopsjonspraksis.
I slutten av juni la granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar fram ein rapport.
Det har vore ulovlege eller uetiske forhold i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg, var blant det utvalet kom fram til.
Utvalet kom også med ei rekke forslag til styresmaktene. Mellom anna meiner dei at adopterte bør få betre hjelp til å finne informasjon om sin eigen bakgrunn og adopsjon.
Dei tilrår også at norske styresmakter samarbeider med opphavslanda for å gjere adopsjonsdokument lettare tilgjengelege.
Rapporten er no sendt på høyring.
Få tildelingar som vil bli godkjente
– Vi håpar retten ser barna i desse sakene, og at det er dei ein skal kjempe for. Opplevinga vår er at barna er gløymde, og det er dei som er dei store taparane her, seier Barlaup.
For familien Barlaup er det uansett for seint å få guten dei fekk tildelt.
Fordi prosessane i Noreg ville ta altfor lang tid, gav familien sjølv beskjed til Colombia i fjor haust om at dei måtte prioritere det som var best for barnet.
Colombianske styresmakter valde då å trekke tildelinga tilbake i eit forsøk på å finne ein annan familie til guten før det var for seint.

Torstein Barlaup i Oslo tingrett. Fordi prosessane i Noreg tok for lang tid, valde familien å seie frå seg tildelinga slik at colombianske myndigheiter kunne prøve å finne ein annan familie til guten.
Foto: Malene Laura Solheim / NRK
Fredag var siste dag i Oslo tingrett. Når dommen ligg føre, kan det potensielt ha stor innverknad på det norske adopsjonsfeltet.
– Saka kan bidra til å få avklart at dei krava Noreg stiller for å sikre trygge adopsjonar, der både barnet og den biologiske familien blir godt vareteken, er nødvendige og forsvarlege, seier Lotte Tvedt hos Regjeringsadvokaten.
– Kva får det å seie for Adopsjonsforum, og framtidige adoptivforeldre, om staten vinn rettssaka?
– Då vil situasjonen halde fram med å vere som i dag, som er at få tildelingar frå Colombia vil bli godkjende, seier Adopsjonsforum sin advokat, Ørjan Miri Haukaas.
Publisert


