Ein mann i 20-åra er sikta for drap på ein mann i 50-åra i Sandnes. Det skriv politiet i ei pressemelding måndag morgon.
Den fyrste meldinga om ei alvorleg valdshending i Sandnes, kom til politiet via AMK klokka 04.02. Politiet rykka med ein gang ut til adressa.
– Mannen som no er sikta vart pågripen på staden, og det er sett i gang etterforskning, seier politiadvokat Christine Kleppa.

Politiadvokat Christine Kleppa seier dei etterforsker saka breitt.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Fleire vitne avhøyrd
Etterforskninga er førebels i ei tidleg fase, og politiet opplyser at det er for tidleg å seie noko meir om sjølve hendingsforløpet.
Dei involverte har ein relasjon til kvarandre, og begge har ei tilknyting til den aktuelle adressa.
– Vi etterforskar saka breitt. Politiet har avhøyrd fleire vitne. Åstaden er sperra av og det vil pågå kriminaltekniske undersøkingar utover dagen. Det er for tidleg å gå inn på eventuelle beslag, da arbeidet er pågåande, seier Kleppa.
Det er sett opp sperreband frå politiet på eigedommen.

Ein person er pågripen etter ei alvorleg valdshending i Sandnes.
Foto: Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK
Publisert
Oppdatert


