Måndag sa kommunepolitikarane i Sokndal ja til å etablere mellom 7 og 8 nye vindmøller på Moldalsknuten i Sokndal i Dalane.
Onsdag gav også Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) grønt lys til planane.
Vindkraftverket blir dermed det første som får godkjenning i Noreg sidan 2017.
– Moldalsknuten er eit lite anlegg, men dette vedtaket er likevel ein viktig milepæl. Det er 9 år sidan NVE sist gav konsesjon til eit nytt vindkraftverk, seier Kjetil Lund, vassdrags- og energidirektør i NVE.
– Det kan kanskje også markere inngangen til ei tid der ein byggjer ut meir kraft i Noreg.

Kjetil Lund er vassdrags- og energidirektør i NVE.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Lovendring frå 2023
Evinys vindkraftprosjekt i Rogaland er det første i landet som har fått ja frå kommunepolitikarar etter vetoretten blei innført i 2023.
Lovendringa gav i praksis kommunane vetorett mot vindkraft, og har ført til at NVE knapt har tatt imot nye søknader om vindkraft på land dei siste åra.
– Det har betydd at mange prosjekt har blitt stoppa og forsinka i kommunane. Dette er den første konsesjon som har blitt gitt etter at dette regelverket tredde i kraft i 2023, seier Lund i NVE.
– Men det er også fleire prosjekt no som står for tur, så då får ein sjå kva som skjer. Det kjem an på kommunane sine behandling rundt om i landet, også så skal vi gjere vår vurdering i tillegg, legg han til.

Illustrasjon av det kommande kraftverket i Sokndal.
Illustrasjon: NVE / NRK
– Vi ofrar litt
Vindkraftprodusentane betaler produksjonsavgift og eigedomsskatt til kommunane.
Sokndal har også blitt lova ei direkte utbetaling på 2,5 millionar kroner, og årlege utbetalingar på rundt 5,2 millionar, skriv Dalane Tidende.
NVE fekk søknaden om utbygginga i august i fjor, og saman med kommunen blei det gjennomført høyring og folkemøte i september same år.
Begge instansane har jobba i parallell med å behandle saka. To dagar etter kommunestyret gav grønt lys, kunne NVE gjere det same.
Sokndal-ordførar Bjørn Inge Mydland (Sp) er glad for at behandlinga har gått såpass raskt.

– Vi har alltid måtte ofre litt natur for å kunne få ting til å gå rundt, seier ordføraren.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
– Men så tenke eg samtidig at det berre skulle mangle. Det er eit press frå alle om at vi ønsker meir kraftproduksjon, seier han til NRK i dag.
– Vi er jo på jakt etter inntekter til kommunen, som alle andre. Då er dette ein god sjanse til å få inn nokre kroner til å bruke på fellesskapet, og på vårt lokalsamfunn.
Ofre de nå naturen for å gi betre kommunale tenester?
– Vi ofrar litt. Samstundes er det vår historie i Sokndal. Vi har alltid måtte ofre litt natur for å kunne få ting til å gå rundt.
Skuffa: – Det er alarmerande
NRK møter ein skuffa Liv Ingrid Torkelsen i Sokndal Venstre. Ho stemte mot vindkraft i kommunen.
– Det er synd. Vi har brukt nok natur i denne flotte bygda, seier ho.
Liv-Ingrid Torkelsen
Gruppeleder, Sokndal Venstre
Foto: Arild Eskeland / NRK
Torkelsen visar til ein rapport av miljøorganisasjonen Sabima som visar at Sokndal er den tredje dårlegaste kommunen i landet på å bevare naturen (ekstern lenkje).
– Det er alarmerande. Vi trudde for nokre år sidan at det var miljøvennleg med vindkraft, men det er jo ikkje det. Dette er ein dårleg idé, seier politikaren.
Publisert


