– Skilsmisse? Nei, eg er framleis gift, svarar trenar Morten Jensen spøkefullt på ein pressekonferanse i Zagreb.
Viking er berre éin kamp unna ligaspelet i Meisterligaen.
Dei heldt Dinamo Zagreb til 2–2 i Kroatia etter ei meisterleg opphenting. No står klubbens viktigaste enkeltkamp for tur, heime i Stavanger onsdag 26. august.
Vinn dei den ventar Europas beste fotballag gjennom hausten.
– Forhåpentlegvis blir det ein fantastisk fotballfest for publikum. Og så skal vi trenarar vere audmjuke saman med spelarane og legge ein god plan, slik at vi ender opp i den Meisterliga-bollen, sa Jensen til NRK etter bortekampen.
Ikkje berre kjempar Viking om innpass i det gjævaste selskapet, men det skjer under ein heilt unik leiarstil.

UNIKT: Dei to trenarane har delt på rolla som hovudtrenar i Viking i seks år.
Foto: Carina Johansen / NTB
Vart intervjua til jobben saman
I ein kamp er det Bjarte Lunde Aarsheim som står oppført som hovudtrenar. I den neste er det Morten Jensen. I praksis styrer dei skuta saman, noko som er veldig sjeldan.
– Vi har kjent kvarandre i 15 år, så det er meir eit teamarbeid. Eit veldig godt ekteparforhold der vi oppdrar barn. Så vi har våre diskusjonar, men overfor spelarane er vi alltid klare over kva skal vi gjere.
Det svarte Jensen då ein utanlandsk journalist undra over rollefordelinga til duoen. Like etter kom spørsmålet om Jensen vurderte å skilje seg frå kona, grunna det tette arbeidet med Aarsheim.

Før kampen mot Dinamo Zagreb bedyra Morten Jensen at skilsmisse ikkje er aktuelt.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Under sendinga til den amerikanske TV-kanalen CBS vart leiarstilen eit tema. Då svarte administrerande direktør i Viking, Eirik Bjørnø, slik:
– Då intervjua skulle gjerast, møtte dei opp i lag. Det var deira idé.
Og slik starta Viking-eventyret tilbake i 2021. Ein pizzabit på ein hyttetur fylt med gode innspel var det som skulle til for at duoen ville stille som eitt trenarteam, med to likestilte trenarar.
I fjor vann klubben sin første ligatittel på 34 år, framfor eit knallsterkt Bodø/Glimt. NRKs ekspert trur dei vil bergta Europa.

Det vart gull til Viking og midtbanespelar Joe Bell i fjor.
Foto: Carina Johansen / NTB
– Godt å ha nokon som har ryggen din
Dei to trenarane har delt på rolla som hovudtrenar i Viking i seks år.
Bjarte Lunde Aarsheim meiner det er mykje bra med å jobbe i tospann, og peiker og på at dei har eit heilt team i ryggen.
– Det er krevjande å vere topptrenar i både Noreg og i utlandet. Det blir ofte sagt at det er eit einsamt yrke. Vi kan på sjonglere og dele oppgåver som gjerne stel energi, seier Aarsheim.

Bjarte Lunde Aarsheim og Morten Jensen har kjent kvarandre i 15 år. Framleis er dei ikkje lei av å jobbe saman.
Foto: Erik Waage / NRK
Morten Jensen trekk parallellar til næringslivet, og seier det heile liknar på å starte eit firma.
– Vi «gründer» og forvaltar eit lag og prøver å utvikle det til å prestere. Då er det ganske altoppslukande, og du bruker all di tid, krefter og energi. Det er godt å ha nokon som har ryggen din, seier han.
NRKs fotballekspert, Carl-Erik Torp, trur radarparet vil vekke oppsikt på kontinentet når Viking spelar fleire store kampar utover sesongen.
– Det er jo heilt unikt. Og no skal inn i Europa uansett korleis det går, og då kjem dette til å bli ein stor snakkis. Det er jo helt utenkeleg at ein skulle hatt to Premier League-trenarar som var fullstendig likestilte.

POSITIV: Carl-Erik Torp gleder seg til å sjå Viking ute i Europa denne hausten.
Foto: Anders Boine Verstad
Han trur ideen kan spreie seg om klubben gjer det bra denne hausten.
– Det kan jo potensielt starte ein tanke andre stader også. Det opnar opp for ein annan type løysing som sikkert folk vil diskutere. Og det nok kanskje det som vil bli hugsa mest utanfor landegrensene av Viking denne sesongen.
For det er ingen automatikk at to gode trenarar skal fungere som eit lag, meiner eksperten.
– Det er jo veldig stor rot til konflikt. Så det er kanskje det mest imponerande eg ser frå utsida. Dei fungerer, dei løyser vala heile tida på ein god måte utan at dei føler at dei blir sidesett.
– Undrar meg over at ikkje fleire gjer det
Thor Steinar Sandvik var styreleiar i Viking då trenarduoen vart tilsett. Han seier dei fyrst hadde samtalar med dei to trenarane kvar for seg, men at dei så vart samde om å halde fram med prosessen som eit team.
I dag er Sandvik framleis særs engasjert i klubben, og er òg på eigarsida. Han meiner dei to trenarane fyller kvarandre ut på ein god måte.
Der Bjarte Lunde Aarsheim er ein stillferdig fotballtenkar, er Morten Jensen fritalande og betre på å ta ordet. Det gjer begge to meir overskot, trur Sandvik.
– Å skulle fronte Viking åleine som ung trenar, der ein må svare på tusen spørsmål på tre dagar, røyner på. Begge har jo òg familie og den eine har små ungar. No har dei kvar sine kampar. Eg undrar meg over at ikkje fleire gjer det, seier han til NRK.

Thor Steinar Sandvik trakk seg som styreleiar i Viking i 2020 og er her avbildet i den anledning. Framleis banker hjartet for klubben.
Foto: NTB
Bjarne Berntsen hadde dei to trenarane som assistentar i perioden 2018–2020. Saman rykka dei opp til Eliteserien og vann cupen. Berntsen meiner og at dei to har kvalitetar som passar godt saman.
Til NRK seier han at han gler seg stort over utviklinga i laget og i klubben.
– Dei har utvikla seg sjølve og laget heile tida. Det skal dei ha stor honnør for. Dei var veldig sentrale i den perioden me var saman. Eg såg ikkje på overgangen som enorm då dei tok over, utover at dei blei ansikta overfor omverda.

Trioen Bjarte Lunde Aarsheim, Bjarne Berntsen og Morten Jensen jublar saman under koronasesongen i 2020.
Foto: Carina Johansen / NTB
Suksessen dei siste åra har gjort både Viking-spelarar og trenarar ettertrakta. Enn så lenge vil ikkje trenarduoen gjere noko anna enn å trene Viking.
– Visst vi verkeleg ville, så kunne vi gjort noko anna, men vi trivst sjukt godt her i Viking. Så lenge byen og Viking vil ha oss her, er vi innstilt på å vere her lenge, avsluttar Jensen.
Publisert


