
– Eg er kjempeglad og takksam, seier John Harris-Christensen i Haugesund.
For seks år sidan fekk han den nedslåande beskjeden om at han hadde fått beinmergskreft.
Han har vore gjennom cellegift og immunterapi.
Nå tar han tablettar for å halde kreftsjukdommen i sjakk, og kvar månad reiser han til Oslo for å få vite om behandlinga verkar eller ikkje.
At Noreg innfører CAR-T-behandlinga Carvykti gir nytt håp for familiefaren.
– Nå håpar eg styresmaktene får opp kapasiteten så raskt som mogleg, sånn at eg og dei 150 pasientane som treng denne behandlinga kan dra nytte av dette ja-et, seier Harris-Christensen.
Tre rundar før det blei ja
I mars sa beslutningsforum for nye metoder nei for andre gong og bad Sykehusinnkjøp forhandle pris på nytt.
Mindre enn tre månader seinare var behandlinga igjen på sakskartet og i dag blei det ja.
– Vi har diskutert saka grundig og landa på at vi nå kan innføre Carvykti til pasientgruppa, seier Jan Frich, leder av Beslutningsforum i ei pressemelding.
– Dette er verkeleg ein gledas dag! Vi i Kreftforeninga er utruleg glade for at Noreg seier ja. Dette er ei behandling som gir mange, mange ekstra leveår for alvorleg sjuke pasientar. Det viser også at vi satsar på framtidas kreftbehandling, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeninga.
Hadde trua den tredje gongen
Overlege på Oslo universitetssjukehus og leiar for Oslo myelomatosesenter, Fredrik Schjesvold, kallar behandlinga den beste nåverande kreftbehandlinga.
Han hadde trua på at det skulle gå vegen denne gongen.
Både Danmark og Noreg har tidlegare innført behandlinga.
Kreftforeningen anslår at 150 pasientar treng medisinen.
Publisert
Oppdatert


